tirsdag 2. juni 2020

Rundtur på fugleøya Runde

Kva passar vel betre enn ein rundtur på Runde? 

FUGLEØYA RUNDE




Tips til Norgesferien: 
Vi tilbrakte ei langhelg (4 dagar) på Sunnmøre. Reiseruta var som følgjer: 
Dag 1: Runde med tur til Runde fyr, Rundebranden og Lundeura
Dag 3: Byliv i Ålesund og tur på Aksla (418 trappetrinn). 
Alnes på ettermiddagen med tur på Johan Skytt - steinen (Sunnmøre si trolltunge) og Storhornet (497 moh)
Dag 4: Alnes fyr og tur langs stranda mot Lestaskjeret. Fann hemmelighytte, geocacher og jettegryter

4 dagars Sunnmøre-tur: Dei 5 hovudstoppa med blå ring


I dette innlegget kan du lese litt meir om dag 1 - tur til Runde fyr, Rundebranden og Lundeura

Ytterst ute i havgaået i Herøy ligg fugleøya Runde. Fuglefjellet er det sørlegaste i Noreg og den mest artsrike sjøfuglstaden i Skandinavia.

På Runde er det omlag 150 fastbuande, men frå februar til august kvart år er det hekkesesong og meir enn 500 000 fuglar erobrar øya. Omlag 10 000 par Lundefugl hekkar her, men også havsule, storjo og toppskarv er å finne med store bestander i hekkesesongen.

Fuglane går i eitt med terrenget, så ikkje alltid like lett å oppdage dei. 

Korleis kome seg til Runde: 
Runde er ei øy i Herøy kommune helt vest mot havet på Sunnmøre. Øya har fastlandssamband med ei bru som er gratis å krysse. 
Du kan kome deg til Runde hele året med offentleg transportmiddel, i bil eller båt. Runde ligg ei mil sør for Ålesund (i luftlinje), i Møre og Romsdal.

Fly: Ørsta-Volda og Ålesund Vigra.
Buss: til Fosnavåg og vidare med buss eller taxi til Runde. Runde har brusamband.
Båt: Hurtigruta har anløp i Torvik, ti minutter fra Ålesund sentrum. Fra Ålesund med ferje/hurtigbåt til Hareid, videre med buss eller bil til Runde. Runde har egen hamn. Mogelegheit for båttaxi.
Bil: Frå Ørsta/Volda gjennom Eiksundstunnelen (verdas djupaste undersjøiske tunnel).
Fra Ålesund med ferje til Hareid.

Turruter: 
Turen som er merka med raudt på kartet, er ruta frå Goksøyr til Runde fyr. Det er godt merka stinett i området med klopper og steinheller over dei våtaste partia. Det vanlegaste er nok å gå rett til Lundeura - som ligg rett under Sandshornet (stien er avmerka på kartet). Du kan gå t/r same veg, eller du kan gå vidare til Rundebranden og eventuelt ned til Runde fyr om du vil ha lenger tur. 


For vår del, så starta vi med å gå til Runde fyr. Her går du først opp ca. 240 høgdemeter til Storhaugen, og så må du gå ned att tilsvarande høgdemeter for å kome ned til fyret. Returen blir då tilsvarande høgdemeter opp igjen :) . Så gjekk vi via Rundebranden og bort til Lundeura, med retur direkte ned til Goksøyr. Samla sett vart dette ca. 7,5 km. 

Stistart på Goksøyr med god informasjon om turen og kva du kan sjå. 




Ytterst i verden, ytterst i vest 
kan hende du seile di skute.
Kan hende du seile tilfeldig som gjest
- kanskje du går der i rute?
Uansett treng du et punkt som e fast
der du frakte di skjøre last.
Det e nok at det står der og brenn
- en trofast gammel venn.
Har du fyr, har du løkte langs din vei?
Har du fyr, et signal om riktig lei?
Ei lampe som gløde i mørket
og lose dæ ut og frem,
som tar dæ bort og hjemmefra,
men også tar dæ hjem.

Vi må først gå opp 240 høgdemeter, før vi skal gå ned att tilsvarande høgdemeter for å kome ned til fyret. 



Fyret var naturleg nok Koronastengt då vi var der, men det var dugnadsfolk på plass for å klargjere til opning siste helga i mai. 


Den ytterste fyrlykta vart øydelagt av tyskarane under 2. verdskrig. 

Rundebranden og Lundeura: 

Luftige utsiktspunkt


Sjølv om dei utanlandske turistane uteblir i 2020, så er det ting som tyder på at mange nordmenn har fått auga opp for denne øyperla: Då vi kom til parkeringsplassen på Goksøyr var det berre eit par bilar der frå før, så vi tenkte at det kom til å bli ein fredfull dag. Men etter å ha kosa oss ei stund på Runde fyr og var klar for å ta fatt på resten av turen, byrja det å kome ein del folk sigande. Og fleire vart det - det var folksamt på Rundebranden og endå fleire då vi kom til Lundeura. Vel tilbake til bilen, kunne vi også konstantere at parkeringsplassen var full. Framleis var det tidleg på ettermiddagen, og for dei som vil sjå lundefuglane kome tilbake til reira sine om kvelden, så var det framleis eit par timar att før dei trengte å starte på turen. 

Runde fyr er drifta av DNT Sunnmøre (tidlegare Ålesund og Sunnmøre turistforening), og meir informasjon om fyret og overnatting finn du her. 



Andre nettsider med omtale av Runde: 

Etter ein dag på tur, smakte det fortreffeleg med villcamptaco! 


Om du likar geocaching, er det veldig mange som ligg gøymt på Runde. Du kan plukke med deg ganske mange funn i løpet av denne turen om du tar deg tid til det. Vi tok ikkje alle, men ein del vart det. 

1 kommentar:

  1. Takk for fin og detaljert info! Kjempeartig å lese og se bilder denne gangen også!

    Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!