søndag 17. juli 2016

Fossestien på Gaularfjellet: Langestølen - Likholefossen


Langestølen er eitt av 4 alternative startpunkt for Fossestien
Fossestien går frå Gaularfjellet i Balestrand kommune til Viksdalen i Gaular kommune. Sti går langs elva Gaula og er totalt 21 km lang. På strekninga passerer du 14 fossar og 7 vatn. Stien er merka med raud F.

Du treng ikkje å gå heile stien på ein gong, men kan gå den i fleire etappar. Det er 4 stadar det er naturleg å starte og der det er tilrettelagt med parkering: Torsnestølen, Langestølen, Likholefossen og Eldal. Dersom du ynskjer transport til startpunktet, går det fast skyss frå Hov Hyttegrend kl 10 kvar dag i sesongen.

Kart over heile Fossestien - henta frå www.fossestien.no


Vi har gått fleire etappar av Fossestien tidlegare, men det byrjar å bli nokre år sidan, så denne sommaren har vi tenkt at vi skal gå delar av den med ungane. Vi starta med etappen Langestølen - Likholefossen som er 7 km lang, og det er denne etappen vi viser bilete frå her. Kanskje blir du inspirert til å ta turen på Fossestien du også - anten delvis eller heile på ein gong!

Utsikt mot Langestølen frå parkeringa - her er det stølsdrift på sommaren.


God skilting undervegs med kart og informasjon om avstandar


Mektige fossefall undervegs:




Imponerande tilrettelegging av stien!

Bratteteigstølen: 
Etter ca. 2 km kom vi til Bratteteigstølen




Myravatnet: 
Etter ca. 4 km kom vi ned til Myravatnet - fint å ta ein liten pause her før ein går vidare. 

Vegen vidare:



Hovstølen:

Vi går på oppsida av hyttefeltet ved Hoffslåttene:



Ved endepunktet Likholefossen: Brua ved Likholefossen er ein turisattraksjon i seg sjølv, og mange turistar stoppar her.

2 små har gått turen som ein leik - fin tur for små born!

Ved Likholefossen kan ein også leite etter geocache. 

Og som belønning for flott innsats, kan ein kjøpe is på Hov Hyttegrend eller ta ein tur innom kiosken på Flatheim 4H- og friluftsgard!





Tusen takk til Ottar Hov - eigar av Hov hyttegrend - som har brukt meir enn 10 år av sitt liv på å leggje til rette Fossestien for oss glade vandrarar! 
Ein innsats det står respekt av!

Og ynskjer du å overnatte på ei hytte eller campingplass i flotte naturomgjevnader, så er Hov hyttegrend å anbefale!
Med denne som base, har du eit godt utgangspunkt for mange flotte utflukter! 

mandag 11. juli 2016

Geocache: Viewpoint Utsikten Gaularfjellet

Vi finn stadig på nye sprell: i går gøymde vi ein ny geocache på Viewpoint Utsikten Gaularfjellet. Den er no publisert- løp og finn!