onsdag 27. juni 2012

Viafjellet (673 moh) - eit av Førde sine byfjell


Utsikt frå toppen - vi ser innover Angedalen

Det har vore litt stille på bloggen i det siste, og det har sin samanheng med at det også har vore rolegare på turfronten, samt ein god del andre aktivitetar og gjeremål som har prega kvardagen. Vår turaktivitet går som regel ganske i rykk og napp - frå at vi har vore veldig aktive ei veke, kan det brått bli svært så roleg den neste veka, og kanskje veka etter også.... og så kjem det eit nytt rykk med turar igjen.


Mange ruter å gå for å kome til/frå Viafjellet


No er det på'an igjen med eit slikt rykk, og det har blitt eit par turar dei siste dagane. Det er ikkje så altfor ofte vi går på byfjella rundt Førde. "Alle byar med respekt for seg sjølv har eit byfjell, Førde har fem!" står det i Opptur Sogn og Fjordane. Dei fem byfjella er: Fureviknipa, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viafjellet og Førdsnipa. Det som er nært blir gjerne litt kjedeleg, og det er liksom der "alle" går. Men det er ikkje til å kome vekk frå at det faktisk er ganske flotte fjell - alle byfjella - med vakker utsikt! Eg synast det er vanskeleg å peike ut kva av dei som er vakrast eller kjekkast å gå, men det eg i alle fall kan seie sikkert, er at grusvegen opp til Hafstadfjellet er den kjedelegaste!

Måndag kveld fekk eg meg ein luftetur heilt åleine, og eg ville gå ein tur med litt lengde (1-2 timar samla sett), i kort køyreavstand frå heimen og ein tur det er lenge sidan eg har gått. Eg har alltid likt å gå turen frå Soleide til Viafjellet, og sidan eg ikkje har vore der på 3 år, så blei det denne turen den kvelden. Eg var der faktisk siste gongen  i midten av mai 2009 - 5 veker etter at Sanna Oliva var fødd. Det var ei fantastisk oppleving: Etter å ha kjent på nærast klaustrofobiske kjensler ved brått å ha ein liten baby som var avhengig av deg 24 timar i døgnet, og du trudde du "aldri" skulle kome deg på fjellet igjen - eller sove ei heil natt i gjennom! - så var det befriande herleg å ta med mannen og lufte seg med ein liten fjelltur! Rett nok var det ikkje heilt lett å slappe av, men det gjekk forbausande fint :)

Eg nemnde ovanfor at "alle" går på byfjella rundt Førde, og på parkeringsplassen ved Soleide sto det allereie 5-6 bilar då eg kom i 19.30 på kvelden. På toppen hadde om lag 25 stk signert i boka denne dagen, og der har sikkert vore nokre gjestar som ikkje har signert seg inn også. Men kjekt å sjå at mange kjem seg ut på tur!

Slik kjem du deg på Viafjellet:
Frå Førde sentrum køyrer du i retning Vie/Vieåsen. I staden for å svinge opp til byggjefeltet i Vieåsen, køyrer ein rett fram i retning Soleide. Rett før Soleide, er det ein tømmervelteplass der ein kan parkere. Turen er merka med skilt herifrå, og det er tydeleg sti. Det er også mogeleg å gå frå toppen av byggjefeltet i Vieåsen (Rennekleiva) eller frå Flugedalen. Dersom du tar ut eit kartutsnitt (t.d. på terrengkartet på http://www.ut.no/) vil du sjå dei ulike stiane der:


Eg har merka ruta eg gjekk frå Soleide
Turen er også omtala i Opptur Sogn og Fjordane. 
Du kan rekne med 1 - 1 1/2 time opp, noko kortare ned att. Frå Soleide er det ganske jamn og fin stigning, så det er lett å gå fort eller småspringe om du har lyst til det.

Frå varden på Viafjellet er det flott utsyn over Førde. Her må vere fantastisk fint å sitje i solnedgang!Eg hadde ikkje med meg anna kamera enn mobilen, og eg fekk sola midt i mot, så det var ikkje så lett å ta bilete. Men her er nokre få glimt frå turen i alle fall:  

Hafstadfjellet med Storehesten og Heilefjellmassivet i bakgrunnen

Utsikt over Førde (i motlys)

God skiltmerking....

.......og tydeleg sti


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!