Tur- og fjellbloggen har passert over 20 000 besøk, og dette må sjølvsagt feirast! Dermed lanserer vi også bloggen sin aller første Give Away!
Og kva er vel meir naturleg enn at det som vert "gitt bort" tar utgangspunkt i turar i naturen? Eg gjev derfor vekk 3 stk av boka: "Stig ut i naturen" av Stig Roger Eide.
Boka er ei reise i natur og kultur i Sogn og Fjordane, og du møter menneske som har eit nært og spesielt tilhøve til naturen, og du kan lese deira historie. Som forfattarane sjølv skriv det i føreordet:
"Ferdsel i natur og kultur gjev opplevingar. Som oftast er dei verdt å ta vare på, og her prøver eg å vise noko av det vi verkeleg har grunn til å vere stolte av i fylket. Dette er ikkje ei rangert liste over dei mest aktuelle opplevingsreisene du kan ta i Sogn og Fjordane, heller ei lågmælt skildring av opplevingar som ligg så nært at du står i fare for å oversjå dei. Splinten i auget kan skugge for mykje, og gjere verda så altfor lita"
Med boka håpar han å gje inspirasjon til at folk skal finne sin eigen favorittur, kanskje til og med rett i nabolaget! Og slik er det med bloggen vår også - vi håpar å inspirere til nye og varierte turar, og kanskje oppdage dei turane som ligg rett i nærleiken, men som kanskje ikkje blir så veldig profilert eller omsnakka....
Tøffelstien til Noregs flottaste utedo på Støyvastølen, Gruppesex på gravlunden i Fredensborgparken, Skål for festfjellet Skåla, på tur med Turboreven, vandring i Fosseheimen på Gaularfjellet, til Sogn for å finne puddersnø og Vettisfossen er historier du kan lese om i denne boka.
Så sjølv om du ikkje bur i Sogn og Fjordane, så kan kanskje denne boka gje deg idear og inspirasjon til kor du skal reise om du kjem hit ein gong...:) Uansett så er det mange flotte turhistorier å lese frå folk som opplever naturen på sin måte!
Og skulle du allereie ha denne boka frå før, så er den jo kjempefin å gje vekk i julepresang...
For å vere med i trekninga, må du leggje igjen ein hyggjeleg kommentar under dette innlegget! :)
I tillegg kan du få ekstra lodd ved å gjere som følgjer:
1 lodd om du er/blir følgjar av bloggen
1 lodd for å linke til denne give away'en på bloggen din
1 lodd for å like Facebook-sida til bloggen, klikk her
1 lodd for å linke til dette innlegget, Facebook-sida eller bloggen på din Facebook-profil
Til saman kan du altså få opp til 5 lodd. Di fleire lodd, di større vinnarsjansar!
Skriv i kommentarfeltet kor mange lodd du tar.
Hugs å leggje epost-adresse (om eg ikkje kjenner deg...), slik at eg veit korleis eg får kontakt med deg om du skulle vere så heldig å vinne!
Siste frist for å vere med i trekninga: onsdag 7. november kl. 20.00
Gratulerer med 20000 besøk!!! kjempefin blogg,med masse fine bilder.Har sett mange tura eg har lyst å gå.Synest de er kjempeflinke som går så masse på tur med ungane,kjekt å sjå ;))ps.har likt facebook sida di ;)
SvarSlettSå gøy med give away!
SvarSlett3 lodd på meg, takk :) Likar fb-sida, og er hermed fast følgar blitt :)
Kjekt. Blir visst same 3 lodda på meg og :)
SvarSlettGratulerer med 20 000 besøk!! Tur inspirasjon for alle småbarnsforeldre:)
SvarSlettGratulerer med alle besøkene, fantastisk! :) Veldig flott blogg om fjellturer til inspirasjon, glede og turinfo. Flotte bilder og beskrivelser lokker oss ut av go'stolen ;)
SvarSlettJeg trekker faktisk 5 lykkelodd!! :) Tvi tvi!
Ha en fin dag!
Klem, Eli Kristin
Stå på vidare. Den neste toppen er den viktigaste;-)
SvarSlettFlott blogg - med litt samme tema som meg, nesten! Det var gøy!
SvarSlettJeg trekker tre lodd (kommentar, følger og link fra min blogg).