Turar i Jølster

Frå turen "Bjørndalen rundt"

På denne sida finn du ei oversikt over blogginnlegg med turskildring til turar i Jølster kommune. Her er berre tatt med innlegg der eg har skildra korleis du skal finne fram til turmålet. Turane kan også vere omtalt i andre innlegg på bloggen - bruk i så fall søkjefunksjonen på venstre sida til å leite opp fleire innlegg om same turen. Ta gjerne kontakt eller legg igjen kommentar om du har spørsmål!

Fjellturar: 
Eikåsnipa (826 moh) - med start frå Førde
Rundtur langs eggjene over Kjøsnesfjorden: Nyken, Løkkjabotsegga, Skafonnfjellet og Høgenipa (1307 moh) 
Bjørndalen rundt: Sandalen - Bjørndalsstølen - Flateeggane - Styggevassegga - Isvassnipa (1437 moh) - Brandsegga - Høgenuken - Sandalen
Hegrenesnipa (899 moh)
Orkja (948 moh)
Håheimsfjellet (1079 moh)
Bjørsetfjellet (1003 moh)
Klauva (847 moh)
Kveldståke og soloppgang ved Kvannebakkbu (1510 moh)



Ålhusstølen

Stølsturar: 
Ålhusstølen
Bjørsetstølen

DNT-hytter/dagsturhytter: 
Dagsturhytta "Fjellro"
DNT-hytta Longevasshytta

Andre turar/lågterskelturar: 
Langedalen i Stardalen

Ser at det er mange Jølsterturar vi har gått som vi ikkje har fått blogga om - dessverre. Men vi har mellom anna også gått: Hjellbrekkestøylen - Flugestøylen - Angedalen, Tindefjellet, Skjorta, Longevasshytta - Gotdalsstøylen, Nedrebødalen - Trollet - Kvitsvornipa - Syskarnipa, Kvamsfjellet, Halvgjerda, Middagsfjellet, Nonsnipa, Sægrovnipa, Bolsetnipa, Befringstøylen - Strupen - Kvannebakkbu, Befringstøylen - Bjørgja, Lundeskaret - Søgnesand. Eg har linka til turskildringar på ut.no der eg har funne det, men har du spørsmål til nokon av desse turane, så send gjerne ein epost til: livjbell@gmail.com.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!