tirsdag 9. juni 2020

Roppehornet (412 moh) - enkel fjelltur til stor utsikt!


Roppehornet byr definitivt på utsikt! 

I jakta på tindeklassikarane på Sunnmøre, 
har vi lett for å gløyme dei meir lett tilgjengelege fjella med minst like god utsikt.
Roppehornet på 412 moh ruvar ikkje så høgt over havet,
men utsikta kan likevel ta pusten frå deg! 

Tips til Norgesferien: 
Vi tilbrakte ei langhelg (4 dagar) på Sunnmøre. Reiseruta var som følgjer: 
Dag 2: Flø og tur på Roppehornet, (412 moh) samt geocaching. Shopping på Devoldfabrikken i Langevåg
Dag 3: Byliv i Ålesund og tur på Aksla (418 trappetrinn). 
Alnes på ettermiddagen med tur på Johan Skytt - steinen (Sunnmøre si trolltunge) og Storhornet (497 moh)
Dag 4: Alnes fyr og tur langs stranda mot Lestaskjeret. Fann hemmelighytte, geocacher og jettegryter

4 dagars Sunnmøre-tur: Dei 5 hovudstoppa med blå ring


I dette innlegget kan du lese litt meir om dag 2 - tur til Roppehornet på Flø. 

Roppehornet ligg ved idylliske Flø i Ulstein kommune. 
Med utgangspunkt i Gåsneset, kan du både gå topptur til Roppehornet
eller du kan gå den fine turvegen på 2,5 km langs sjøen til Roppesanden. 
Undervegs kan du også leite etter fleire geocacher. 

Vi kom til Flø ein sein maikveld og fekk parkert på ei lomme langs den flotte turvegen. 
Det var ingen tvil om at denne turvegen var populær og kan nyttast både til fots, med sykkel, rullestol eller med barnevogn. 
Fint å tilbringe kvelden med slik utsikt

For vår del vart det ein kveldsaktivitet å leite etter nokre av geocachane medan vi venta på solnedgangen:


Planen neste dag var å ta turen til Roppehornet. 
Sidan snøen framleis låg langt ned i fjella på dei høgare toppane, 
tenkte vi at dette var eit godt alternativ til Sunnmørsklassikarane. 
Og vi vart ikkje skuffa! 

På kartet fann vi ut at det i alle fall var 2 ruter til toppen. Den lettaste og mest omtalte startar på Midtflø og går på grusveg heile vegen med unntak av dei siste 5-600 meterane. Turomtale av den finn du på Morotur.no. Morotur.no er forresten ein flott turportal der du finn omtale av mange turar i Møre og Romsdal. 

Sidan vi ofte synast at fjellturar på grusveg kan bli noko kjedeleg, valte vi alternativet frå Gåsneset. Denne står også omtalt på morotur.no

Kartutsnitt over turruta vi valte. 

Om turen: 
Lengd: 5 km t/r
Stigning 400 meter
Tidsbruk: 2-2,5 time (u/pause)

Turskildring:
Følg Fv. 25 frå Ulsteinvik sentrum mot Flø. Rett før Fløstranda kjem du til Gåsneset. Her er det fin parkeringsplass med plass til 7-8 bilar. Stien er merka herifrå. 

Den brattaste delen av turen er først der du går oppover nordsida av Ulsteinhetta. Litt steinete sti og noko bratt, men stien er tydeleg heile vegen. Om lag halvvegs kjem ein til Ulldalen. Her flatar det ut noko - litt myrete og vått terreng. Ei lita elv må passerast. 
Deretter held stien fram oppover mot Trollet medan du heile vegen har flott og luftig sjøutsikt. Siste del av turen er noko brattare igjen, men det blir fort gløymt når du kjem på toppen og ser utsikta:

"Hårre heite!" høyrde vi frå ei dame som kom på toppen etter oss. 

Trur ikkje ho kom frå Sunnfjord i alle fall.... ;) 

Denne turruta gjev utsikt også undervegs til toppen. Vi ser ned att på bilvegen og turvegen som går langs sjøen til Fløstranda. 



Det var eit ungt par som hadde overnatta i telt på toppen - gjett om vi misunte dei litt....


Når vèret vart litt finare enn meldt, og du har denne utsikta, 
ja, då er livet best ute!

Under heile turen kunne vi også sjå mot Runde og Runde fyr der vi hadde vore på tur dagen før: 



Frå toppen ser du godt den andre turruta opp med grusvegen. Om du betaler bompengar, kan du køyre ganske langt opp. Men går du turen for utsikta sin del, så vil eg defintivt anbefale ruta vi gjekk. Ein god del tyngre, ja - men absolutt verdt det. Og vi går ikkje fjelltur berre for å kose oss heller - litt slit skal det vere ;) 

I ly for vinden, sat vi lenge på toppen og kosa oss. 

Etter endt fjelltur, tok vi ferja frå Hareid og over til Sula, og der måtte vi sjølvsagt inn på Devoldfabrikken i Langevåg. Vart litt handel der, ja....


4 kommentarer:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!