....for ein liten gut på snart 3 år,
er å få lov til å ro!
Då er det jul, bursdag og solskin på ein gong!
Her tørrtrenar han litt i kanoen på land,
medan vi held på å ta ut robåten for å ro på Lona på Jonstadstølen :-)
For øvrig ein nydeleg dag på stølen,
faktisk ein smak av sommar,
trass i at vi skriv 8. september!
Måtte vi få fleire slike dagar i haust!
Vanskeleg å måtte seie "ha det" til stølen på ein slik fin dag,
men den ligg der og ventar på at vi kjem attende:
Og trass i sommarkjensla,
byrjar naturen å la seg merke med at det haustast.
Her er vi nesten tilbake ved parkeringa i Reiakvamsløken:
(og vi skal nok kome med eit innlegg om kva vi har gjort på stølen i løpet av sommaren,
men vi har eit kamera liggande fast på stølen og der ligg nesten alle bileta!
Så vi må hente det heim først - når sesongen er over)
Men er du nysgjerrig på Jonstadstølen og kor du finn den,
så kan du bl.a. lese desse tidlegare innlegga:
Så fantastisk! Han er heldig, han gutten din :)
SvarSlettDet er ikkje berre lykke for en på 3år å padle, for store også! Heldige dokke er som har en sånn plass å dra til :))
SvarSlett