onsdag 27. april 2011

Gapahuken på veg til Hornnesstølen




Som avslutning på påska 2011, tok eg meg ein liten trimtur til Gapahuken som er laga på Eventyrstien til Hornnesstølen. Den ligg ca. 300 moh, og har flott utsikt ned mot Førde sentrum og opp Halbrendslia. Når du har komt opp til Gapahuken, er du ca. halvvegs til Hornnesstølen som ligg 510 moh. "Eventyrstien" er både eventyrleg og bratt. Så bratt at du kjenner det godt i lårmuskulaturen, og eventyrleg i den forstand at det er lagt fantastisk godt til rette med trapper, tau og ikkje minst kvilebenker. Og det trengst gjerne på den bratte turen opp. Eg har ikkje heilt talet på kor mange benker det er, men ved Gapahuken står det eit skilt til 7. benken, så det er minst 7 i talet.


Går du på tur med nokon som har dårlegare kondisjon enn deg, kan du setje deg ned på "Ventebenken":



Er du på romantisk kveldstur med kjærasten/forloveden/ektefellen, så er de nesten forplikta til å ta ein pause på "Svermebenken:





På vegen oppover finn du også m.a. "Einebenken" og "Kubbeteberget". Tar du turen oppover i romjula, finn du små nissar gøymt her og der på stien! Vel framme ved Gapahuken, kan du skrive deg inn i boka som ligg der, tenne eit lys og rett og slett kose deg over utsikta før du startar på turen vidare - anten du går vidare oppover eller du vender nasen heimover, slik eg gjorde denne kvelden. Og for å illustrere at jula verkeleg varer heilt til påske, kosa eg meg med eit glas julerødvin då eg kom heim igjen!


Vel framme ved Gapahuken:



Slik finn du stien (henta frå boka "Gå sjølv" av Jorunn Kleiven, Selja Forlag):


På rv. 5 frå Førde mot Naustdal tek vi av mot Bergum like etter Klettatunellen. Ta til høgre i første kryss, og så til venstre opp til Solsvingen. Det er ei lita utkøyrsle på høgre sida, i svingen like før vi er ved enden av vegen. Vi kan også parkere ved mottakssenteret på Bergum og gå langs asfaltvegen opp til Solsvingen. Gå til enden av vegen, der stien startar med ei trapp i skogskanten.


Tidsbruk til Gapahuken: 20-25 min


Tidsbruk til Hornnesstølen: ca. 45 min ein veg

3 kommentarer:

  1. Flotte bilder Liv Janne, virker som en kjempekjekk tur med artige innslag! Tror jeg må sette den på "to-do"-lista, he-he :) God forklaring på startsted var det også, så denne skulle det ikke være problemer med å finne.

    Nyt finværet og kose dere mye ut på tur! :)

    SvarSlett
  2. Bileta er tatt med mobil, så dei ikkje så flotte, men gir eit visst inntrykk ;) Enda finare er det å gå forbi Hornnesstølen og opp til ein varde på Hornnesfjellet, og så ned att ein annan sti. Då vert det ein fin rundtur! Vi bur rett nedanfor mottakssenteret, så du får gje ein lyd om du vil ta turen, Eli Kristin, så kan eg vere guide :)

    SvarSlett
  3. Heisann! Så svaret ditt nå, det skal jeg legge på minnet ja! :D

    Er jammen imponert - skal dere gå Øyane Over i år? Jeg har ikke kropp til det, bekken skranglet etter Batalden, hi-hi! Må nok vente med alle 4 øyene til neste år igjen! God tur om dere går iallfall, en fantastisk dag på tur blir det!!! ;)

    Ville bare kikke innom for å ønske dere alle en riktig god 17. mai!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!