torsdag 3. juli 2014

Førdefestivalen - ut på tur, aldri sur!


Halbrendstølen var ramma for årets "Ut på tur, aldri sur" under Førdefestivalen.
Hafstadfjellet midt i mot, og Førde sentrum oppe litt til venstre i biletet. 

Førdefestivalen og Barnas turlag har dei siste åra samarbeidd om felles festivaltur. 
Dette er eit flott arrangement, der ein både får ei god turoppleving 
og samstundes ei fin konsertoppleving. 

Førde har mange vakre omgjevnader som kan nyttast til slike arrangement. 
I år var det Halbrendsstølen som fekk æra. 
Ein grei og lett tur på 1,5 km opp til stølen frå Reset, 
og dermed passar turen godt også for dei aller minste. 

Skiltet viser vegen kor vi skal gå - Bendik Matias snur seg og lurer på om ikkje mamma snart kjem!

På veg opp til stølen kunne vi kjøpe billettar
Billettane er kjøpt, og vi er klar for siste bakken opp til stølen. 

Det vart etterkvart folksamt på stølen,
og vi høyrde at dei talde til om lag 130 personar. 

Halbrendstølen ligg fint til ved foten av Halbrendsnipa

Meininga var at Unni Løvlid skulle underhalde med programmet "Huldre og troll i dur og moll",
men flyvanskar gjorde at ho dessverre ikkje kom seg fram. 

I staden vart det eventyrstund med Hanne Oftedal,
ein røynd forteljar som underheld på fleire arrangement i løpet av festivalen.

Jorunn Kleiven i Barnas turlag introduserer eventyrforteljaren Hanne Oftedal



Halbrendstølen var absolutt ei flott ramme for ei slik stund, 
så dit kjem vi gjerne igjen! 
Vertskapet på stølen, ekteparet Årdal, hadde gjort ein fantastisk innsats, 
og diska opp med kaffi, saft og kaker av mange slag! 
Imponerande - og tusen, tusen takk!

Det er ikkje kvar dag du kan forsyne deg med eit rikt utval av kaker når du kjem til støls!


1 kommentar:

  1. Så koselig arrangement! Sikkert kjekt med eventyrstund, og kaffe, saft og kaker smaker alltid godt.
    Det ser ut til å være mange merka turveger i ditt distrikt. Dette er et stort pluss. Et aktivt Barnas turlag også.

    Fortsatt god sommer fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!