søndag 24. november 2013

Å få auga opp for Storehesten (1209 moh)!

Storehesten som ruvar 1209 moh er lett å leggje merke til med si markante form!

"Nærast er du når du er borte, 
noko er borte når du er nær"...

.....heiter det i diktet til Tor Jonsson. 

Dette gjeld ikke berre for kjærleiken, men også for dei tinga vi har rundt oss kvar dag.
Dei tinga vi ser så ofte at vi nesten blir blind for at dei faktisk er der!

Eg tar meg sjølv i at det er blitt slik når det gjeld forholdet mitt til fjellet Storehesten (1209 moh) i Bygstad i Gaular - eller Kvamshesten som det står på kartet.

Fjellet eg har sett på sidan eg var lita jente,
fjellet vi ser kvar gong vi køyrer frå Sande til Førde (eller omvendt),
som kneisar midt i mot oss når vi køyrer mot Bygstad eller Dale,
og som vi ser meir eller mindre frå "alle" fjelltoppar i Sunnfjord og omegn.

Storehesten tar du sjeldan feil av, 
med si markante form er den lett å kjenne igjen.
Og det er alltid stas å kunne sjå til Storehesten når ein er på fjelltur! 

Men nettopp fordi eg har sett på fjellet så mange gonger, 
så blir eg nærast blind for kor særprega fjellet faktisk er!

Eg er 100 % sikker på at dersom eg hadde vore oppvaksen ein annan stad i landet,
og kom køyrande på E39 mellom Sande og Førde for første gong, 
så ville eg garantert lagt merke til dette fjellet!
(med atterhald om at det ikkje låg dekt i tåke sjølvsagt....).

Og eg kan forestille meg korleis samtalen ville foregått i bilen vår: 
"Oiii, sjå det flotte fjellet!"
"Fantastisk!"
"Vi må nesten stoppe å ta bilete!"
"Går det an å gå opp dit, tru? Det ser frykteleg bratt ut, men kanskje på baksida?"
"Kva heiter det, vi må heim og sjekke på kartet.... dette fjellet må vi opp på!"

Storehesten fortenar absolutt omtale i ein blogg som primært handlar om turar i Sunnfjord,
ja, det er nærast ei skam at det ikkje har kome før.....
men fordi eg har blitt "blind", så kan eg heller ikkje skryte av å ha vore der så veldig mange gonger. Og sist gong var før denne bloggen vart starta....

Eg har vore der, og derfor blir den gjerne ikkje prioritert som turmål, 
- vi prioriterer jo som regel gjerne nye toppar!
Dessutan ligg fjellet så nært oss at vi tenkjer at det kan vi alltids ta igjen seinare. 
Dei siste somrane har vi sagt: 
"I år MÅ vi ta turen opp på Storehesten igjen, det er altfor lenge sidan sist!"
Men det har blitt med tanken....

.....heilt til i haust!
Ein fin septemberdag tok eg fri frå jobb, 
og tok turen åleine. 
Det er ikkje så ofte eg går såpass lange turar åleine, 
men det går faktisk veldig fint :)

Turen er godt merka, 
og trass i at eg ei kort stund var noko skeptisk grunna meir og meir tåke,
hadde eg ikkje noko problem med å sjå neste varde. 
Eg treng ikkje gje utfyllande detaljar om turen,
for den er godt omtalt mange andre stader: 
Sjølvsagt har fjellet sitt eige motbakkeløp - Storehesten Opp,
og går du inn på sida deira: www.storehestenopp.no
så finn du også ut korleis du sjølv kan finne fram dit. 
Eller du kan lese turomtale på UT.no sine sider.
(Eg starta turen min ved enden av Rytnevegen ved Berge i Bygstad, 
og som er det som er foreslått på ut.no sine sider.) 

Turopplevinga mi vert derfor først og fremst skildra i bilete, 
og kva passar vel betre enn det når ein skal "få auga opp for Storehesten!"?


Storehesten før og etter turen: før start og undervegs til toppen var den delvis tåkelagt,
på veg ned att forsvann til slutt all skodde!


På grunn av motbakkeløpet, har det blitt gjort mykje tilrettelegging av stien.
Så det er nesten så du kan gå på sokkelesten heile vegen....

Kårstadstølen ligg ved foten av Storehesten. Det ser bratt ut, men normalruta går rundt fjellet, rundar heile baksida og opp på vestsida av fjellet.
Du kan også gå opp eggja til høgre (austsida) i biletet om det er tørt føre.

Fin utsikt i retning Bringeland, Skilbrei og Førde. Men snudde eg meg andre vegen, var det heller tåkefylt.
Oppe ved Skardavatnet. Tåka ligg framleis over toppen av Storehesten.

Ved Grunnevatnet ligg ein flott gapahuk som det kan vere fint å søkje ly i
dersom ein skulle kome ut for dårleg vær. Og det kan skje....

Vi rundar rundt dette vatnet også før vi startar oppstigninga mot toppen. 
Oi, oi, oi - tåka blir tettare og tettare. Kor tett kan ho bli?
Men eg hadde heile tida god sikt til neste varde, så det var ingen problem.
God merking!

Endeleg - toppen er nådd!

Tåka byrja å lette, og eg fekk nyte utsikta i korte, men stadig lengre glimt!

Eg ser ned att til Bygstad, innerst i Dalsfjorden
Lisjehesten er - som namnet tilseier - lillebroren til Storehesten med sine 912 moh.
Eit turmål som står på ynskjelista mi :)
Utsikta til Lisjehesten følgjer deg heile vegen opp mot Storehesten.  

Og vel nede att ved Skardavatnet, så var tåka heilt vekke frå Storehesten....typisk!
Men utsikta til områda rundt har eg sett før, så for min del var det ikkje så farleg.
Det var uansett ein fin, fin tur!

Sidan eg ovanfor skreiv at Storehesten ser du "meir eller mindre frå alle fjelltoppar i Sunnfjord og omegn", så tar eg med nokre bilete frå tidlegare turar der vi har sett til Storehesten - og der vil du også tydelegare sjå den markante og lettkjennelege forma som fjellet faktisk har: 


Først ut er frå ein tur til Bergsheia i august i år (som vi enno ikkje har fått blogga om) - Bergsheia ligg rett sørvest for Storehesten: 
Ved varden på Bergsheia ser vi rett bort på Storehesten

Tåka ligg ofte og lurer rundt Storehesten

Vestsida av Storehesten - frå stien opp mot Bergheia
Ved Bergsstølen som ligg på Bergsheia. Storehesten i bakgrunnen. 


Sidan vi no er i den kalde årstida, så kjem det også nokre flotte vinterbilete av Storehesten: 
Storehesten, Lisjehesten og Blegja - sett frå tur opp til Kjelstadnakken frå Sundsdalen 12.12.12

Her er også Storehesten sett frå tur til Kjelstadnakken i des-12

Lisjehesten og Storehesten sett frå Halbrendsnipa i des-13

Baksida av Storehesten (og Lisjehesten til venstre) sett frå tur til Steinkorsen i januar-13.
Sælastølane i front. 

Storehesten sett frå vintertur til Klungeren frå Masdalsgjerdet

Storehesten sett frå varden på Klungeren

Langt vekke, men likevel nær: "Nærast er du når du er borte".....
Her ser vi Storehesten på tur til Rimmane på Rørvikfjellet.


Og ynskjer du å sjå Storehesten i fugleperspektiv for å danne deg eit endå betre inntrykk, 
så kan du klikke på denne filmen på youtube: 







9 kommentarer:

  1. Gløymer aldri første gong eg såg Storehesten - det var eit slikt augneblikk. Det var ein klår septemberdag med melis på toppen. Dit må vi! - sa vi - og det gjorde vi nokre veker seinare. Fjellet vart favoritten vår det året vi studerte i Førde, og vi var der til alle årstider. Den fortjener verkeleg eit innlegg eller to ja :) Fine bilde - flott fjell!

    SvarSlett
    Svar
    1. Har endå til gode å oppleve Storehesten på vinteren, så kanskje det får bli årets prosjekt??

      Slett
  2. Jeg har aldri vært her, men leste alt du skreiv, så på bildene og filmen, det var vel anvendte 15-20 minutter. Utrolig flott, og det irriterer meg at jeg ikke var mer turbevisst da jeg studerte i Sogndal og Volda, så kunne jeg kommet meg hit. Jaja, det er aldri for seint. Takk for flott blogg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord! Det er aldri for seint, nei ;) Studerte sjølv i Sogndal i 4 år, og angrar også på at eg ikkje utforska fjella meir den gongen.... men alt har si tid, også når det gjeld interesser ;)

      Slett
  3. Kor lang tid må ein rekna på turen opp og ned?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det spørs litt kva form du er i... det er ein noko krevjande tur og som gjerne slår ut tidsmessig dersom ein ikkje er vant til å gå i fjellet. Men er du fjellvant, så går det veldig greitt unna sidan stien også er godt tilrettelagt. Ser det står 4 timar ein veg fleire stader (på Ut.no og i Opptur Sogn og Fjordane), men då har du VELDIG god tid! (Eg brukte 4 timar t/r). Eg ville rekne 2-3 timar opp til toppen, og noko kortare tid ned igjen (om du skal gå i eit noko lunde greitt tempo)

      Slett
  4. Det der var virkelig en kjempe flott tur!! Så fint landskap, fjell, vatn og en skikkelig tøff gapahuk :)) hadde eg berre bodd nærmere, så skulle eg absolutt gått dit opp!

    SvarSlett
  5. Helge Kårstad6. mai 2015 kl. 19:20

    Glimrende bilder og tekstar:)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!