torsdag 25. juni 2020

Ti turtips i Sunnfjord kommune

Ti tips til turar og destinasjonar i Sunnfjord kommune:

Om du spør meg om dei ti beste turtipsa i Sunnfjord kommune, så får du ikkje noko svar. Det er for det første at vi har så ufatteleg mange fine turar å velje mellom, og for det andre så er det høgst individuelt kva ein opplever som fin tur. Den turen eg likar best, kan vere ein forferdeleg eller kjedeleg tur for andre - og omvendt. Men ber du meg plukke ut 10 fine turmål eller turdestinasjonar, så kan eg lett ramse opp desse - for så å gjerne kome med ei anna liste ein annan gong! 

Avisa FIRDA intervjua meg om fine turar, og her er dei 10 tipsa eg kom med for turar i Sunnfjord kommune (eg har linka til turskildring på bloggen eller ut.no dersom eg har det): 

 1)  Storehesten (1209 moh) og Lisjehesten (912moh)

«Nærast er du når du er borte, noko er borte når du er nær»…heiter det i diktet til Tor Jonsson. Det gjeld ikkje berre kjærleiken, men også for dei tinga vi har rundt oss kvar dag. Dei tinga som vi ser så ofte at vi nærast blir blind for at dei faktisk er der – slik er det med fjellet Storehesten – majesteten i Sunnfjord. Nettopp fordi vi har sett fjellet så mange gonger, så gløymer vi nesten kor særprega fjellet faktisk er! Dette fjellet burde fått mykje meir omtale, og har potensiale til å bli like populært som Slogen eller Saksa på Sunnmøre. Storehesten er ein av dei flottaste fjella i Sunnfjord og bør besøkast av endå fleire. Ved sidan av finn vi Litlehesten (912 moh) – den står ikkje tilbake for Storehesten verken når det gjeld turoppleving eller utsikt. På vegen opp til desse to fjella, finn vi også dagsturhytta Skaraly og er eit lågterskelturmål for dei som ikkje går heilt til topps.

2) Opplev idyllane langs Hestadfjorden og Viksdalsvatnet

Nydeleg fint å sykle eller padle i Hestadfjorden og Viksdalsvatnet, eller ta ein fjelltur om du vil! 

Vel du dette turmålet, vil du kunne  oppleve idyllar på rekke og rad. Ta med deg sykkelen, parker på Sande og sykle austover mot Viksdalen, langs sørsida av Hestadfjorden og langs heile Viksdalsvatnet. Totalt blir det 5 mil t/r. Du kan også ta kajakken eller kanoen, og legge ut litt aust for Eikelandfossen (ved Horsevik eller Kjelstad) og padle nesten 2 mil heilt til Viksdalen. På vegen kan du ta ein stopp ved Hestad kapell eller bade ved den flotte badestranda som ligg der. Dersom du ynskjer fotturar, er det få plassar som byr på så mange stølar med idyll eller utsikt – eg vil særskilt anbefale Aarnesstølen, Kjelstadstølen, Rørstadstølen, Årteigstølen og Tormodsetstølen. For toppturar kan eg nemne Årnesholten, Kjelstadnakken, Snøheia og Holtsnipa.

3)  Lundeskaret og Tverrfjellet

Lundeskaret er ein fjellklassikar i Jølster og har i mange år vore nytta av turlaget. Stien er bratt – veldig bratt – men godt tilrettelagt med sherpatrapper einskilde stader. Turen startar ved tunnellopninga i Fjærlandstunnellen, og går langs elvefaret eit lite stykke før den svingar opp mot skaret. Det er tidvis luftig, men trygt å gå. På toppen av Lundeskaret får du utsikt mot Lundebreane, og har du litt ekstra krefter att, så bør du gå vidare til Tverrfjellet for å få utsikt over Kjøsnesfjorden. Eit anna flott alternativ er å gå til Søgnesandnipa.

  

4)     4) Fjellferd langs Førdefjorden: Redalen –Naustdal

Tidlegare Naustdal kommune gjorde ein god jobb med å merke stiar i kommunen – noko som førte til stor auke i turgåarar på desse toppane. Dette gjeld t.d. Steinkorsen, Smådalsnipa og Naregga. Dette er flotte turar, men kva med å vandre på langs av landskapet? Langs Førdefjorden kan du gå ein 16 km lang tur på merka stiar. Turen går som følgjer: Redalsgrend – Nordvikstølen – Nordvikstølsvatnet – Langeheia – Blåfjellet – Bygdahaugen – Steinkorsen – Vindkjegla – Naustdalslia.

 5) Angedalen på langs

Eitt anna alternativ til å gå på langs av landskapet er å gå Angedalen på langs. Det høyres lengre ut enn det er – heile turen er 17 km og 1200 høgdemeter stigning. Start t.d. ved Angedalen bru – Skaret (340 moh) – Ørnefjellet (653 moh) – Kariknausen (ca. 700 moh) – Skogstadfjellet (727 moh) – Nova – Tynningen (ca. 450 moh) – Stølsfjellet (724 moh) – Høgeheia (766 moh) – Eikåsnipa (826 moh) – Flugedalen – Ryggjabrua.

 6)  Skjorta (1472 moh)  i Jølster

Fjellet Skjorta bak til venstre - sett frå Sårheimstøylen

Fjellet Skjorta ligg også som ein majestet der den stuper 1400 meter ned i Breimsvatnet, og er eit landemerke frå E39 på nordsida av Breimsvatnet. Den mest brukte ruta går frå Helgheimsstøylen i Jølster og er omtalt på ut.no. Ca. 15 km t/r

 7)  Destinasjon Gaularfjellet

Kunstverket Mirage som er sett opp i nærleiken av Torsnesstølen på Gaularfjellet

For mange er Gaularfjellet ei uoppdaga perle på sommaren, men det er like fint å gå tur der på sommaren som det er å gå på ski på vinteren. Det er mange turmål å velje i, og det meste kjente er Fossestien – totalt drøye 2 mil som du kan dele opp i ulike etappar. Du kan også gå gamle ferdselsvegar over Sværeskaret og ned i Sværefjorden i Balestrand. Ein flott fjelltopp er Gottoppshesten som ligg rett over utsikten på Gaularfjellet. Det er ulike andre turmål som Skarvedalsvatnet, Frøyslandsstølen, Myranova og Risbotn. Du finn også tidlegare Gaular kommune sine høgaste fjelltoppar i dette området – Geitebotsfjellet og Skarfjellet.

 8)  Kvannebakkbu i Stardalen

Ei av mine flottaste turopplevingar har eg frå Kvannebakkbu i Stardalen. Vi gjekk opp ein ettermiddag i full tåke med tilnærma null sikt, men GPS-spor viste oss veg. Vi overnatta i Kvannebakkbu – som er ein naudbu for fjellfolk som ferdast over breen – og eg såg ingenting av kva som var rundt meg. Våkna neste morgon og såg framleis berre kvitt utanfor – men då var det breen som var komt til syne, og vi kunne gå ut og nyte ein fantastisk soloppgang i speglande blå himmel!

9) Grovanipa (1143 moh)

Grovanipa sett frå Jølstravatnet
Grovanipa sett frå vegen langs Jølstravatnet. Foto henta frå ut.no - fotograf: Anne Cecilie Kapstad

Fjell som er godt synleg og gjerne litt markante når du ser dei frå bilvegen, er attraktive turmål. Grovanipa er også eit slikt fjell som skil seg ut når du køyrer nordover langs Jølstravatnet og nærmar deg Skei. Det blir påstått at det er eitt av dei mest fotograferte fjella i Jølster. Fjellet er også ved fleire høve måla av Nikolai Astrup. Du må like å gå motbakkar om du skal opp på dette fjellet – 1000 høgdemeter og ca. 30-35 grader helling. Men utsikta du får på toppen er definitivt verdt det!

10 ) Laukelandhesten (678 moh)

Laukelandshesten kallar eg for lisjebroren til Storehesten, nettopp fordi den ser ut som Storehesten i miniatyr. Fjellet har vore ein turfavoritt i mange år og har etter kvart byrja å bli kjent for ein del sunnfjordingar. Synast du Storehesten blir drøy, så er dette eit fullgodt alternativ. I løpet av 1-1,5 time er du på toppen og får ei storslagen utsikt over Dalsfjorden. Vi har gått rute både frå baksida og framsida av Laukelandshesten, og vil definitivt anbefale ruta på framsida. Det ser skumlare ut enn det er!