På veg innover Langedalen frå Fonn - inst i Stardalen. Litlenova er toppen midt i dalen. Kvannebotnen til høgre, og breen opp mot Kaldekari til venstre. |
Majestetiske Stardalen!
Kvar gong vi køyrer gjennom Stardalen i Jølster,
blir eg slått ut av dei flotte og magiske fjella,
og konstanterer nok ein gong
at alt for mange av desse framleis er uberørt av våre føtter.
"Stardalen er eit heilt fjellprosjekt i seg sjølv!"
var min kommentar til Steffen i dag.
Kanskje neste år?
Gallen, Oldeskaret, Kvannebakkbu, Bjørja, Snønipa
er berre nokre av dei som ventar!
I dag vart det ingen topptur,
med to små i baksetet måtte turmålet bli noko annleis.
Så i staden for å gå opp på toppane og nyte utsikta,
gjekk vi elvelangs ved Langedalselva inst i Stardalen.
Og kunne glede oss over utsikta opp mot toppane,
og opp til breen!
Fantastisk det også!
Flott å vandre elvelangs - små menneske blant store fjell! |
På veg frå Skei mot Byrkjelo, tar du av frå E39 ved skilt til Stardalen (5,5 km aust for Skei). Køyr heile dalen til endes, inn til Fonn. Ca. 150 m før bilvegen sluttar, er det ein liten parkeringsplass med informasjonsskilt om tur til Langedalen (og Gallen). Gå over brua og gjennom privat tun. Hald deretter fram på skogsveg og etterkvart går den gradvis over til sti.....og til slutt nesten ikkje nokon sti!
Vi gjekk til vi passerte grensa for nasjonalparkområdet. Der var det ei lita utløe. Eit par hundre meter forbi denne, fann vi ei opa grasslette der det var laga til ein liten bålplass - og rundt oss hang fjella nesten ned i hovudet på oss! Storslagent!
Lengde: knappe 3 km ein veg.
Fin og roleg familietur utan særleg stigning, men omgjeven av det beste norsk natur kan by på!
Turen finn du også omtalt i heftet: "17 turområde i Jølster - bygda under breen"
Ta av frå E39 ved Klakegg og køyr heilt inst i Stardalen. |