torsdag 20. desember 2012

Fin eller fin-fin tur til Kjelstadnakken (1052 moh) - valet er ditt!



Gjestebloggar Steffen
Du parkerer bilen ved lomma på høgre sida av hovudvegen på den beine strekkja  på Ullebust i Masdalen i Førde. Derfrå følgjer du grusvegen som startar på andre sida av vegen her, sørover i retning Kjelstadnakken. Vegen er bomveg (50 kr) og kan køyrast med bil for dei som ynskjer det,  og har jamn stigning opp til like ved Kvanndalsstølen. Her møter du bom og fysisk sperring, men vegen held fram også vidare til Hagenstølen. Vegen like til  endes eignar seg til gåturar, jogging, trilling med barnevogn osb.

Rutetrasè for den delen av turen som går utanfor veg-
Eg skil mellom to turalternativ: Den fine  turen,  og kortaste, er den som kort og godt følgjer den nemnde  grusvegen  til endes: Du startar altså på Ullebust - passerer stølsmiljøet Ullebuststølen  på venstre side av vegen, og om ikkje så lenge går vegen etter kvart nokså bratt opp til bommen og parkeringsplassen oppe på høgda vest for Kvanndalen. Då har du til gjengjeld vunne mykje godt heile stigninga om du ynskjer gå  vegen til endes.  
Ullebuststølen i midten, startpunktet på vegen i Sundsdalen øverst og nederst


Når du går langs vegen har du panoramautsikt vestover til Store- og Lisjehesten og Blægja, og dessutan ser du ut Dalsfjorden  like til Dale. Ingen fjell skuggar utsynet vestover, så dette er også ein fin kveldstur om du vil nyte solnedgangen.  Frå bommen kan du følgje vegen vidare i austleg retning, først forbi stølsgrenda Kvanndalen som ligg fint til ved elva - og så til vegens slutt på Hagenstølen.  Landskapet som du no ser sør for Kvanndalen er relativt vilt og er i røynda Kjelstadnakken.
Kvanndalsstølen - vegen går like nedanfor bygningane. Hagenstølen bak til høgre i biletet
Flott utsikt vestover mot Storehesten (1250 moh) (t.v) , Blegja og Lisjehesten (t.h)

Men eg vil lengre opp  i lendet:
Den fin-fine turen, som dette blogg-inslaget eigentleg handlar om, er fjellturen til Kjelstadnakken. Stien mot fjelltoppen tek av frå grusvegen på Kvanndalsstølen. På høgre sida av vegen, like nedanfor stølsbygningane, tar du av ned mot elva, sørover,  og vadar denne på høveleg stad. Ein meir eller mindre tydeleg sti går så sør-austover opp i haugen med retning inn i dalen i retning sørover mot Kjelstadnakken. Sjølve toppartiet er førebels skjult. 

Du skal  først gå på høgre side inn i dalen, med jam stigning oppover. Etter ein snau kilometer går du meir til høgre att, rundar meir sør-vestover, og følgjer ein graskledd rane oppover. Du vil snart sjå ein einsleg stor varde i himmelsjå på di høgre hand, men treng ikkje gå opp til denne,  men i staden passere den på vel 100 meters avstand når du går vidare oppover  grasryggen.

No endrar terrenget karakter frå myr og graskledde bakkar, til meir snaufjell og villare terreng.  Du skal no opp på høgre side av ein fjellrant og passerer eit lite vatn på di høgre hand på kring 920 m.o.h.  Sjå no etter små steinvardar som syner veg. Gløym ikkje å nyte det vakre utsynet mot Dalsfjorden og til Hestane i vest! Fantastisk! Dette er lettgått og fint terreng. Vardinga følgjer opp og inn i mest flatt terreng  mellom to små høgdedrag  i austleg retning - og om litt openberrar varden på Kjelstadnakken seg.  Du har her i toppartiet også forlate Førde og er komen over i Gaular kommune.

Du er no komen opp i 1050 meter og utsikta er fenomenal: vestover er alt nemnt, men også Sør-vestover mot Sande sentrum og austover langs Viksdalsvatnet. I Nord ser ein austre delar av Førde sentrum - og lyftar ein hovudet litt ser ein heile fjellmassiva i Nordfjord, med Gjegnen som tydeleg markør mest rett nord for Kjelstadnakken.   

Retur same veg mot Masdalen og bilen.

Parti i toppområdet ved varden på Kjelstadnakken.

                                                                        ****

Det fører elles andre stiar til Kjelstadnakken både frå Skudalen og Hestad/Hestadgrend i Gaular, så det er mange vegar til rom, og opningar for rundturar om ein vil. Ein fin-fin-fin rundtur eg har gått fleire gonger  går frå varden på Kjelstadnakken og vidare nord-austover i retning av og forbi Kvandalsholten, der du dreier nordover og så tar deg inn på ein fjellrane som endar i dalbotnen i siktretning mot dei før nemnde Hagenstølane og grusvegen som endar her. Ein følgjer så denne attende forbi Kvanndalsstølane og til bilen att same vegen som ein kom opp. Denne rundturen er likevel  meir krevjande, er umerkt, og det kan vere sleipt og glatt ned fjellranen mot Hagenstølen så obs obs.











2 kommentarer:

  1. Dette er en fin-fin tur, særlig nå som det ikke er mer snø og is enn at det er lett å ta seg fram til fots. Kan ikke få støttet anbefalingene i bloggposten nok. For dem som vil ha med seg en guide på lomma, har jeg lagt ut turen med GPS-logg på http://www.lommekjent.no. De som har og bruker slike hjelpemiddel kan laste den ned derfra. God tur.

    Kjelstadnakken fra Kvanndalen: http://www.lommekjent.no/turer/944657

    SvarSlett
    Svar
    1. Så flott at du har lagt inn GPS-logg! Det er jo ikkje noko tydeleg sti, så den kan vere nyttig for dei som vil gå turen :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!