![]() |
Spektakulær utsikt ved varden på Laushornet (1413 moh) |
Og for oss som er litt over snittet interessert i fjell og friluftsliv, så har Geiranger enormt mykje å by på! Alt frå padling langs fjorden, turar til dei mange fjellgardane til majestetiske toppturar.
Vi har vore i Geiranger fleire gonger og det gjev alltid ei god feriekjensle. Derfor vart det ei bubilhelg dit også i år. Kanskje dukkar vi opp att seinare i år også - for det er alltid noko meir vi oppleve!
Denne helga var det også Nibberittet - der deltakarane spring eller syklar frå Geiranger sentrum og opp til toppen av Dalsnibba - 21 km og 1500 høgdemeter. Det er berre å bøye seg i støvet for spreke deltakarar! Vi var ikkje klar over arrangementet før vi var der - så vi var berre ivrige tilskodarar ;)
I staden vart det familietur til Storsæterfossen og topptur til Laushornet for 1/4 av familien!
Litt fakta om turmåla:
Startpunkt for turmåla:
Vesterås gård (kan også gå på merka rute heilt frå Geiranger sentrum eller Norsk fjordsenter)
Storsæterfossen - 2 km (30 min - 1 time ein veg)
Laushornet - 5 km (2-3 timar opp)
Begge turane er godt merka, så det er ingen problem å finne fram når du først har starta, så noko nærare turskildring er eigentleg ikkje naudsynt.
For meir informasjon om fotturar i Geiranger (inkludert dei ovanfor), kan du klikke på denne sida.
![]() |
Ved start på Vesterås gård. Vi ser Grindalsnibba til venstre og Vinsåshornet til høgre. |
![]() |
To søsken som er klar for tur! |
På turen finn du også 2 geocacher: ein undervegs - "Almost there" som den heiter - og ein geocache ved fossen. Fin turmotivasjon for dei små!
Det unike med Storsæterfossen er at du kan gå bak den. Litt skummelt og det er mange advarselskilt, men ein godt tilrettelagt sti med rekkverk gjer turen bak fossen trygg.
Når ein kjem opp til Storsæterfossen kan ein gå vidare, bratt opp til venstre for å kome på Laushornet eller ein kan følgje ein sti vidare innover dalen til Vesteråssætra. Som sagt, så gjekk 1/4 av familien vidare til Laushornet og han kunne fortelle om ein fantastisk utsikt frå toppen! Neste gong er det min tur :). Her er nokre fleire bilete frå toppen:
![]() |
Vi ser utover Geirangerfjorden og Ørnesvingane |
Er du nysgjerrig på andre turmål i Geiranger, så har vi skrive om fleire tidlegare:
Vinsåshornet (1343 moh)
Geitfonnegga (1453 moh)
Keipen (1379 moh) frå Homlong
Løsta frå Vesterås gård
Heisan -- kor artig lell å lese om Geiranger og turer i mitt nærområde ;)
SvarSlettOg på det topp bildet ser eg jo faktisk rett hjem til meg . i alle fall nesten ;)
Smil fra monika
Eg bur rett ved det vannet du ser
Fantastisk; både beskrivelse, utsikt og bilder. Nok en tur jeg fikk lyst til å gå - takket være deg. God helg fra Birte
SvarSlettHej! God rejse-blog :) Jeg har lige et spørgsmål. Jeg vil gerne op vandre op til Laushornet. Hvor lang tid brugte I på at vandre derop fra Vesterås gård/Westerås Restaurant? De 2-3 timer op er fra fra start-stedet eller fra vandfaldet som man bruger en time på at komme hen til først? Er der mulighed for parkering med bil ved gården/resturanten uden man overnatter der? Eller skal man parkerer bilen langt væk og så gå op til gården/resturanten? Hilsen Mads
SvarSlettHei! Kjekt du lukkar innom bloggen! Det er 2-3 timar til Laushornet frå Westerås gård. Ingen problem å parkere ved gården utan å overnatte der. Grei plass å parkere, men i høgsesongen kan det fort bli fullt midt på dagen.
Slett