mandag 10. desember 2012

Førdsnipa (863 moh) frå Skyttarkvia...

Varden på Førdsnipa sett i retning austover
Gjestebloggar Steffen:
Det er fleire vegar til Rom; så også om du vil ha deg ein fottur på Førdsnipa, eller Nipa som vi førdianarar kallar den, og som omkransar "byen" vår i Nord-austleg retning. For, anten kan du starte på turen til Førdsnipa i sør-vest og gå opp frå ulike startpunkt på Hornnes/Bergum/Haugum/Presteholten - eller i Sør-aust: frå Slåtten/Hjelle. Eg valde derimot stien opp på Nipa frå barndomsstaden min - Skyttarkvia, som mest ligg rett sør for toppen på Førdsnipa.
Mange vegar fører til Rom....eller Førdsnipa om du vil! 

Austleg vinddrag, minusgrader, lite snø og gløtt av sol, gav eit godt utgangspunkt for turen. Det vil seie; ein måtte vere på alerten, ettersom isen hadde syrt opp i marka her og der - berre dekka av eit tyyyynt melis-lag med snø. Nett så mykje at det gav meg eit par overraskande fall på turen. Men det høyrer med - i alle faaaall når det går bra...

Frå vegslutt øvst i Skyttarkvia sluktar det seg ein god sti oppetter den glesne fureskogen i Førdslia. Etter kort tids gange er det eit fint utsiktspunkt attende til bustadfelta i Skyttarkvia, på sørsida av elva Anga og mot Vieåsen og til  Bruland. Etter ein snau halvtime kjem ein opp på stølen Legene (325 moh) og passerer den første av to stølar på veg til Førdenipa. På Legene er det no berre att eitt sel, som er byrja bli trøytt av dage. Her er det kome opp postkasse med bok på selsveggen - og eg ser av boka at over 500 turgåarar har trakka opp hit så langt i år, no ved inngangen til desember. Her på Legestølen, som så mange andre stader kring oss, er det byrja gro att i landskapet - men utsikta mot Viefjellet er no der ennå, så vidt.
Selet på Legestølen i einsam majestet!
Stien frå Legene og vidare oppover Førdslia held fram like på baksida av selet. Her går ein på sti i open blandingsskog; furu, bjørk og einer. Etter kring nok ein halvtime når ein i skoggrensa; det opnar seg i lendet, og på ei fin legd ligg den andre stølen ein passerer på veg til Nipa frå Skyttarkvia - Flatastølen (501 moh). Denne stølen er teken heilt att og bygd oppat med flittige hender og godt handtverk.
Frå Flatastølen er det panoramautsikt mot sørlege delar av Førde sentrum - og mot dei tre andre "byfjella" i Førde; Viafjellet i aust, Havstadfjellet i Sør og Haldbrendnipa i vestleg retning.
Flott utsikt frå Flatastølen

Stien held fram også her på oppsida av selet, men no  meir i nord-vestleg retning eit stykke, så, etter nokre minuttar, meir i nordleg retning opp mot himmelsjå og stien som kjem frå Skeistølen/Hornnesstølen og følgjer langs eggen austetter mot Nipa.

Frå eggen openberrar også fjella på nordsida av Førdsnipa; Erdalsdalen og Naustdalsfjella i nord - og vestover ser ein Førdefjorden mot Naustdal.  Oppe på toppen av Førdsnipa,har ivrige menn i Førde  for nokre få år sidan bygd opp att varden som lynet øydela og tidens tann la i grus. 

Førdsnipa er ein mykje besøkt topp av Førdefolk, utsikta er fenomenal i alle himmelretningar, og varden er utrusta med bok for å skrive seg inn i.  På Førdsnipa er ein venteleg er komen opp etter 1,5-2 timars gange.

Eg vil særleg slå eit slag for turen med start frå Hjelle/Ryggjabrua i aust, opp stien til Hjellestølen og vidare derfrå opp på Førdsnipa - og så følgje ryggen vestover med nedgang til Skeistølen eller helst:
Hornnesstølen, og så ta ein av fleire stiar nedatt til bygda derfrå. Startar ein på turen litt ut på dagen, så følgjer ein samstundes sola frå aust på si vandring vestover. Rekn då 3-4 timar på denne rundturen.

Nedatt frå Førdsnipa følgde eg mest same traseen som opp; men idèt eg passerte ei tjørn på kanskje 10 meter i diameter - kom eg over eit overmåte stort menneskeskapt kunstverk. Uventa!

Fin trimtur!







4 kommentarer:

  1. Flott turbeskrivelse og knalltøft sistebilde. Istedet for kornsirkler i england blir det ailiens i isen i sunnfjord!
    Kjempefin blogg du har her!
    hilsen http://www.stianmedsekken.net/

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Er også trufast følgjar på din blogg:)

      Slett
  2. Flott tur! Bare å komme seg ut og nyte go'været til tross for julestria og hektiske dager. Nydelige turbilder og beskrivelse. Stilig utsiktsbilde det siste der :)

    Kos dere! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var sikkert artig å sjå på veg nedover - dessverre kunne eg ikkje vere med! Og dei har sikkert hatt den enda artigare dei som laga det til :))))

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!