søndag 31. mai 2015

Opning av stien Otterstein - Fossevika i Fjaler


Sundag 31. mai var det offisiell opning av stien mellom Ottersteinen og Fossevikja ved Dalsfjordbrua.

Stien er opparbeidd i eit samarbeid mellom Kystarvstiprosjektet i Hafs og Indre Sunnfjord Turlag,  og lettar tilgangen til DNT-hytta Nipebu og flotte fjell som t.d. Fløyen /Heileberget.

3 generasjonar i familien Jonstad var til stades på den høgtidlege og varierte opninga, og deltok på turen til Fossevika og vidare opp til Nedre Fossedalen.

Fyldigare turomtale kjem seinare :)

lørdag 30. mai 2015

Når turdraum blir røyndom: Vetvika i Bremanger


Vetvika i Bremanger - ein naturidyll av dei sjeldne!

Einskilde turdraumar er større enn andre. 
Vetvika i Bremanger har stått høgt på lista vår i mange år
- og i dag fekk vi oppleve denne flotte plassen! 


Ingen vegar fører til Vetvika, 
så her må du kome sjøvegen, 
eller til fots
- slik vi gjorde i dag, 
med start frå Svarstad i Bremanger. 

Turskildring finn du her på ut.no. 

I slike omgjevnadar kan ein verkeleg nyte kaffien!

I dei bratte bakkane bak huset ligg stien ned til Vetvika.



Turen i dag var også ei bursdagsgåve til denne jubilanten: 
Bursdagsbarnet var godt nøgd med val av stad for feiring :)





På veg gjennom Ura med Solheimsvatnet nede i dalbotnen

Fjernsynsmasta i Bremanger som ligg på Steinfjellet.
Om tur dit, kan du lese i dette innlegget

fredag 29. mai 2015

Ha ei flott friluftshelg!



Denne helga er det ei rekkje arrangement i samband med Friluftslivets år. 
Her i Sunnfjord har vi i alle fall ei rekkje aktivitetar å velje mellom. 
Ta med deg familien din eller ver ein friluftsfadder og ta med ein ven på tur!

Her er nokre tips for deg som bur i Sogn og Fjordane: 

4H arrangerer har 14 ulike arrangement rundt om i Sogn og Fjordane. 
Les meir her

Søndag 31. mai er det opning av stien Otterstein - Fossevika i Dale.
Les meir her

Andre turar i regi av Turistforeningen, finn du her.

Til sist må eg også nemne at det på søndag er offisiell opning av Hafstadparken i Førde!

Sjåast vi ute i helga?

onsdag 20. mai 2015

Vår første geocache: Eikelandsfossen - Hestadfjorden #1

Eikelandsfossen med Kjelstadnakken i bakgrunnen

Forrige helg gjorde vi noko vi aldri har gjort før 
- nemleg leggje ut vår første geocache!
Vi har hatt planar om det lenge, 
men tida frå tanke til handling tar av og til litt tid....

Geocachen er gøymd ved Eikelandsfossen i Gaular, 
og vi har etterkvart tenkt å leggje ut fleire cacher rundt Hestadfjorden. 
Derfor er den merka med Hestadfjorden #1.


Godt nøgde med å ha lagt ut vår alle første geocache - i eit fint naturområde som vi vil skal oppdagast av fleire!

Vi var veldig spente på kor lang tid det ville gå før nokon fann den 
- det er jo stor stas å vere FTF (First to find), 
men sidan denne ligg meir avsides til, 
så rekna vi med at det gjekk nokre dagar. 

Det var derfor veldig kjekt då det allereie i går tikka inn melding: 
Tvillingane blei FTF - gratulerer!
Og dei skreiv i loggen: 

Jippi vår 10 FTF:-) 
Flott plass. Gleder oss til dei andre i Fossestien. 
Har sett på denne i nokre dagar og no fekk vi tid til å ta den:-)
Får favorittpoeng frå oss. TFTC:-)

Takk for flotte ord i loggen! 
Så til dykk andre: spring og leit :)


torsdag 14. mai 2015

Flott 4-fjellstur i Stongfjorden!

7-fjellstur i Holmedal som vart utsett grunna snø, 
vart i staden til flott snøfri 4 - fjellstur i Stongfjorden.


Yndestadhøgeheia (640 moh)  - Toreheia (717 moh) - Skylefjellsnipa (507 moh)  - 
Blåfjellet (435 moh) 
med start og slutt frå Yndestad
(ved skilt til Skylefjell)

Flott rundtur på totalt 12 km.


Det er godt merka sti til Skylefjell. Vi følgde denne til vi kom til to hytter:
ei raud og ei brun. 

Ved den brune hytta tok vi av frå stien til Skylefjellet og følgde ein sti til høgre for hytta. 


Stien førde oss til Yndestadstølen. Vi tok deretter rett opp skaret som du ser
mellom meg og hytta på biletet. Der ligg Yndestadhøgeheia. 

Terrenget er lettgått, og det er lett å sjå kvar du kan gå.
Øya Store Batalden, vest for Florø, i bakgrunnen. 

Flott utsikt ned i Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia.
Skålefjellet er toppen i bakkant av Stongfjorden. 

Øyane i vest for Florø: Askrova, Reksta, Skorpa og Store Batalden (lengst vekk). 

Stongfjorden mot Stavenesodden - fin utsikt mot Alden ytterst.

Stien vidare mot Toreheia. Her er det ikkje merka, men lett å sjå kvar du kan gå. 

Varden på Toreheia (717 moh)




Skylefjellet
Frå siste toppen - Blåfjellet - kunne vi sjå attende på alle fjella vi hadde gått på!
Storslått utsikt også frå Blåfjellet


På retur frå Blåfjellet kjem vi etterkvart innatt på stien til Skylefjellet, og vi ser ned att på dei to hyttene.
Granesundet i bakgrunnen. 


Og så møtte vi på denne flotte karen.....

Utsikt mot Stongfjorden sentrum
Her er GSP-trackinga frå turen - GOD TUR:



Takk til Vigdis for tips til snøfri rundtur! 

Er du nysgjerrig på fleire turar i Stongfjorden og området rundt, ta ein titt innom Gustav sin blogg: 

torsdag 7. mai 2015

GREAT å vandre GRETTENE i Fjærland!



Steffen Ben bloggar -  Flashback haust 2014:


Smak på desse namna: Heimsta Gretta - Midtgretta og Fremsta Gretta...


Fjærland: Turen som innbyr til å gå frå egg til egg
...dei ligg der, på rekkje og rad, forføreriske - 1300-1500 meter høge - og berre BED om nærkontakt med turinteresserte menneske som vil ta seg umaken og sette sin fot på dei. Fjella. Og det gjorde vi, turkompis Oddbjørn og meg, no i haust. 

Så bli med oss til Fjærland og gjenopplev turen, for no er det blitt vår (?), og før vi får sukk for oss er fjellsko-sesongen i gong for alvor. Og då er det uuuuut og oppppp!!!


Fjærland - naturfascinasjon i fleire hundreår:

Bak  Hotel Mundal ligg tre toppar som ikkje ser ut som stort meir enn nokre 
små rosiner.  Men Gudane skal vite at desse fjella, 
Heimsta Gretta (t.v),  Midtgretta og Fremsta  Gretta 
rommar  meir enn det!
I våre dagar er nok bygda Fjærland mest kjent for attraksjonane Norsk bremuseum (og den snart vekksmelta Bøyabreen), Bokbyen - og  det ærverdige trehotellet, Hotel Mundal frå 1891. 

Fjærland husar i dag berre kring 300 innbyggjarar. Dette var ein avkrok av dimensjonar fram til dagens riksveg 5 blei ført i tunnel til bygda frå Skei i 1986, og til austover til Sogndal i 1994. 


Hotel Mundal kring 1900. Foto: Andreas Mathias Anderssen
Men Fjærland har hatt besøk av folk lenger enn det har vore bilveg til bygda; då kom dei med båt, særleg i sommarhalvåret. Ikkje minst har det vore mykje fintfolk her; både kongar og keisarar.  Og mange av dei som kom hit frå slutten av på 1800-talet var fascinert av, og ute i same ærend, som meg og kompis Oddbjørn - nemleg å utforske den heilt særeigne og storslagne naturen og fjella kring Fjærland. 

I mangt og mykje har Fjærland sitt ry som turiststad, klare paralellar til Geiranger - og likt for båe stadane er at det er mykje folk å sjå nede ved fjorden somarstid - men nesten ikkje folk å sjå på fjelltoppane kring, slik eg og Oddbjørn også fekk erfare på topptur-weekenden vi hadde til Geiranger tidlegare på sommaren.



Start: Heimastølen i Mundalsdalen

Fotoet nedanfor syner ruta vi gjekk: Start på Heimastølen i Mundalsdalen, nord for Hotel Mundal. Inn hit kan du køyre med bil, om enn på grov grusveg- og dels over gamle ras. 

Ruta vår - rundtur: Start ved Heimastølen i Mundalsdalen, nord for Hotel Mundal i Fjærland
Ved Heimastølen parkerer du, og går til venstre, ned til elva, og over ei trebru. Herfrå går det sti svært bratt opp fjellsida mot Holten - ein stad der det stod støl tidlegare, men no berre er ruinar att. 

Frå Holten vidare i same nord-vestlege retning, over og opp langs ei elv, i retning Midtgretta. Her er stien utydeleg og blir etter kvart heilt vekke. Så vidare over skogavakse nord-vestover og opp til varden på Midtgretta. 

Herfrå, sør-vestover på høgste fjellryggen bort mot nordre foten av Heimsta Gretta, som no har vakse seg til eit  overmåte spanande turmål.  Vi gjekk på vestsida av breen som ligg mellom Midtgretta og Heimsta Gretta, som synte seg å ha store sprekker denne hausten. Oppgangen på nord-vestsida av Heimsta Gretta gjekk greitt, men verka litt skummel-bratt frå avstand; nesten uangripeleg. Det er likevel berre kring 10 høgdemeter der ein må klyve varsamt og omtenksamt. 

På Heimsta Gretta er det kjempeutsikt i alle retningar!!!!!

Så er det å følgje høgste fjellryggane i same sørlege retning mot Fjærlandsfjorden att: Først ned ein fjellsal frå Heimsta Gretta og så egga opp på  Holefjellet, og tilsvarande sal att ned og opp att på ei ny høgd, no meir austleg retning mot Hotel Mundal, og ein følgjer fjellegga som no er blitt graskledd, ned mot Nesahaugen

På Nesahaugen går det tydeleg sti ned bjørkeskogen til Hamrastølen (kring 500 moh), med bygningar på båe sida av elva som renn ned dalen her. Frå Hamrastølen på god og merkt sti ned til Homrane og bilvegen som går frå Fjærland og ut langs Fjærlandsfjorden til Jordal og Raudboti.

Frå Homrane på asfaltert bilveg attende, inn langs fjorden til kyrkja i Fjærland, og inn på stikkvegen opp Mundalsdalen att til bilen vår.

Avstand: 16 km rundtur. Netto gangtid kan vere kring 5 timar. Krevjande tur som krev god sikt, for det meste umerkja, med lite sjans for å møte folk - men stor sjans for stor naturoppleving!


Vi er i gong - brua ved Heimastølen i Mundalsdalen:

Brua over elva ved startpunktet ved Heimastølen



Rett skal vere rett - ved avreise frå Førde, og godt inn i sjølve gåturen i Mundalsdalen, var det knytt uvisse til om vi ville kunne gjennomføre turen i det heile: Beint fram av di tåka låg grauttjukk like ned i dalbotnen. Men YR hadde lovd godvêr - og vi hadde grunnar til å ynskje at "din vilje måtte skje fyllest....".











Vi er komne opp til stølen på Fribakk - Holten, der det berre er ruinar att etter ein gamal støl. Men postkasse med turbok å skrive seg i, er kome til.


Holtane - på 535 meters høgd





PANG - sa det på Holten, og med eitt var tåka vekke: Då openberra blå himmel seg - og ei fantastisk utsikt sørover Mundalsdalen mot Fjærlandsfjorden. Til fagnadsrop og ovasjonar frå eit samstemt turfølgje på 2!
Utsikt frå Holten -  sørover mot Hotel Mundal og vakre Fjærlandsfjorden.
Tåka sprakk for 5 minuttar sidan!

Fantastiske fjell å sjå inst i Mundalsdalen

Attersyn frå Holten og ned att i Mundalsdalen og Heimastølen
der vi parkerte bilen

Nedanfor: Frå Holten går ruta gjennom glisen bjørkeskog nord-vestover langs elva, på høgre side av denne,  og opp mot Midtgretta - som så vidt synst som ein avrunda topp i himmelsjå oppe til høgre i biletet under.


Fleire vakre fossefall opp mot Midtgretta

Vi er komne til like under toppen på Midtgretta - og ser på dei neste toppane vi skal opp på etter denne att,
 nemleg Heimsta Gretta (t.h) og Holefjellet (t.v)

Midtgretta
Ikkje lenge att til toppen på Midtgretta
Varden på Midtgretta. Holefjellet til høgre, som vi skal til som topp nummer 3 på turen
Utsyn frå Midtgretta (t.v)  nord-vest til Svartevassvatni  (968 moh)
og breen Jostefonni 
Men vi må vidare - neste grette er Heimsta Gretta:




Turens crux er oppstigninga til Heimsta Gretta på nord-vestleg side av denne, frå Midtgretta; nemleg partiet like over høgre sida av snøfonna/breen nedanfor. Her var det litt konsentrert klyving, men så slakka terrenget seg opp mot toppen av Heimsta Gretta og den fine varden der.



Nedanfor: Her er vi ved varden på Heimsta Gretta, og skal gå eggene vidare mot Holefjellet (t.h.) og vidare langs egga like ned til bak varden, der Nesahaugen ligg, og ein rundar ned i skog til Hamrastølen 
Varden på Heimsta Gretta. Holefjellet til høgre

Tur-gnassane Oddbjørn (t.v.) og Steffen Ben i godlune over 
utsikta på turens høgaste punkt - Heimsta Gretta - 1496 moh












Mot Holefjellet:


Nede i venstre hjørne ligg Hotel Mundal 

Frå Holefjellet - langs eggjene - ned til Nesahaugen


Frå Holefjellet gjekk turen ned salen til venstre og opp på egga som fører ned til Nasahaugen. Brekkenipa til høgre

Liten i det store!
Eitt - av fleire - overmåte spanande parti på turen var salen som gjekk mellom Holefjellet og
opp att på ryggen som strekkjer seg like ned til Nesahaugen

Attersyn mot Holefjellet (t.v), Heimsta Gretta (spiss topp) og
Midtgretta (t.h)

Vakkert utsyn inn Fjærlandsfjorden mot Fjærland og  Bøyaøyri. RV 5 mot Sogndal t.h.

Frå Nesahaugen - via Hamrastølen - til Homrane

Utsyn over på austsida av Fjærlandsfjorden mot
Berge - mellom 1. og 2. tunnelen frå
Fjærland, i retning Sogndal
Vi passerte Hamrastølen på veg ned til Fjærlandsfjorden. Stien  opp til Hamrastølen er godt merkt

Attende på fast, men hardt, dekke under føtene. Frå Homrane er det 1,5 km langs bilveg attende til kyrkja i Fjærland, så ytterlegare 3,5 km langs grusvegen opp  Mundalsdalen til bilen att, før vi - svært nøgde med dagens tur  - kunne reise heim att til Førde.








Heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimsta gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta
Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, Fjærland