Om bloggen

Liv Janne sin tur- og fjellblogg handlar først og fremst om turopplevingar - små som store - og gleda over å kome seg ut i fri(sk)-luft. Formålet med bloggen er å inspirere andre til å kome seg ut på tur - og gje tips til nye turmål.

Eg er - Liv Janne - gift med Steffen Ben og har 2 born: Sanna Oliva (fødd 2009) og Bendik Matias (fødd 2010).  Vi er ofte på tur i lag heile familien, og bloggen ber naturlegvis preg av det.

Vi ynskjer å ha fokus på gleda over å vere på tur, at det er viktigare å kome seg ut på tur heller enn at turmålet nødvendigvis er langt og ambisiøst! I tillegg håpar vi å gje inspirasjon til at folk oppsøkjer nye turmål: Mange går dei same turane om igjen og om igjen - gjerne fordi det er dei stiane dei kjenner til. Mange er også redd for å gå på ukjende plassar åleine. Gjennom bloggen håpar vi at fleire skal oppdage alle dei "skjulte perlene" som finnast  i naturen rundt oss, og at vi gjennom å gje informasjon om turmålet og vegval/merking/startpunkt, faktisk kan få fleire til å variere turmåla sine og dermed få nye naturopplevingar!

Vi bur i Sunnfjord, og derfor bloggar vi mest om turar frå dette området – men har også omtale av turar vi har gått i dei fleste av kommunane i Sogn og Fjordane, samt andre stader i Noreg . Vi har mange lesarar frå andre stader i landet, og håpar at vi gjennom blogg og bilete inspirerer mange til å kome seg ut i sitt nærområde. Vi brukar mykje bilete for å vise turopplevingane våre, slik at også lesarane kan ”vere med” på turen.

Vi brukar mykje tid på å studere kart, lese om turar i bøker og på nettet og er såleis godt kjende i vårt nærområde og andre område som vi har besøkt. Vi rekk dessverre ikkje å blogge om alle turar vi går/har gått, så har du spørsmål om turar/turområder, så kan vi kanskje gje deg svar sjølv om vi ikkje har skrive om den aktuelle turen på bloggen. Send gjerne ein epost om du lurer på noko: livjbell@gmail.com.

Og har DU tips til oss om turar vi bør ta, så send gjerne ein epost om det også :)

God turoppleving - både visuelt gjennom bloggen og ute i naturen!

Og hugs: Målet skapar motivasjonen, turen gjev opplevinga! 

5 kommentarer:

  1. Hei-hei! Har kika på 16stølar-turen din. :) Let det seg gjere å gå den turen utan hjelp frå idrettslaget? Altså ikkje eit større reisefylgje? Eller er det ikkje godt nok merka til det? Kan ein eventuelt klare dei første stølane, fram til 3,5km der skogsvegen stoppar, slik du skriv?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er nok greiest å gå turen med nokon som har gått der før. Den er ikkje merka, så du bør vere fjellvant og bruke kart/GPS om du skal gå på eiga hand. Første del av turen er uproblematisk å gå åleine.

      Slett
    2. Det er nok greiest å gå turen med nokon som har gått der før. Den er ikkje merka, så du bør vere fjellvant og bruke kart/GPS om du skal gå på eiga hand. Første del av turen er uproblematisk å gå åleine.

      Slett
  2. Hei igjenn
    Er blitt litt innspirert av denne flotte bloggen din som eg ser masse på og får no straks svært så lyst lage min egen blogg om alle turisthyttene eg har besøkt og andre fjellturer og lurer på om du har nokon gode tips om gode nettsider der ein kan lage ein blogg?,den du bruker f.eks?. Er dette gratis elle må man betale for og ha ein blogg?. Er ny på dette so eg veit ikkje så masse men tar gjerne imot råd? og takk igjenn for ein inspirerende god blogg som du har. Har funnet nokon få turer her eg vil ta og spesielt til Flatbrehytta,den har eg ik vært på.

    Mvh
    Tor Magne

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei - og takk for fin tilbakemelding på bloggen! Kjekt at du har lyst å starte eigen blogg. Den bloggplattforma eg brukar er gratis, og du kan gå inn på www.blogger.com for å opprette eigen blogg. Den krev heller ikkje veldig mykje teknisk kunnskap. Det er fleire bloggplattformer du kan bruke gratis - viss du googler "bloggplattform", så får du opp fleire tips. Vil anbefale å bruke ei gratisteneste først, så ser du litt kva det blir til. Så er det berre å prøve seg fram - litt etter litt. Om du ser på mine gamle innlegg, så er dei ganske annleis enn dei eg lagar no.... Lukke til!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!