fredag 29. april 2016

Solnedgang over majestetiske Storehesten

Har du planlagt kva fjell du skal utforske i sommar?

5 fantastiske toppturer!
Drømmer du om å utforske Norges flotte fjell? Her er tipsene du trenger for å få en vellykket tur, og toppene du bare må bestige. 



Dette var starten på ein artikkel i bladet Shape Up som låg i postkassa mi i dag. 
Nok ein gong har eg hive meg på gode tilbod frå Bladkongen.no
og får med dette flotte magasin i postkassa mi.....
Sjeldan eg rekk å lese i kvardagen, 
men kjekt å kose seg med i helgane! 

Men MÅ jo alltid kikke raskt gjennom når magasina kjem, 
og overskrifter som handlar om fjellturar kan vi ikkje vente med å lese. 

Turtipsa i Shape Up var turmål dei fleste av oss allereie kjenner til: 
Stolzekleiven, Besseggen, Galdhøgpiggen, Kjerag og Preikestolen. 
Så ikkje noko nytt og revolusjonerande der.... 

Men artikkelen ga derimot nokre viktige tips for korleis du skal få ein best mogeleg tur. Det siste tipset var kanskje det viktigaste: 

Kos deg!

"Ikke glem at du er på tur, å ha det travelt kan du drive med senere. Ta deg tid til å stoppe for å se utsikten, nyt en Kvikk Lunsj eller appelsin med solen i ansiktet, ha en god samtale med en venn. Toppen vil stå der og vente på deg. Trekk pusten dypt, kjenn at hjertet jobber, nyt den herlige rene luften og ikkje minst - den storslåtte utsikten!"

Tilsvarande turtips kjem nok til å dukke opp i ulike blad, aviser, nettsider og sosiale media i tida framover. Så det er berre å starte turplanlegginga for sommaren! 

Og sjølv om tipsa handlar om allereie kjente turmål, 
så kjenner eg at eg blir no bittelitt inspirert til å planlegge nye turar likevel....
Blir du?

Ei nyttig pakkeliste for tur var også med i artikkelen

Og som eit lite tips til slutt: 
Treng du noko som kan motivere deg til å kome deg ut på tur, 
så kan du få aktivitetsarmbandet Active Life Tracker som velkomstgåve
om du bestiller eit abonnement på bladet I Form.  
(I tilfelle du lurte: ja, eg har visst bestilt abonnment på det også....)



mandag 25. april 2016

Turfamilien - artikkel i Sogn og Fjordane sitt turmagasin 2016

For 10. året på rad gjev Sogn og Fjordane Turlag ut eit turmagasin som vert sendt ut til alle husstandar i fylket. 
I jubileumsutgåva for 2016 er vi med :)


Magasinet vert sendt ut til husstandane med det første, 
men det er allereie tilgjengeleg på issuu: 


Artikkelen om oss finn du på side 31. 

Vi har også snike oss med på ei anna side med eit bilete frå DNT-hytta Massbu: 


Som de kanskje skjønar, så er det nokre år sidan dette biletet var tatt. 
Det er ei stund sidan vi brukte bæremeis no :)
Men DNT-hytta ligg der framleis og ventar på å bli brukt! 

søndag 24. april 2016

Mikroeventyr: med 500 m radius i luftlinje frå hytta

Ein sjeldan sjanse til å spasere ut til Måseholmen ved Djupevika
ved Hestadfjorden.

I dag har vi vore på Mikroeventyr
radiusen har vore om lag 500 m i luftlinje frå hytta vår.

Men vi har oppdaga plassar vi aldri (eller sjeldan) har vore før: 
Vi har gått ut på ein holme på grunn av låg vasstand. 
Vi har oppsøkt nordsida av Eikelandsfossen,
og vi har funne flotte naturperler langs Hestadfjorden. 

Ein majestetisk foss langs Gaularvassdraget - her på nordsia av Eikelandsfossen. Frå sørsida er det tilrettelagt sti og platning slik at du kan gå heilt inntil fossen. Der ligg det også gøymt ein geocache :)

Gjett om vi gler oss til padleturar, grilling og teltturar i vår og sommar, 
men enno er det visst lite som minner om at varmen er på veg.....

Var det nokon som sa vår i april???




"Sjå mamma - ein hjartestein!" - i dag fann vi 3 - ein på kvar plass!
Bendik fann sin favorittplass - og godt nøgd med valet!