I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019.
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått.
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt.
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020!
Vi åpnar dagens luke:
Luke 24: Sørefjordhytta og Hesjetinden (492 moh)
Turen på sjølvaste julaftane, blir ei heilt fersk turoppleving
- og som for oss vart den ultimate start på juleferien!
To dagar før julaftan fekk vi eit nytt og flott turmål på lista vår,
og dagsturhytte nr. 18 kunne loggførast.
Turen gjekk nemleg til dagsturhytta i Hyllestad - Sørefjordhytta -
og vidare til toppen Hesjetinden (492 moh).
Turskildring til Sørefjordhytta finn du her,
Vi starta turen frå Akse.
Herifrå er det ein knapp kilometer til dagsturhytta (20 min gangtid),
og 2,8 km til Hesjetinden.
Det flotte med dagsturhytta og turen vidare til toppen, er utsikta du får mot Lihestenmassivet.
Makan til fjellmassiv ved kysten skal du sjå lenge etter!
Denne hytta seglar opp som ein av favorittane!
Luke 24: Sørefjordhytta og Hesjetinden (492 moh)
Nissane på Sørefjordhytta helsar GOD JUL til alle blogglesarar! |
Turen på sjølvaste julaftane, blir ei heilt fersk turoppleving
- og som for oss vart den ultimate start på juleferien!
To dagar før julaftan fekk vi eit nytt og flott turmål på lista vår,
og dagsturhytte nr. 18 kunne loggførast.
Turen gjekk nemleg til dagsturhytta i Hyllestad - Sørefjordhytta -
og vidare til toppen Hesjetinden (492 moh).
Turskildring til Sørefjordhytta finn du her,
Vi starta turen frå Akse.
Herifrå er det ein knapp kilometer til dagsturhytta (20 min gangtid),
og 2,8 km til Hesjetinden.
Det flotte med dagsturhytta og turen vidare til toppen, er utsikta du får mot Lihestenmassivet.
Makan til fjellmassiv ved kysten skal du sjå lenge etter!
Denne hytta seglar opp som ein av favorittane!
Ungane står og og studerer Lihestenmassivet, med Gygrekjeften til venstre. Der har vi også vore! |
Velkomen inn! |
Vi skal vidare til Hesjetinden som er toppen bak hytta på biletet. |
På veg oppover |
Tid for matpause |
Velfortent tittel til ei sprek turjente! |
På veg ned att dukka sola opp - på sjølvast solsnudagen 2019! |
Vi leikar oss med bøllebokstavar! Dessverre mangla både T'ar og S'ar, så vi kunne verken skrive dagsturhytte eller Sørefjordhytta :( |
Og med ein sjeldan selfie, ynskjer også eg (vi) GOD JUL til alle trufaste lesarar! |
Ingen tvil om at dette er den sprekeste turjenta, men må nok legge til Verdens sprekeste familie! Tror ikke det er mange som klarer å få ungene så interesserte i foreldrenes hobby nr 1.
SvarSlettFortsatt god romjul! Det er så artig å følge bloggen din!
Juleklem fra Ingunn
Ps: Må bare legge til at her er det 17 minus i øyeblikket og masse snø. Det ble en spark-tur i dag.
Takk for det, Ingunn! Vi er nok ikkje nødvendigvis så voldsomt spreke, men veldig aktive i alle fall :) og ja, vi er veldig heldige som har ungar som likar å vere med. Her har vi nytta juledagene til litt aktivitet, og har faktisk leita opp snøen i dag med skitur til Synkenhytta. No ventar snart veldig våte dagar med masse regn, så godt å ha vore i litt uteaktivitet. Er nok nærare 20 graders forskjell i temperaturen frå oss til dykk ;)
SlettFramleis fin romjul til deg og dine!