torsdag 27. desember 2012

Hallbrendsnipa (801 moh)


Hallbrendsnipa lyser mot oss - deilig å kome opp i sola!


Vi seinka førjulsstresset med å ta ein tur på Hallbrendsnipa - eitt av Førde sine byfjell - på bitte lille julaftan. Å kjenne sola i fjeset på vegen oppover ga verkeleg energi, sjølv om det er avgrensa kor mykje ho varmar på denne tida av året. Det er ganske isete i terrenget for tida, så vi måtte vere noko forsiktige - ikkje minst på vegen ned att! Noko beinbrot har vi ikkje lyst å pådra oss....
Blå himmel, sol og flott utsikt = fantastisk naturoppleving!

Slik finn du fram til Hallbrendsnipa:
Hallbrendsnipa er ein grei tur å finne fram til på eiga hand sjølv om du ikkje har gått der før. Frå Førde sentrum køyrer du i retning Sande, og parkerer på Reset. Første del av vegen følgjer Den Trondhjemske Postveg som går innover mot Langelandsvatnet. Etter ei lita stund, kjem du først til eit vegskilje der det er skilta mot Halbrendsstølen. Du skal ikkje gå dit, men halde fram rett framover - og ikkje lenge etter er det skilta til høgre mot Hallbrendsnipa. Skogsvegen svingar seg då oppover mot Kalsetdalen. I dèt vegen byrjar å flate ut siste stykket mot Kalsetvatnet, står det skilt mot Hallbrendsnipa. Du forlet då skogsvegen og held fram på tydeleg og merka sti vidare oppover mot nipa. Stien slyngar seg bratt over, men det er greitt å gå. På sommaren kan det vere noko blautt og myrete i stien, så fjellsko er eit godt val om ein ikkje ynskjer å bli våt! :)

Ei alternativ, og mindre bratt rute, er å gå heilt inn til Kalsetvatnet og følgje ein sti opp til nipa derifrå. Vi har ikkje prøvd denne sjølv, men det skal vere ein fin og grei sti. 
Turfakta: 
Effektiv gangtid: 2- 2,5 time t/r
Lengde: 8 km t/r

Om du har GPS og ynskjer å laste ned ein GPS-logg, så finn du det her. Takk til Jan Roar som har lagt ut denne og fleire turar!


1 kommentar:

  1. Og dere vandrer videre, he-he! Fikk besøk og mye som skulle ordnes, så den fjellturen(e) og time-out'n til fjells ble ikke noe av for min del dessverre. Godt å kunne nyte dine vakre turbilder og få motivasjon til nye turer. Alltid kjekt å se fremover til nye mål og opplevelser! Takk :)

    Fortsatt god jul til dere alle - her jobbes det, men nyter en 5-minutters kaffepause og bloggbesøk ;)

    Kos dere!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!