lørdag 24. mars 2018

Glutenfrie hamburgerbrød til turen!



Hamburger er eit godt alternativ til turmat om ein vil ha anna turmat enn pølse med brød. Desse hamburgerbrøda er raske og enkle å lage, og kan også fint nyttast som rundstykker.

Oppskrifta er i utgangspunktet henta frå bloggen www.pappautengluten.no - ein blogg med mange gode glutenfrie oppskrifter, så det er absolutt verdt å ta ein tur innom for å finne inspirasjon til baking eller matlaging!

Deiga er som nemnt raskt å lage, men må ha litt hevetid.

Ingredienser: 
6 dl semper mix (eller anna glutenfri mjølblanding - eg brukte semper mix med fiber)
1 pk tørrgjær
1 ss fiberhusk
2 ss sukker
1 ts salt
2 ss olivenolje
3,5 dl lunkent vatn (kan bytte 1,5 dl med mjølk om du ynskjer).

I tillegg hadde eg oppi (men er ikkje naudsynt):
1 ss fibrex
ein dæsj chiafrø
1 kork eplecidereddik

Fibrexen, chiafrø og eplecidereddiken rørte eg ut i vatnet saman med fiberhusken.

Eg hadde også i ei neve havregryn som eg blanda med det tørre.
Det er nok heller ingenting i vegen for å ha i litt raspa gulerøtter om du vil det.

Slik gjer du det:
Start med å ha fiberhusk i vatnet. Då blir det ei geleaktig blanding. La dette stå 10 minutt. Tilsett 2 ss olivenolje i blandinga og la det stå eit par minuttar til.

Ha dei tørre ingrediensane i ein bakebolle og tilsett vatn. olje og fiberhusk. Rør godt og elt deigen til du har ein jamn, fin deig. Gjerne minst 10 minutt.

La deigen heve på ein lun stad i ca. 1 time.

Trill ut rundstykker eller bruk ei skei til å forme rundstykker direkte på bakeplata. Pensle med egg eller mjølk, og ha gjerne sesamfrø, havregryn eller solsikkekjerner på toppen. La rundstykka etterheve i ca. 30 minutt. Eg brukar å fylle vasskummen med varmt vatn og lar bakeplata stå over dampen frå vatnet.

Steikast i forvarma omn på 200 C i ca. 15 minutt.


Eg fekk 9 store hamburgerbrød av denne oppskrifta. Skal du nytte dei som rundstykker, kan du gjerne lage dei litt mindre og få fleire. Doble gjerne oppskrifta når du først er i gong :)

PS. Er deiga for hard, tilsett litt meir vatn/mjølk. Er det for klissete, tilsett meir mjøl. Om du formar rundtstykka med skei, kan gjere deiga vere litt klissete. Dei held seg då saftigare lenger.

fredag 23. mars 2018

Topptur til Søtekollen (557 moh)

Utsikta frå den vestlegaste av vardane på toppen - utover Sognefjorden mot Hyllestad og Solund

Verken namnet - Søtekollen -
fjelltur til ein "søt" kolle.....
eller høgda på fjellet - 557 moh, 
får det til å høyrast som du går på ein topptur. 

Men når du står på toppen så kjennest det slik...
utsikta er i alle fall vidsynt nok til at toppturkjensla er der, 
og går du fram på kanten, 
kan du fint få magasug når du ser fleire hundre meter ned til Takle. 

Turen til Søtekollen er då også omtalt som 
"Topptur til Søtekollen" på ut.no.

Toppen er godt synleg over Brekke når har tatt ferja frå Lavik til Oppedal og kjem køyrande innover mot Instefjorden. Vi oppdagar mange turmål når vi er ute og køyrer - og denne toppen er eit eksempel på det. Dersom du kjem køyrande frå Rutledal og innover mot Brekke, ser toppen mykje meir spektakulær ut - og det var på ein slik tur at vi bestemte oss for at denne toppen skal vi på!

Som sagt så gjort - nokre veker seinare - i haustferien 2017, var vi på veg alle saman:

Vi er i ferd med å kome over tregrensa og ser ned att til der turen starta. 

Turskildring: 
Stien startar rett ved fylkesvegen  ved Egga (nord for Brekke i Gulen) og går gjennom skogsterreng det første stykket. Det er ganske vått i stien, så vasstette sko er å anbefale store delar av året. Det er god sti og merking, så det er lett å finne fram heile vegen. Når du etterkvart kjem over tregrensa, så får du heile vegen flott utsikt over fjorden. 


Ver merksam på at det er to vardar på toppen - ein med skilt og turbok, og så ein litt lenger vest. Ved den siste varden får du den mest spektakulære utsikta, så du må definitivt ta turen bort dit! 

Tidsbruk: ca. 3 timar
Lengd: ca. 5 km t/r

Oversikt over turen - henta frå ut.no



Panorama Sognefjorden

På toppen - 557 moh! 

Det er best å ikkje misse balansen her..... då får du nokre hundre meters flytur ned til Takle!


På heimveg - men vi må stoppe og nyte utsikta innover Sognefjorden endå ein gong!