torsdag 19. september 2013

Fagre (Opp)Stryn!

Gjett om eg misunner min kjære som har fått seg nokre fantastisk flotte turar i Oppstryn dei siste dagane! Han sender meg bilete på epost - sånn berre for å gjere meg enda meir misunneleg.....:

Utsikt attende til Hjellehyrna på veg opp til Segestad og Glomsdalen

Om lag midt i Glomsdalen på veg til Stol

På tur frå Skjeringdalssetra til Jøl bru.
Vi ser attende til setra og Strynefjellvegen midt i biletet.
Etter turen frå Skjeringdalssetra til Jøl bru, køyrde han opp i Erdalen og gjekk til Vetledalsseter  (DNT-hytte) og overnatta. I dag har han gått vidare inn til Infimus-hytta, som er ei hytte som er eigd av Indre Nordfjord Turlag. Retur same vegen og attende til Førde i kveld!

Panorama frå dagens tur Infimus - Vetledalsseter - Erdalen. 

Kunne sjølvsagt godt tenkt meg å vore med! Har tidlegare fått ein liten smak på området med tur opp til garden Segestad i Glomsdalen, og inn til Erdalssetra som du passerer på veg til Vetledalsseter. Men har litt å ta igjen her, ja! :)

Turane har eg også teikna inn på kart, for at de betre skal få oversikt. Vi befinn oss altså ved Hjelle i Oppstryn, rett før oppstigninga til Strynefjellet:
Legg til bildetekst

1 kommentar:

  1. Å sende sin kjære sånne flotte bilder når man ikkje kan være med, er nesten grensa til tortur!! Utrulig flotte bilder :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!