søndag 22. august 2021

Fjell med fjordutsikt: Hest (1062 moh) på Nessane

Flott utsikt over Sognefjorden frå Hest

Å gå på fjelltur er meir populært enn nokon gong, og særleg fjell med fjordutsikt er blitt ein stor hit når det gjeld populære turmål. Mange stader har opplevd stor turistauke som følgje av nettopp det. Molden i Lustrafjorden er eit klassisk eksempel på dette. Eit turmål som er oppnåeleg for dei fleste og som belønnar deg med ei utruleg utsikt når du kjem på toppen! Tilsvarande har du også Bakkanosi og Breiskrednosi i Nærøyfjorden. Dette er litt meir krevjande turar med mange kilometer og høgdemeter, men utsikta på toppen er upåklageleg og slitet for å nå toppen vert fort gløymt! Bøttejuvet i Årdal er også ein fjelltopp som eg har inntrykk av at mange har besøkt i løpet av sommaren. I Balestrand finn du dei 4 flotte toppane: Raudmelen, Vindreken, Keipen (Sognefjorden sitt svar på Trolltunga) og Tjuatoten. Underleg nok har ikkje desse turane tatt heilt av på sosiale medie endå, men dei er på god veg! Og med all grunn for makan til flotte turar skal du leite lenge etter! I Balestrand kan du ta deg eit 3-4 dagars opphald og velje og vrake i flotte fjelltoppar med panoramautsikt. 

Eg kan halde fram med å nemne mange flotte turmål langs Sognefjorden - for her bugnar det nemleg av fine turar. Eg synast det er ekstra kjekt å slå eit slag for dei turane som endå ikkje er så kjende og der du slepp å møte så mykje folk. Om det er eit ynskje..... 

Eg vil derfor tipse deg om ein flott fjelltur litt lenger ute i fjorden - på Nessane. Nessane tilhøyrde tidlegare Balestrand kommune, men ettar at Balestrand vart samanslått med Leikanger og Sogndal, så fekk Nessane tilhøyre Høyanger kommune i staden. 

Fjellet har det kanskje litt uorginale namnet Hest - for fjell med "Hest" i namnet har vi mange av: Berre nokre steinkast lenger inne fjorden ligg det eit anna fjell som også heiter Hest. I Jostedalen finn du eit fjell som heiter Hest, og for ikkje å snakke om alle dei fjella som har namnet -hest i tittelen: Storehesten, Lisjehesten, Hesteggi, Laukelandshesten, Romehesten - ja, for å nemne nokre. 

Så for at det ikkje skal vere noko tvil om kva fjell vi snakkar om: Dette turtipset handlar om Hest på 1062 moh på Nessane i Høyanger kommune. 

Kartutsnitt som viser kor Hest ligg i forhold til Nessane. Toppen og startpunktet er markert med raud ring. (kartutsnitt frå ut.no). 


Turskildring Breistølvegen - Hest: 

På ut.no er det skildra ikkje mindre enn 4 alternative ruter til toppen. Fleire av desse går frå fjorden av opp, men du kan spare deg nokre høgdemeter ved å køyre opp i Nessadalen. Frå du tar av frå RV 55 ved Nessane, er det drøye 5 km opp i dalen til Dalen. Du kan så velje om du vil parkere inst i dalen eller betale kr 30 i bompengar på Breistølvegen for å kunne køyre eit lite stykke lenger. 

Lengd: ca. 3,5 km ein veg

Stigning: ca. 650 høgdemeter

Tidsbruk: ca. 1,5 time opp

Ved parkeringa er det skilta ruter til Breistølen og ein rundtur som kjem ned att i Tenndalen. Du skal ikkje følgje desse, MEN gå over brua. Der finn du raude merke som du kan følgje heile vegen til topps. Merkinga er veldig god å ha, for stien ber ikkje preg av å vere altfor mykje brukt og er stadvis vekke. Stien slynger seg også ein god del oppover - nokre gonger kan det kjennast som du går feil veg, men set di lit til at raudmerkinga fører deg til rett stad! 

Denne vandraren møter deg på parkeringa


Eg har ikkje prøvd å gå dei andre rutene til topps, men ut i frå merkinga frå toppen og nedover, så ser det ut til at desse er like godt merka som den ruta vi gjekk. I omtalen på ut.no  står det også at dei er merka. Rutene frå fjorden vil i større grad gje deg fjordeutsikt heile vegen. 

Eg vil anbefale at du tar turen frå varden (toppunktet) og fram på kanten slik at du ser ned til Nessane og får endå betre utsikt utover og innover fjorden. 

På veg fram på kanten frå varden

Utsikt ned til Nessane og utover fjorden

Utsikta innover fjorden - mot Finnabotn og Vik

Vi møtte berre ein person på turen vår - på ein godvèrsdag i ferien! Så her er per no ingen fare for fulle parkeringsplassar eller at du må gå i kø om du vel denne turen! Det vi derimot såg ein del av - det var molter. Så medan vi høyrde på avslutninga av Norge sin semifinalekamp i handball under OL - der dei måtte innsjå at draumen om gullmedalje gjekk tapt, så kunne vi i staden gå omkring og hauste av skogens gull!



Nokre fleire bilete frå turen: 



Siste meterane opp mot varden på toppen



søndag 28. februar 2021

Trollehola på Husevågøy

Trollehola på Husevågøy

 "Hei, Liv Janne," sa ein bekjent av meg då eg møtte han i skiløypene på Langeland i vinter, "den bloggen din er berre sååå bra!" Litt unnskyldande måtte eg no seie at "Jo, takk, det var kjekt å høyre, men no er eg no ikkje så veldig aktiv lenger...". "Ja, men den har jo ufatteleg mange gode turtips, så den brukar vi aktivt og eg kjenner mange som  skryt av den!". Eg har ikkje snakka med vedkomande på fleire år, så det var særs uventa å høyre, men ikkje desto mindre kjekt! Med jamne mellomrom kjem det liknande kommentarar frå folk eg møter, både kjente og meir ukjente - så det er tydeleg at bloggen lever livet sitt sjølv om eg ikkje oppdaterer så ofte. Men det gjev jo sjølvsagt inspirasjon og lyst til å skrive meir - berre eg tar meg tid til å prioritere det!

Så dette innlegget er inspirert av alle dei som har gitt meg fine tilbakemeldingar -TAKK alle saman! Og eg håpar at DETTE innlegget vil gje deg inspirasjon til å turen til ei øy som du kanskje ikkje elles hadde tenkt du skulle besøke!  

Øya Husevågøy vart sett opp på lista over ynskte turmål før sommaren i fjor - inspirert av det flotte turmålet Trollehola. Ein tur til Husevågøy passar fint både som dagstur eller helgetur med overnatting i telt. Sidan det er korte avstandar på øya og lite biltrafikk, går det også fint å setje att bilen på kaia og ta med seg sykkelen over på øya. 

Kartutsnitt over Husevågøy frå ut.no

Husevågøy er ei øy i Kinn kommune og ligg ytterst i Nordfjord mellom Bremangerlandet og Vågsøya.  Arealet er 9,3 km2 og øya har om lag 30 fastbuande. For å kome dit må du ta ferja som går mellom Måløy og Oldeide. Frå ferjekaia er det 5,5 km til busetnaden i Husevåg som er startpunkt for tur til både Trollehola og topptur til Rønelden (321 moh) eller Kletten som den blir kalla lokalt. 

Vi rakk ikkje turen til Husevågøy i løpet av sommaren, men brått dukka det opp som ein moglegheit i vinterferien då vi hadde planlagt ei overnatting på DNT-hytta Kråkenes fyr. Vinteren som var både kald og fylt av skiturar for eit par veker sidan, er no blitt til vår på 1-2-3 og tid for fotturar igjen. 

Etter til dels regnfulle dagar, hadde yr lova at det skulle glimte til av sol i løpet av dagen. På vegen mot Oldeide, dryppa regndråpane jamt og trutt og skodda låg langt ned mot sjøkanten. Men vi såg at det gradvis letta og vel over med ferja og mot Husevåg, så dukka sola plutseleg opp. 


Turen til Trollehola og Kletten startar ved ein nedlagt skule som i dag fungerer som eit ope grendahus. Her kan du gå inn og varme deg, gå på do, ta ein kopp kaffi og lese ei bok medan du ventar på ferja.

På veg mot Trollehola, stig du først oppover til 99 moh, før du går ned att til sjøkanten, vandrar langs denne før du skal opp 40 bratte høgdemeter til hola. Nesten på høgaste punktet på turen - etter drøye 500 meter, kjem du til stidele mellom Trollehola og Kletten. 






Vi valte først å gå til Trollehola sidan det framleis låg litt tåke på toppane. Frå start og fram til hola er det 2,6 km. Mykje våte parti på turen, så greitt å ha støvlar eller gode fjellsko om du vil unngå å bli søkkande våt. Elles lettgått tur og godt merka. 



Undervegs på turen, går du også forbi nokre helleristningar som er merka med eit attraksjonsskilt. Dei var ikkje veldig synlege, så sjansen for at du hadde gått rett forbi om det ikkje var merka, er veldig stor. 

Sjølve Trollehola er 20 meter høg og 30 meter djup. Vi skimta nokre sauer som beita i området, men dei sprang avgarde då vi nærma oss. Vel oppe i hola, erfarte vi at hola var ein populær plass for desse dyra - det var fullt av saueskit i heile hola. Vi fekk ikkje veldig lyst til å verken dette eller setje oss ned å ete nista i hola for å seie det slik.... Lukta var også noko intens. Men vi måtte jo sjølvsagt inn og utforske hola uansett! 






Vi hadde 5 timar til rådvelde på øya før vi skulle ta ferja vidare til Måløy, og tenkte vi hadde veldig god tid! Men når ein kosar seg med å utforske, kjenne på sjøen, ta bilete og ta seg god tid med niste, erfarte vi at klokka gjekk veldig fort likevel. Planen var jo også å rekke oppom Kletten/Rønelden på returen. 






Frå start og opp til toppen av Kletten er det 1,6 km. Sidan det er same startpunkt som Trollehola, vart det ein avstikkar på drøye kilometeren èin veg for oss. Litt bratt stigning siste stykket opp til toppen og med utlagt tau enkelte plassar. Vel oppe på 321 moh, fekk vi ei spektakulær utsikt mot naturreservatet Klovningen og det berykta Stadhavet. Det blir sagt at toppen blei brukt i samband med eit varslingssystem der ein tente opp bål på spesielle toppar slik at folk som såg bålet blei varsla om farar som var på veg. 

Frå Kletten (321 moh) ser ein over til Vågsøya og Måløy sentrum

Utsikt ned mot busetnaden i Husevåg - startpunkt for turen

Øya og naturreservatet Klovningen



Vel nede att ved bilen, hadde vi framleis ein god halvtimes margin til ferja. Og tåka kom atter ein gong sigande frå aust og dekka til toppen vi nett hadde vore på! Snakk om å ha tima vèret godt! Vi skulle gjerne hatt endå meir tid til å utforske øya, og det er fleire turmål som fristar, men det får vi ta att ein annan gong. Uansett vart dette ein dag å bli glad av, og ein tur å anbefale både for store og små! 

torsdag 25. juni 2020

Ti turtips i Sunnfjord kommune

Ti tips til turar og destinasjonar i Sunnfjord kommune:

Om du spør meg om dei ti beste turtipsa i Sunnfjord kommune, så får du ikkje noko svar. Det er for det første at vi har så ufatteleg mange fine turar å velje mellom, og for det andre så er det høgst individuelt kva ein opplever som fin tur. Den turen eg likar best, kan vere ein forferdeleg eller kjedeleg tur for andre - og omvendt. Men ber du meg plukke ut 10 fine turmål eller turdestinasjonar, så kan eg lett ramse opp desse - for så å gjerne kome med ei anna liste ein annan gong! 

Avisa FIRDA intervjua meg om fine turar, og her er dei 10 tipsa eg kom med for turar i Sunnfjord kommune (eg har linka til turskildring på bloggen eller ut.no dersom eg har det): 

 1)  Storehesten (1209 moh) og Lisjehesten (912moh)

«Nærast er du når du er borte, noko er borte når du er nær»…heiter det i diktet til Tor Jonsson. Det gjeld ikkje berre kjærleiken, men også for dei tinga vi har rundt oss kvar dag. Dei tinga som vi ser så ofte at vi nærast blir blind for at dei faktisk er der – slik er det med fjellet Storehesten – majesteten i Sunnfjord. Nettopp fordi vi har sett fjellet så mange gonger, så gløymer vi nesten kor særprega fjellet faktisk er! Dette fjellet burde fått mykje meir omtale, og har potensiale til å bli like populært som Slogen eller Saksa på Sunnmøre. Storehesten er ein av dei flottaste fjella i Sunnfjord og bør besøkast av endå fleire. Ved sidan av finn vi Litlehesten (912 moh) – den står ikkje tilbake for Storehesten verken når det gjeld turoppleving eller utsikt. På vegen opp til desse to fjella, finn vi også dagsturhytta Skaraly og er eit lågterskelturmål for dei som ikkje går heilt til topps.

2) Opplev idyllane langs Hestadfjorden og Viksdalsvatnet

Nydeleg fint å sykle eller padle i Hestadfjorden og Viksdalsvatnet, eller ta ein fjelltur om du vil! 

Vel du dette turmålet, vil du kunne  oppleve idyllar på rekke og rad. Ta med deg sykkelen, parker på Sande og sykle austover mot Viksdalen, langs sørsida av Hestadfjorden og langs heile Viksdalsvatnet. Totalt blir det 5 mil t/r. Du kan også ta kajakken eller kanoen, og legge ut litt aust for Eikelandfossen (ved Horsevik eller Kjelstad) og padle nesten 2 mil heilt til Viksdalen. På vegen kan du ta ein stopp ved Hestad kapell eller bade ved den flotte badestranda som ligg der. Dersom du ynskjer fotturar, er det få plassar som byr på så mange stølar med idyll eller utsikt – eg vil særskilt anbefale Aarnesstølen, Kjelstadstølen, Rørstadstølen, Årteigstølen og Tormodsetstølen. For toppturar kan eg nemne Årnesholten, Kjelstadnakken, Snøheia og Holtsnipa.

3)  Lundeskaret og Tverrfjellet

Lundeskaret er ein fjellklassikar i Jølster og har i mange år vore nytta av turlaget. Stien er bratt – veldig bratt – men godt tilrettelagt med sherpatrapper einskilde stader. Turen startar ved tunnellopninga i Fjærlandstunnellen, og går langs elvefaret eit lite stykke før den svingar opp mot skaret. Det er tidvis luftig, men trygt å gå. På toppen av Lundeskaret får du utsikt mot Lundebreane, og har du litt ekstra krefter att, så bør du gå vidare til Tverrfjellet for å få utsikt over Kjøsnesfjorden. Eit anna flott alternativ er å gå til Søgnesandnipa.

  

4)     4) Fjellferd langs Førdefjorden: Redalen –Naustdal

Tidlegare Naustdal kommune gjorde ein god jobb med å merke stiar i kommunen – noko som førte til stor auke i turgåarar på desse toppane. Dette gjeld t.d. Steinkorsen, Smådalsnipa og Naregga. Dette er flotte turar, men kva med å vandre på langs av landskapet? Langs Førdefjorden kan du gå ein 16 km lang tur på merka stiar. Turen går som følgjer: Redalsgrend – Nordvikstølen – Nordvikstølsvatnet – Langeheia – Blåfjellet – Bygdahaugen – Steinkorsen – Vindkjegla – Naustdalslia.

 5) Angedalen på langs

Eitt anna alternativ til å gå på langs av landskapet er å gå Angedalen på langs. Det høyres lengre ut enn det er – heile turen er 17 km og 1200 høgdemeter stigning. Start t.d. ved Angedalen bru – Skaret (340 moh) – Ørnefjellet (653 moh) – Kariknausen (ca. 700 moh) – Skogstadfjellet (727 moh) – Nova – Tynningen (ca. 450 moh) – Stølsfjellet (724 moh) – Høgeheia (766 moh) – Eikåsnipa (826 moh) – Flugedalen – Ryggjabrua.

 6)  Skjorta (1472 moh)  i Jølster

Fjellet Skjorta bak til venstre - sett frå Sårheimstøylen

Fjellet Skjorta ligg også som ein majestet der den stuper 1400 meter ned i Breimsvatnet, og er eit landemerke frå E39 på nordsida av Breimsvatnet. Den mest brukte ruta går frå Helgheimsstøylen i Jølster og er omtalt på ut.no. Ca. 15 km t/r

 7)  Destinasjon Gaularfjellet

Kunstverket Mirage som er sett opp i nærleiken av Torsnesstølen på Gaularfjellet

For mange er Gaularfjellet ei uoppdaga perle på sommaren, men det er like fint å gå tur der på sommaren som det er å gå på ski på vinteren. Det er mange turmål å velje i, og det meste kjente er Fossestien – totalt drøye 2 mil som du kan dele opp i ulike etappar. Du kan også gå gamle ferdselsvegar over Sværeskaret og ned i Sværefjorden i Balestrand. Ein flott fjelltopp er Gottoppshesten som ligg rett over utsikten på Gaularfjellet. Det er ulike andre turmål som Skarvedalsvatnet, Frøyslandsstølen, Myranova og Risbotn. Du finn også tidlegare Gaular kommune sine høgaste fjelltoppar i dette området – Geitebotsfjellet og Skarfjellet.

 8)  Kvannebakkbu i Stardalen

Ei av mine flottaste turopplevingar har eg frå Kvannebakkbu i Stardalen. Vi gjekk opp ein ettermiddag i full tåke med tilnærma null sikt, men GPS-spor viste oss veg. Vi overnatta i Kvannebakkbu – som er ein naudbu for fjellfolk som ferdast over breen – og eg såg ingenting av kva som var rundt meg. Våkna neste morgon og såg framleis berre kvitt utanfor – men då var det breen som var komt til syne, og vi kunne gå ut og nyte ein fantastisk soloppgang i speglande blå himmel!

9) Grovanipa (1143 moh)

Grovanipa sett frå Jølstravatnet
Grovanipa sett frå vegen langs Jølstravatnet. Foto henta frå ut.no - fotograf: Anne Cecilie Kapstad

Fjell som er godt synleg og gjerne litt markante når du ser dei frå bilvegen, er attraktive turmål. Grovanipa er også eit slikt fjell som skil seg ut når du køyrer nordover langs Jølstravatnet og nærmar deg Skei. Det blir påstått at det er eitt av dei mest fotograferte fjella i Jølster. Fjellet er også ved fleire høve måla av Nikolai Astrup. Du må like å gå motbakkar om du skal opp på dette fjellet – 1000 høgdemeter og ca. 30-35 grader helling. Men utsikta du får på toppen er definitivt verdt det!

10 ) Laukelandhesten (678 moh)

Laukelandshesten kallar eg for lisjebroren til Storehesten, nettopp fordi den ser ut som Storehesten i miniatyr. Fjellet har vore ein turfavoritt i mange år og har etter kvart byrja å bli kjent for ein del sunnfjordingar. Synast du Storehesten blir drøy, så er dette eit fullgodt alternativ. I løpet av 1-1,5 time er du på toppen og får ei storslagen utsikt over Dalsfjorden. Vi har gått rute både frå baksida og framsida av Laukelandshesten, og vil definitivt anbefale ruta på framsida. Det ser skumlare ut enn det er!