mandag 23. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 23: Skredfjellet (812 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 23: Skredfjellet (812 moh)
Skredfjellet (812 moh)

Dagen før dagen byr eg på eit grensefjell -
eit fjell som framleis vil vere grensefjell også etter 01.01.2020.
I dag ligg fjellet på grensa mellom Gaular og Fjaler kommune  -
og er for øvrig Fjaler sin kommunetopp.
Frå 01.01.2020 vil det vere grensefjell mellom Fjaler kommune og Sunnfjord kommune.

Det nærmar seg ny kommune med stormskritt og for oss som aktivt har jobba med kommunesamanslåinga eit par år, så er 01.01.2020 ein dato vi har venta lenge på!

"Saman blir drivande gode" er visjonen til nye Sunnfjord kommune.
Det betyr ikkje at vi ikkje er gode i dag, men saman - 4 som blir til 1 - skal vi bli endå betre!
Det skal vere noko å strekkje seg mot!

Og verdiane våre gjenspeglar det same:
Saman er vi EIN:
Engasjert
Inkluderande
Nær

Video om visjonen og verdiane våre, ser du ved å klikke her.
Vi har også fått vår eigen song: Vi her inst (klikk for å høyre)

Vi må sjølvsagt ha eigne huer og panneband med Sunnfjord kommune - våpenet på! Her representert med min versjon av pannebandet på toppen av Skredfjellet. 

Turen til Skredfjellet har vi tenkt på lenge -
og eigentleg litt rart at vi ikkje har gått den før.
Den ligg nemleg ganske greitt tilgjengeleg frå vegen mellom Sygna og Guddalen.
Med start rett ved skiltet som syner kommunegrensa, er turen ca. 3,5 km og tar mellom 1-1,5 time opp.

"Gå på kanten av stupet" 
er omtalen av turen i Opptur Indre Sunnfjord (13-02).
Det gir eit ganske godt bilete av korleis turen er når du først kjem opp på platået mot Steinsetdalen.
Men det opplevast ikkje spesielt luftig, så du treng ikkje otte for høgdeskrekken.

Kort turskildring: 
100 meter frå skiltet som grensa mellom dei to kommunane, går det ein skogsveg oppover lia mot aust. Når denne sluttar, går det ein tydeleg sti vidare.
Når du kjem opp i det som heiter Bjørnabitetbotn, kan stien bli noko utydeleg i myrane. Du siktar deg inn mot det lågaste punktet i skaret som går over til Stordalen. Når du kjem opp i skaret, går det ein tydeleg sti sørover resten av turen til du ser varden på Skredfjellet.

Grensemerke

"Gå på kanten av stupet" - det høyres verre ut enn det er. Men sjå kor fint! 
Flott utsikt over Steinsetdalen

2 stk på toppen som fortener applaus for flott fjellinnsats i 2019§


Og her er Sunnfjord kommune - hua!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!