Dagsturhytter i Sogn og Fjordane

Draumekvila på Sandane var den første dagsturhytta som kom på plass. Denne utmerkar seg både med utsikt og tilrettelegging. Det ligg i Trivselsskogen som er eit unikt opplevelsestilbod i skogen!

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er eit lågterskeltilbod for turgåarar, og det er/blir sett opp ei hytte i kvar kommune. Alle hyttene er like, dei er 15 kvm og er i utgangspunktet utan verken varme, straum eller sanitæranlegg. Ein del kommunar har likevel bygd utedo, installert solcellepanel eller varmenomn. Hyttene skal vere ein plass å ete matpakka si, få i seg litt varme og bla i bøker. Kvar hytte har nemleg sitt eige minibibliotek - med nynorske bøker, primært barnebøker. 
Nynorsk turbibliotek
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftslivFysisk aktivitet for alle.
Vi har tenkt å besøke flest mogeleg av desse hyttene - først og fremst fordi det er flotte turmål i seg sjølv og mange av hyttene er på plassar vi ikkje har gått før og mange har er plassert med flott utsikt. 
Sogn og Fjordane fylkeskommune har også samla oversikt over hyttene med turomtale - denne finn du her
Eg har blogga om våre dagsturhyttebesøk - og det blir truleg fleire av dei - så derfor tenkte eg at det kunne vere nyttig å samle link til alle innlegga på èi side. Alle hyttene har sine kvalitetar, så det er vanskeleg å peike ut èin favoritt - men Draumekvila på Sandane er den hytta som førebels har mest tilrettelegging i området rundt hytta med stinett og opplevingar. Dette var då også den første hytta som kom på plass, og eg veit at mange har gode planar for sine hytter, så det kjem nok mykje spanande etterkvart! 
Steinkorshytta i Naustdal ligg vakkert til nesten på toppen av fjellet Steinkorsen, og turen opp til hytta er ein flott utsiktstur.
Her er blogginnlegg frå hyttene som vi har besøkt: 

Askvoll: Nykshytta i Holmedal

Balestrand: Balabu

Bremanger: Vetahytta på Veten (527 moh) ved Grotlesanden (innlegg kjem)
Førde: Gyttakvia i Vieåsen/nær Førde sentrum
Jølster: Fjellro på Skei

Leikanger: Orrabu

Lærdal: Mjølkeflathytta
Sogndal: Stedjestova - mot Stedjeåsen, Sogndal sentrum

Årdal: Moakamben 
Sidan turane er lågterskelturar, er dette fine turar å ta når ein ikkje nødvendigvis skal på langtur, men først og fremst kose seg ute naturen eller når ein har lyst på ein fin ettermiddag-/kveldstid. 
Her har du mange flotte turopplevingar i vente - og dette er turar som dei aller fleste vil klare. Så vel deg èi eller fleire hytter og kom deg på tur! 
Fjellro i Jølster med utsikt over Skei, Jølstravatnet og deler av Kjøsnesfjorden

Synkenhytta er ideel for besøk på vinterstid med skiløyper inn til hytta. Den har dessutan universell tilkomst då ein kan køyre heilt fram til hytta på sommaren. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!