Steffen Ben bloggar
- flashback seinhaust 2014:
Turar på langs av landskapet er artige å gå.
Då har ein betre tid, enn som vanleg er på fjelltur, til å sanse det ein ser, og føle det ein opplever. Ja, ein rekk kort og godt meir enn berre å tørke sveitte og å konsentrere seg om kvar neste steg skal settast i ei kupert nedstigning eller ta vanskeleg vegval. I staden kan ein la tankane fare, og la auga følgje linjene i horisonten. Men først; kort repetisjon og lenkje til tre turar på langs vi har kosa oss stort på tidlegare.
Ein tur på langs av landskapet - eller naturen på langs om ein vil, gjekk så og seie i fjæresteinane langs med fjorden - slik den idylliske turen vår Langs veglause strender på sørsida av Sognefjorden i 2013 er eksponent for.
Eller, ein tur på langs av landskapet kan gå høgt over langs med ein fjord slik vi gjorde i juni i fjor då vi gjekk dei 3,1 mila oppe i fjella over Sognefjorden frå Lavik til Vadheim.
Eller, tur på langs av landskapet kan vere å følgje eit vakkert dalføre frå ende til anna - ikkje ved å gå nede i dalbotnen, men gå oppe i fjella over og i flukt med dalbotnen, slik vi også gjorde i fjor då vi gjekk vakre Angedalen her i Førde på langs
***
Turen vi omtalar i dette innlegget er også ein slik tur på langs av landskapet - og den går i fjella over ein mykje medieeksponert fjord for tida - Førdefjorden. I grove trekk er ruta på 16 km slik:
Redalsgrend - Nordvikstølen - Nordvikstølsvatnet - Langeheia - Blåfjellet -
Bygdahaugen - Steinkorsen - Vindkjegla - Naustdalslia i Naustdal
På biletet er vi byrja på oppstigninga til Blåfjellet. Innsiglinga til Førdefjorden til venstre i biletet, og Flora by ute, oppe over hovudet til Liv Janne. |
I godt humør og med freidig mot starta vi på ufattelege 0 m.o.h. i Redalsgrend vest for Naustdal, og ein del timar og 16 km seinare enda vi i Naustdalslia, like over Naustdal sentrum. Då hadde vi følgt fjellformasjonane frå vest mot aust, og kunne følgje Førdefjorden i augesyn frå der den tek til ute i vest, og mest like til der den sluttar, inne i Førde sentrum.
Start på stien ved utkøyring av Redalsgrend, i retning Stavang. Her er det skilta Nordvikstølen, og det er sti bratt opp til denne.
Redalsgrend sett berre minuttar etter starten frå svingen i venstre biletkant |
Nordvikstølen:
Nordvikstølen på kring 450 moh - med fin utsikt over på sørsida av fjorden til Kvammen |
Frå Nordvikstølen går stien nord-austover til Nordvikstølsvatnet. Her slutta stien, vi gjekk utan sti like til vi var komne på Blåfjellet, der det var sti resten av ruta.
Frå Nordvikvatnet følgde vi terrenget vidare i same nord-austlege retning, på nordsida av vatnet, imot og opp på Langeheia,
Vi er kome til Nordvikstølsvatnet |
Vi la ruta på nordsida av Nordvikstølsvatnet |
Frå Langeheia ser vi nordover mot Steindalsfjellet, |
Attersyn frå Langeheia, mot fjellet Håsteinen. Svardalen og Svardalsstølen midt i biletet. |
Viddalsstølen |
Vi passerte over Russenesstølen, på veg opp på sjølve Blåfjellet |
Oppstigning mot Blåfjellet:
Her ser vi Blåfjellet frå sør-vest. Vi tok oss opp på platået i skråninga heilt til venstre i biletet nedanfor.
Fint utsyn vestover mot Håsteinen og øyane ved Florø |
Frå Blåfjellet kom vi atter inn på sti, som vi kunne følgje vidare austover mot Steinkorsen - ned til Vindkjegla og ned til bilen i Naustdalslia
Den fjerde stølen vi passerte ned under oss på turen var Framarsvikstølen:
Jau var sola snill med oss på turen og! |
Steinkorsen på 792 moh
- attersyn vestover mot Blåfjellet vi passerte tidlegare på turen.
Fin-fin utsikt sørover mot Storehesten |
Vindkjegla:
Siste fjelltopp på turen er Vindkjegla; til høgre ser ein inn fjorden mot Erdalen og
retning Førde sentrum.
Skumringstime; Frå Varden på den lettlege Vindkjegla ser ein ned til Førdefjorden og øyane ved Holmeset Storehesten ligg i snø i bakgrunnen |
To stornøgde turgåarar klare til å gå dei siste 20 minuttane frå Vindkjegla og ned i Naustdalslia nord for Naustdal sentrum, der bil venta på oss. 16 kilometer flott terreng over vakre Førdefjorden var tilbakelagt.
***
Første halvdel av turen:
Andre halvdel av turen:
Korleis er denne turen? Vanskeleg og gå, eller finne fram når der ikkje er sti? Og ca kor lang tid bør ein i vert fall rekne med det tek? :)
SvarSlettTuren er merka frå Redalen og opp til Nordvikstølsvatnet. Utfordringa er derifrå og vidare til Blåfjellet. Då går du utan merking og ikkje noko tydeleg sti. Vil anbefale å studere kartet litt på førehand kor det kan vere greitt å gå, og sjå dessutan bilete i blogginnlegget der vi har sagt korleis vi tok oss opp på Blåfjellet. Det er ikkje noko krevjande terreng i form av at det kan vere bratt, så veit du kva retning du skal, så går det greitt. Frå Blåfjellet og resten av turen er det berre å følgje merkinga. Totalt er det 16 km, så tidsbruk er avhengig av kva form du er i. Men bør nok rekne 3-4 km i timen - og fort ein tidsbruk på 5-6 timar samla sett. Den tyngste delen er fram til Blåfjellet som nok er 8-9 km samla sett. Derfrå er det lett terreng i 4 km fram til Steinkorsen, og så nedover til Vindkjegla og Naustdalslia.
Slett