lørdag 29. desember 2012

Hafstadfjellet (705 moh) i praktfull vinterskrud!


Hafstadfjellet i all sin vinterprakt!
Vi gjekk inn i jula med grøne bøar, men etterkvart som julaftan skreid fram, vart det kvitt ute og det kom etterkvart ein del centimeter med snø. Været dei første juledagane har vore skiftande, frå delvis blå himmel og sol til at det har vore tåke langt ned i fjella og snøbyger. Så går det 10 minutt, så skimtar vi blå himmel igjen.....

Hafstadfjellet er vel det fjellet flest førdianarar går på, og det er dei som går der fleire hundre gonger i løpet av året. Det blir mykje brukt som aktiv trim-/treningstur - truleg fordi det både er veg heilt til topps, men også fleire alternative rutetrasèear å velje mellom. Når Hafstadkleiva endeleg står ferdig, er det faktisk heile 3 svært godt tilrettelagte ruter til toppen - i tillegg til at det også er nokre oppgåtte stiar. (Og ein kan spørje seg om ein faktisk har bruk for 3 slike vegar til ein og same fjelltopp...... men den diskusjonen skal vi ikkje ta her!) 

Vi kan derimot ikkje skuldast for å vere spesielt ivrige på å gå på byfjella i Førde - og torsdag hadde eg faktisk min første (og truleg siste) tur på Hafstadfjellet i 2012! Eg har sagt det før - og seier det igjen - eg synast det er litt kjedeleg å gå den turen. Det er noko med at den bilvegen verkar uendeleg lang, både på turen opp og turen ned att.... MEN; det er på ingen måte grunn til å klage på utsikta du får undervegs, og ikkje minst på toppen! Så ein gong i blant er det greitt å gå der - ikkje minst fordi du rett og slett kan gå utan å tenkje på kor du set foten :) Og det er eit godt val for dei som ikkje har gått så mykje på (fjell-)tur, og vil kome i gong med det!

Ein positiv ting med Hafstadfjellet, er at du kan gå til fots stort sett heile året. Om det kjem snøfall, så er det alltid nokon som trakkar opp ein "sti".

Og det vart faktisk ein svært så fin tur oppover på torsdag - med terrenget i full vinterskrud! I tillegg fekk vi dei store værkontrastane - frå sola som skein i fjeset til opplevinga av "snøstorm" dei siste par hundre meterane opp til toppen! Her er nokre vinterbilete som viser litt av turopplevinga vi hadde (som vanleg er det Steffen som er fotograf!):





Om du ikkje har vore på Hafstadfjellet før, men har lyst til å ta turen, så er det berre å ta ein kikk på kartet og velje blant dei mange alternative rutene til toppen:

Vanleg tidsbruk til toppen ved roleg gange er 1 - 1,5 time.

Vi gjekk bilvegen frå Bruland, som er den mest brukte ruta. Ja, den er faktisk så populær at grunneigarane i området no har valt å sperre parkeringsplassen ved startpunktet.... Dette var omtala i FIRDA i dag:

Bruland Utmarkslag har vedteke å stenge tømmerplassen/ parkeringsplassen ved bomvegen til Hafstadfjellet for all bilparkering. Grunneigarane set foten ned i protest mot manglande bidrag frå kommunen."Det kan ikkje vere rett at parkeringa skal baserast på økonomisk bidrag, arbeid og velvilje frå grunneigarar gjennom fleire tiår" uttalar dei. 

Vi får håpe dei finn fram til ei minneleg løysing på dette slik at vi kan halde oppe turaktiviteten  i Førde! 

Det siste døgnet har det komt rikelege mengder med nedbør - men no som regn - så det byrjar å minke på snøen igjen.... "Og slik går no vinterdagan!"

2 kommentarer:

  1. Kjempefine vinterbilder frå Hafstadfjellet. Har ikkje vert der heller eg,men det står på planen :)

    SvarSlett
  2. Er einig med deg når det gjeld Hafstadfjellet;) Ein grei tur, men ganske kjedeleg... Ønsker deg eit riktig godt nyttår!! Gledar meg til nye blinkskudd og turar i 2013:)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!