onsdag 4. juli 2012

Laukelandshesten (678 moh)

Nordsida av Dalsfjorden har mange flotte fjellturar å by på. Den mest kjende er sjølvsagt Storehesten, men litt lenger ute i fjorden ligg det ein annan flott "hest" - nemleg Laukelandshesten. Vi hadde oss ein flott kveldstur dit for nokre veker sidan. Vi har vore der nokre gonger før, men vi hadde med oss eit par stykker i følgjet som tok turen for første gong.

Det er absolutt ein topp som hadde fortent mykje meir besøk! "Besøksboka" i varden viser at det i hovudsak er lokale folk som går der - slik det ofte er! Grunnen er kanskje at det verken er merka eller noko tydleg sti opp til toppen (som vi har funne i alle fall....), men det er likevel ikkje så vanskeleg å finne fram i terrenget. Toppen er uansett med i fjelltrimmen til Gaular IL og du får 5 poeng for turen om du deltek i den, eller du kan  signere i boka berre for moro skuld - slik som vi gjer :)


Laukelandshesten med Laukelandsfossen i front - sett frå fjorden ved Dale
På veg oppover - vi ser ned til Standnesvatnet og opp mot Blægja
Slik finn du fram til Laukelandshesten:
Frå Førde må du rekne med ca. 45 minutts køyring til startpunktet. Forbi Bygstad i Gaular kommune, køyrer du på nordsida av Dalsfjorden til du kjem til enden av vegen på Laukeland. Derifrå går det ein bomveg opp til Laukelandsstølen. Hugs å ta med kr. 50 i bomavgift! Etter å ha køyrt opp på høgste høgda av vegen, går den litt nedover igjen til du kjem til Standnesvatnet. Du skal parkere i ein liten sving rett før du kjem ned til dette vatnet.

På venstre sida av vegen, går det ein sti inn i granskogen langs med vatnet. Denne er merka, og er den tidlegare T-merka ruta til Massbu (før vegen kom). Du skal følgje denne stien eit lite stykke gjennom skogen, til du finn det "naturleg" å ta opp til venstre. Som nemnd, vil du ikkje finne noko sti heile vegen, men du går i lyngen oppover og du finn undervegs ut kvar det er lettast å gå. Det er ikkje noko vanskeleg terreng å gå i, men det er naturlegvis tyngre å gå i lyngen enn i ein godt nedtrakka sti. Eg har teikna vår rute inn på kartet nedanfor - sånn omtrentleg slik vi gjekk den:


Ruta til Laukelandshesten (kartutsnitt frå http://www.ut.no/)

Oversiktskart over kor Laukelandshesten ligg (henta frå http://www.ut.no/)
Det er ikkje noko lang tur - etter ca. 1 time er du på toppen, og ei fantastisk utsikt over Dalsfjorden openberrar seg!
Blægja, Storehesten og Skålefjellet
 Dalsfjorden med Dale sentrum til venstre midt i biletet og Heileberget på motsett side av fjorden:


Heileberget


Innover Dalsfjorden mot Bygstad

Vi ser mot Storehesten igjen

Blægja

Søndre Kringla, Nordre Kringla og Eitrenipa

 På veg ned att skogsvegen, er det også viktig å nyte den flotte utsikta:


Om du ikkje har vore i området før, bør du også køyre til endes av skogsvegen når du likevel er der. Du kjem då fram til Laukelandsstølane. Her er startpunktet for turen til Massbu.


4 kommentarer:

  1. Tusen takk for veibeskrivelse! Har lurt på ruta opp der i evigheter, men har ikkje funne informasjon noken plass. kjempeblogg!!
    Det blir tur i måra! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei igjen! Håpar du fekk ein fin tur, og at du fann fram..... :)

      Slett
  2. Hadde ein nyyydelig tur på Laukelandshesten i dag for første gong! Meeeen, vi brukte definitivt meir enn 1 time opp! Fjasa oss på sti innover vatnet, og gjekk det heilt til endes på leit etter den staden vi hadde lest det "fall naturleg å ta til venstre" :p Så måtte vi tilbake att, og byrja etterkvart å berre klyve oppover marka. Gjekk heldigvis litt lettare å orientere seg når ein kom seg litt lenger opp i meir opent terreng! Så no veit vi i alle fall kvar vi skal neste gong :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tida går fort om ein går feil...;) Det er ikkje den lettaste turen å forklare kor ein skal gå, men burde kanskje presisert at ein ikkje må gå for lenge langs med vatnet.... Prøvde å synleggjere turen med kartutsnitt for at det skulle bli lettare å sjå. Vi har sjølv gått lenger langs stien enn vi treng, så det er fort gjort! Men kjekt at de hadde ein fin tur likevel :) Laukelandshesten er ei skjult perle. Den er jo lett synleg når du køyrer utover Dalsfjorden og burde vere lett å leggje merke til, men det kjem litt i skuggen av Storehesten. Veit det er fleire som har tatt turen etter anbefaling frå oss, og det er jo veldig kjekt!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!