fredag 25. november 2011

Turskildring: Årnesholten (765 moh) i Gaular



Utsikt ned mot Eikeland, Nesavatnet og Skudalen. Klungeren er toppen midt i biletet.
I midten av oktober hadde vi fått i oppgåve å skrive turtips til avisa FIRDA. Valet falt på ein av mine kvardagsfavorittar - Årnesholten, som ligg ved min barndomsheim på Eikeland i Gaular. Vi fann fort ut at det er krevjande å skrive gode turskildringar, og når du endåtil har ei øvre ramme for tal ord du kan skrive, så må du velje dine ord med omhu. Men turtips vart det i alle fall, og her kjem vår skildring av korleis du kan gå turen:

På Sande tar du av til rv. 610 i retning Eldalsosen. Etter knappe 4 km, ta til høgre ved skilt merka Kirkeli og køyr ytterlegare to kilometer til gardane på Eikeland. På høgre sida av vegen ligg gardstunet Bakkane. Der startar turen; først på grasgrodd tømmerveg, som du følgjer til endes. Vidare går du på tydeleg sti langs høgre sida av elva oppover i sørleg retning mot høgdedraget vest for Årnesholten. Etter ein halvtimes gange kjem du til Eikelandsstølen.

Frå Eikelandstølen held stien fram i same retning opp mot brekka ovanfor stølen. Stien går på venstre sida av grova opp mot brekka, der terrenget flatar ut. Like etter deler stien seg i to. Går du rett fram, kjem du over til Senneset – men no skal du i staden følgje stien til venstre (søraust): Du går skrått oppover den skogkledde lia. Her er stien noko utydeleg, så ver ekstra merksam. Ein knapp kilometer etter at du forlot flata, kjem du til ei lita grov; der svingar stien til venstre i nordleg retning. Like etter vil du sjå to skard i himmelsjå, og du skal gå opp det venstre av desse.

Frå toppen av skardet er det ikkje lenger nokon sti å rette seg etter. Herfrå held du fram mot nordaust, og du ser no bort til toppen av Årnesholten. Etter å ha kryssa ei lita seld, går du det siste stykket opp til platået som fører deg bort til varden. Her har Gaular IL lagt ut bok. Turen opp tar om lag 1 1/2 time. Det er flott utsikt mot Storehesten og Blegja, Klungeren og Kjelstadnakken, fjella i ytre Nordfjord og austover langs Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. Litt nord for varden kan du sjå ned på Eikelandsfossen og følgje Gaularvassdraget til Sande.
Årnesstølen og Skardsvatnet

Retur går via Årnesstølen og Horsevikstølen ved Skardsvatnet – ein kjempefin stad for overnatting i telt! Frå varden går du i søraustleg retning nedover, og du får raskt auge på stølane. Det er ingen sti, men du kan ta peiling på elva som renn ut frå vatnet, og følgje ei graskledd seld bratt ned mot vatnet. Her kjem du inn på tydeleg sti som går frå stølane og ned i Årneset. Stien kjem etter kvart inn på ein traktorveg, som du følgjer ned att til bilvegen. Tilbake til startpunktet på rundturen følgjer du bilvegen vestover, vel 2 km langs den idylliske Hestadfjorden og passerer den storslagne Eikelandsfossen.

Eikelandsfossen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!