lørdag 29. desember 2012

Hafstadfjellet (705 moh) i praktfull vinterskrud!


Hafstadfjellet i all sin vinterprakt!
Vi gjekk inn i jula med grøne bøar, men etterkvart som julaftan skreid fram, vart det kvitt ute og det kom etterkvart ein del centimeter med snø. Været dei første juledagane har vore skiftande, frå delvis blå himmel og sol til at det har vore tåke langt ned i fjella og snøbyger. Så går det 10 minutt, så skimtar vi blå himmel igjen.....

Hafstadfjellet er vel det fjellet flest førdianarar går på, og det er dei som går der fleire hundre gonger i løpet av året. Det blir mykje brukt som aktiv trim-/treningstur - truleg fordi det både er veg heilt til topps, men også fleire alternative rutetrasèear å velje mellom. Når Hafstadkleiva endeleg står ferdig, er det faktisk heile 3 svært godt tilrettelagte ruter til toppen - i tillegg til at det også er nokre oppgåtte stiar. (Og ein kan spørje seg om ein faktisk har bruk for 3 slike vegar til ein og same fjelltopp...... men den diskusjonen skal vi ikkje ta her!) 

Vi kan derimot ikkje skuldast for å vere spesielt ivrige på å gå på byfjella i Førde - og torsdag hadde eg faktisk min første (og truleg siste) tur på Hafstadfjellet i 2012! Eg har sagt det før - og seier det igjen - eg synast det er litt kjedeleg å gå den turen. Det er noko med at den bilvegen verkar uendeleg lang, både på turen opp og turen ned att.... MEN; det er på ingen måte grunn til å klage på utsikta du får undervegs, og ikkje minst på toppen! Så ein gong i blant er det greitt å gå der - ikkje minst fordi du rett og slett kan gå utan å tenkje på kor du set foten :) Og det er eit godt val for dei som ikkje har gått så mykje på (fjell-)tur, og vil kome i gong med det!

Ein positiv ting med Hafstadfjellet, er at du kan gå til fots stort sett heile året. Om det kjem snøfall, så er det alltid nokon som trakkar opp ein "sti".

Og det vart faktisk ein svært så fin tur oppover på torsdag - med terrenget i full vinterskrud! I tillegg fekk vi dei store værkontrastane - frå sola som skein i fjeset til opplevinga av "snøstorm" dei siste par hundre meterane opp til toppen! Her er nokre vinterbilete som viser litt av turopplevinga vi hadde (som vanleg er det Steffen som er fotograf!):





Om du ikkje har vore på Hafstadfjellet før, men har lyst til å ta turen, så er det berre å ta ein kikk på kartet og velje blant dei mange alternative rutene til toppen:

Vanleg tidsbruk til toppen ved roleg gange er 1 - 1,5 time.

Vi gjekk bilvegen frå Bruland, som er den mest brukte ruta. Ja, den er faktisk så populær at grunneigarane i området no har valt å sperre parkeringsplassen ved startpunktet.... Dette var omtala i FIRDA i dag:

Bruland Utmarkslag har vedteke å stenge tømmerplassen/ parkeringsplassen ved bomvegen til Hafstadfjellet for all bilparkering. Grunneigarane set foten ned i protest mot manglande bidrag frå kommunen."Det kan ikkje vere rett at parkeringa skal baserast på økonomisk bidrag, arbeid og velvilje frå grunneigarar gjennom fleire tiår" uttalar dei. 

Vi får håpe dei finn fram til ei minneleg løysing på dette slik at vi kan halde oppe turaktiviteten  i Førde! 

Det siste døgnet har det komt rikelege mengder med nedbør - men no som regn - så det byrjar å minke på snøen igjen.... "Og slik går no vinterdagan!"

torsdag 27. desember 2012

Hallbrendsnipa (801 moh)


Hallbrendsnipa lyser mot oss - deilig å kome opp i sola!


Vi seinka førjulsstresset med å ta ein tur på Hallbrendsnipa - eitt av Førde sine byfjell - på bitte lille julaftan. Å kjenne sola i fjeset på vegen oppover ga verkeleg energi, sjølv om det er avgrensa kor mykje ho varmar på denne tida av året. Det er ganske isete i terrenget for tida, så vi måtte vere noko forsiktige - ikkje minst på vegen ned att! Noko beinbrot har vi ikkje lyst å pådra oss....
Blå himmel, sol og flott utsikt = fantastisk naturoppleving!

Slik finn du fram til Hallbrendsnipa:
Hallbrendsnipa er ein grei tur å finne fram til på eiga hand sjølv om du ikkje har gått der før. Frå Førde sentrum køyrer du i retning Sande, og parkerer på Reset. Første del av vegen følgjer Den Trondhjemske Postveg som går innover mot Langelandsvatnet. Etter ei lita stund, kjem du først til eit vegskilje der det er skilta mot Halbrendsstølen. Du skal ikkje gå dit, men halde fram rett framover - og ikkje lenge etter er det skilta til høgre mot Hallbrendsnipa. Skogsvegen svingar seg då oppover mot Kalsetdalen. I dèt vegen byrjar å flate ut siste stykket mot Kalsetvatnet, står det skilt mot Hallbrendsnipa. Du forlet då skogsvegen og held fram på tydeleg og merka sti vidare oppover mot nipa. Stien slyngar seg bratt over, men det er greitt å gå. På sommaren kan det vere noko blautt og myrete i stien, så fjellsko er eit godt val om ein ikkje ynskjer å bli våt! :)

Ei alternativ, og mindre bratt rute, er å gå heilt inn til Kalsetvatnet og følgje ein sti opp til nipa derifrå. Vi har ikkje prøvd denne sjølv, men det skal vere ein fin og grei sti. 
Turfakta: 
Effektiv gangtid: 2- 2,5 time t/r
Lengde: 8 km t/r

Om du har GPS og ynskjer å laste ned ein GPS-logg, så finn du det her. Takk til Jan Roar som har lagt ut denne og fleire turar!


"Dagmar" - eitt år etter

Spor etter "Dagmar" og vinterleg på tur til Lægjestølen

2. juledag - eitt år etter "Dagmar": 
Heldigvis ser det ut til at vi slapp unna "Dagmar" i år, men eitt år etter er det framleis tydelege teikn i naturen på korleis den herja. Dette medfører at "nye" stiar er i ferd med å danne seg for å kunne passere rotvelt på veg til kjende turmål. 

Stien til Lægjestølen er ikkje noko unntak. Steffen gjekk seg ein tur opp dit 2. juledag. Boka på stølen viser nærare 550 offisielle besøk så langt i år. 

Og jammen fekk vi ikkje kvit jul i år også! 

søndag 23. desember 2012

Med ynskje om ei aktiv turjul!


Då er det tid for at vi i turfamilien ynskjer alle våre flotte lesarar ei riktig god jul!

Hugs å ta dykk ein tur ut i naturen mellom måltida! Treng de litt turinspirasjon, så er det jo berre å ta ein kikk på alle innlegga i bloggen, så kanskje de finn eit spanande turmål! :)

Har hatt eit par flott turar siste veka, og håpar å kome med innlegg om desse etterkvart. Planen er også å lage nokre 10 på topp - lister for turåret 2012.

Men nett no, tar vi først og fremst juleferie - 2 søte små er komne i sengane sine og er klar for ein spanande dag i morgon!

lørdag 22. desember 2012

fredag 21. desember 2012

Senk julestresset ved å kome deg ut i naturen!

No i desse førjulstider er det mange som hevar skuldrane og lar stresset innhente oss. Juleførebuingar, juleavslutningar og forventningar til at alt skal vere "perfekt" gjer at trening og friluftsliv gjerne blir nedprioritert til fordel for husvask, kakebakst og sosiale tilstellingar. Og det er kanskje ikkje så lurt? Ikkje overraskande har svenske forskarar no funne ut at:

Ein gåtur i skogen gjer deg rolegare, gladare og meir klartenkt!


Og dette veit dei fleste av oss, men likevel er det så lett at det ikkje blir. Når det i tillegg er temperaturar på rundt 10 minusgrader, så er det så altfor lett å halde seg heime i godstolen med pleddet og kaffikoppen! og sjokoladen....!

Men om du treng motivasjon til å kome deg ut i naturen, så kan eg her ramse opp mange positive helseeffektar av å vere ute i naturen:

  • redusert stress
  • mindre aggresjon
  • lågare blodtrykk og puls
  • auka kreativitet 
  • betre konsentrasjon
  • mindre kroppsleg smerte
  • betre søvn
Meir om den svenske studien, kan du lese her.

Her i huset går vi inn i siste adventshelga med skuldrane seinka. Juletreet er pynta, alle pakkar er kjøpt og pakka inn (hjelpe meg så lang tid det tar å pakke inn pakkar.....). Men for å vere på den sikre sida i forhold til å redusere stressnivået, så blir det etter planen ein fjelltur i morgon! :)

Og er du ikkje klar til jul, så bør du i alle fall kome deg ut i naturen for å kople av litt! Då skal du sjå at du gjer unna dei siste juleførebuingane i ein fei etterpå :)

torsdag 20. desember 2012

Fin eller fin-fin tur til Kjelstadnakken (1052 moh) - valet er ditt!



Gjestebloggar Steffen
Du parkerer bilen ved lomma på høgre sida av hovudvegen på den beine strekkja  på Ullebust i Masdalen i Førde. Derfrå følgjer du grusvegen som startar på andre sida av vegen her, sørover i retning Kjelstadnakken. Vegen er bomveg (50 kr) og kan køyrast med bil for dei som ynskjer det,  og har jamn stigning opp til like ved Kvanndalsstølen. Her møter du bom og fysisk sperring, men vegen held fram også vidare til Hagenstølen. Vegen like til  endes eignar seg til gåturar, jogging, trilling med barnevogn osb.

Rutetrasè for den delen av turen som går utanfor veg-
Eg skil mellom to turalternativ: Den fine  turen,  og kortaste, er den som kort og godt følgjer den nemnde  grusvegen  til endes: Du startar altså på Ullebust - passerer stølsmiljøet Ullebuststølen  på venstre side av vegen, og om ikkje så lenge går vegen etter kvart nokså bratt opp til bommen og parkeringsplassen oppe på høgda vest for Kvanndalen. Då har du til gjengjeld vunne mykje godt heile stigninga om du ynskjer gå  vegen til endes.  
Ullebuststølen i midten, startpunktet på vegen i Sundsdalen øverst og nederst


Når du går langs vegen har du panoramautsikt vestover til Store- og Lisjehesten og Blægja, og dessutan ser du ut Dalsfjorden  like til Dale. Ingen fjell skuggar utsynet vestover, så dette er også ein fin kveldstur om du vil nyte solnedgangen.  Frå bommen kan du følgje vegen vidare i austleg retning, først forbi stølsgrenda Kvanndalen som ligg fint til ved elva - og så til vegens slutt på Hagenstølen.  Landskapet som du no ser sør for Kvanndalen er relativt vilt og er i røynda Kjelstadnakken.
Kvanndalsstølen - vegen går like nedanfor bygningane. Hagenstølen bak til høgre i biletet
Flott utsikt vestover mot Storehesten (1250 moh) (t.v) , Blegja og Lisjehesten (t.h)

Men eg vil lengre opp  i lendet:
Den fin-fine turen, som dette blogg-inslaget eigentleg handlar om, er fjellturen til Kjelstadnakken. Stien mot fjelltoppen tek av frå grusvegen på Kvanndalsstølen. På høgre sida av vegen, like nedanfor stølsbygningane, tar du av ned mot elva, sørover,  og vadar denne på høveleg stad. Ein meir eller mindre tydeleg sti går så sør-austover opp i haugen med retning inn i dalen i retning sørover mot Kjelstadnakken. Sjølve toppartiet er førebels skjult. 

Du skal  først gå på høgre side inn i dalen, med jam stigning oppover. Etter ein snau kilometer går du meir til høgre att, rundar meir sør-vestover, og følgjer ein graskledd rane oppover. Du vil snart sjå ein einsleg stor varde i himmelsjå på di høgre hand, men treng ikkje gå opp til denne,  men i staden passere den på vel 100 meters avstand når du går vidare oppover  grasryggen.

No endrar terrenget karakter frå myr og graskledde bakkar, til meir snaufjell og villare terreng.  Du skal no opp på høgre side av ein fjellrant og passerer eit lite vatn på di høgre hand på kring 920 m.o.h.  Sjå no etter små steinvardar som syner veg. Gløym ikkje å nyte det vakre utsynet mot Dalsfjorden og til Hestane i vest! Fantastisk! Dette er lettgått og fint terreng. Vardinga følgjer opp og inn i mest flatt terreng  mellom to små høgdedrag  i austleg retning - og om litt openberrar varden på Kjelstadnakken seg.  Du har her i toppartiet også forlate Førde og er komen over i Gaular kommune.

Du er no komen opp i 1050 meter og utsikta er fenomenal: vestover er alt nemnt, men også Sør-vestover mot Sande sentrum og austover langs Viksdalsvatnet. I Nord ser ein austre delar av Førde sentrum - og lyftar ein hovudet litt ser ein heile fjellmassiva i Nordfjord, med Gjegnen som tydeleg markør mest rett nord for Kjelstadnakken.   

Retur same veg mot Masdalen og bilen.

Parti i toppområdet ved varden på Kjelstadnakken.

                                                                        ****

Det fører elles andre stiar til Kjelstadnakken både frå Skudalen og Hestad/Hestadgrend i Gaular, så det er mange vegar til rom, og opningar for rundturar om ein vil. Ein fin-fin-fin rundtur eg har gått fleire gonger  går frå varden på Kjelstadnakken og vidare nord-austover i retning av og forbi Kvandalsholten, der du dreier nordover og så tar deg inn på ein fjellrane som endar i dalbotnen i siktretning mot dei før nemnde Hagenstølane og grusvegen som endar her. Ein følgjer så denne attende forbi Kvanndalsstølane og til bilen att same vegen som ein kom opp. Denne rundturen er likevel  meir krevjande, er umerkt, og det kan vere sleipt og glatt ned fjellranen mot Hagenstølen så obs obs.











søndag 16. desember 2012

Juletrehogst og bålkos

Etter fleire veker med temperaturar på ned mot 10 minusgrader, er det no brått blitt mildvær igjen. Austavinden har tatt hardt tidlegare i helga, så nesten alt av snø har blæse vekk. Så den kvite jula kan vi førebels sjå langt etter. Det betyr likevel ikkje at vi manglar julestemninga! Artig å sjå korleis jula får nye dimensjonar med små born i hus som no har vokse såpass til at dei forstår meir og meir av det som skjer rundt dei :) Det er tydeleg at "På låven sitter nissen" er favorittsangen, og begge dei små dansar ivrig, nikkar, hoppar og viftar med "sin store skje" medan dei går rundt med ein grautbolle og ei grautskei!

Og i dag - 3. adventssøndag - var det tid for å hente juletreet. Det hentar vi i Jonstadlia i Naustdal. Fjorårets tur var snørik, men sidan det nesten ikkje er snø no, så kunne vi ta den lette vegen og køyre opp i Solsidevegen. I år, som i fjor, var også svigerforeldra mine med på turen.

Vi brukte ikkje så lang tid på å finne to tre som vi synast var passande - eitt stort og eitt lite. Sanna Oliva bar stolt det treet som ho og Bendik Matias skal ha på rommet sitt.

Når juletrehogsten var unnagjort, var det tid for kos. Vi hadde med ved, og tente opp bål og grilla pølser. Dei to små holdt stolt kvar sin pinne over bålet. Medan vi åt kunne vi nyte flott utsikt over Naustdal. Sola kom ikkje heilt gjennom skylaget i dag, men med 5-6 grader og opplett, så kunne vi slett ikkje klage. Og Sanna Oliva konstanterte: "No koooosar vi oss!"

Litt meir rørsle måtte også til, så vi gjekk ein liten spasertur langs etter Solsidevegen før vi vende nasa heimover. Solsidevegen er eit godt eigna turmål for både små og store, og det har eg tidlegare skrive om i dette innlegget.

onsdag 12. desember 2012

12.12.12 kl. 12.12

Kjelstadnakken 12.12.12 kl. 12.12!

Steffen var så heldig at han kunne nytte dagen til ein flott tur på Kjelstadnakken frå Kvanndalen. Meir informasjon om turen kjem etterkvart :)

Storehesten og Blegja i all sin prakt!

fredag 7. desember 2012

På ynskjelista: Toppturbok for dei minste

«Gladgutten, Henky og Dag the Dog er på hyttetur i fjellet. 
Ute er det vinter og masse snø. De skal på skitur. Topptur! 
Har du lyst til å bli med?»

Jula nærmar seg med stormskritt, og få av lesarane på bloggen min vert vel ikkje særleg overraska over at vi har turbøker på ynskjelista vår. Akkurat i år er vi faktisk litt i beit for gode ynskjer, for vi har det meste. "Opptur Bergen" var eigentleg ein favoritt, men etter ein rask kikk, ser vi at boka ber preg av mange små og lette turmål. Den passar nok midt i blinken for dei som bur i området eller har fritidseigedom i nabokommunane rundt Bergen, men kanskje ikkje fullt så spanande for oss andre. Då gjev "Opptur Hordaland" den informasjonen og inspirasjonen vi treng frå same området i staden (og den boka har vi jo for lengst fått i hus!).

MEN, i dag oppdaga eg på Utemagasinet sine nettsider at dei reklamerte for ei toppturbok for dei minste - og DET høyrdest jo veldig spanande ut! Vi er alltid på leit etter noko som kan motivere og inspirere våre små til å dra på tur :) Og med den kulda vi har no for tida, så må vi sitje inne og drøyme om turar i staden, og då kan ei slik bok vere fin å ha!

Boka fortel om toppturane sine oppturar og farer med humor og bilete, og fantasi og røyndom vert blanda saman. På turen får vi med oss ein dose toppturkunnskap for dei aller yngste... og kanskje også dei eldre? Dette er den første boka til tvillingane Kjetil og Marius Grimseth, og boka si handling er henta frå Romsdalen.

Og kva aldersgruppe passar så boka for? Som forfattarane sjølv seier det i intervjuet med magasinet Ute:
 "Minstemannen min på ett har i allefall satt pris på boka. Han peker på personene, dyrene og tingene og vll lære ordene. Eldstemann på fire stiller spørsmål om alt mulig rart i boka, og tvinger meg til å utvide historien. Det er jo morsomt, og litt av tanken, at foreldre kan bidra med egne kunnskaper og historier når de leser boka for ungene sine."

Så kanskje vi skal setje denne boka på ynskjelista vår? Boka får du i alle fall kjøpt her.

mandag 3. desember 2012

Ulltangstølen

I går, søndag, fekk eg meg ein rask tur på Ulltangstølen. Det var 8 minusgrader, men det var friskt og deilig å gå. Vi har eit fantastisk vær for tida - og vi er også godt nøgde med at snøen manglar enn så lenge. Kvit rimfrost på marka er snø godt nok :)

Turen til Ulltangstølen er ein lett og fin rundtur som du gjer unna på 50 - 60 min samla sett i rask gange. Turomtale finn du i dette innlegget frå Ulltangstølen i april-12. Det fine med Ulltangstølen er at du i starten av turen, har flott utsikt innover fjorden mot Førde sentrum, og at du ser "alle" Førdefjella når du er på sjølve stølen.

Eg hadde ikkje med kamera på tur, så det blei nokre enkle bilete på mitt dårlege mobilkamera - har skjønt at HTC'en min ikkje kan måle seg mot Steffen sin Samsung Galaxy III når det gjeld fotokvalitet - så ja, ein slik ein står absolutt på ynskjelista..... :) Men vi får vel vente til behovet for ny mobil melde seg - enn så lenge så fungerer den greitt nok til alt anna eg brukar den til! Uansett, her eg nokre stemningsbilete frå ein kald vintertur:
Sol på Førdsnipa

Postkasse med bok i, og flott sitjebenk å slappe av på!

Eg og Bendik Matias var der forrige gang i april-12
Ulltangstølen blir brukt som trimpost for dei som bur i nærområdet, og det er truleg utdeling av premiar til aktive turgåarar på hausten. Som de ser, så skriv dei fleste seg inn med berre fornamnet, så dette er nok for dei lokale bebuarane på Ulltang :) Men det hindrar ikkje oss andre sporadiske turgåarar å skrive oss inn i boka! Denne gongen såg det ut som opptellinga av turgåarar var gjort i starten av november -12, og den som hadde flest turar hadde gått der heile 144 gonger i løpet av eit år. Slett ikkje verst!