fredag 3. april 2020

Påsketur i desse Koronatider

Nyhendebiletet er for tida stort sett prega av ei enkelt sak: 
Korona

Og den pregar oss alle:  
Vi kjenner kanskje nokre som er smitta, 
og fleire blir det, 
vi har ungar som er heime frå skule og barnehage
og mange av oss har gjerne jobba frå heimekontor nokre veker. 

Påska 2020 startar til helga og mange lurer no på kva dei kan gjere. 
Eg reknar med at mange blir omfatta av hytteforbudet, 
og må dermed planlegge ei påske som vart annleis enn dei hadde tenkt. 
Regjeringa tilrår at vi avgrensar fritidsreiser til eit minimum, 
så kvar og kor langt kan vi reise på påsketur?

Vi må også vere varsame med å både få og ta i mot besøk for å redusere smitterisikoen. 
Vi skal vere maks 5 personar samla i ei gruppe
- og halde 1 meters avstand (2 meter innandørs).

Dette utfordrar oss på dei tradisjonelle påsketurane:
Mange drar vanlegvis på tur med andre familiar.
Mange drar vanlegvis til skianlegg, men desse er no stengt.
Vi skal unngå å opphalde oss på plassar der det er samla mykje folk.
Vi skal reise minst mogeleg, så kva turmål kan vi velje då?
Frisk luft og aktivitet er likevel viktigare enn nokon gong -

derfor kjem eg her med nokre gode råd for påsketurane: 

DNT har allereie laga ein flott artikkel der dei har samla tips frå 8 forskjellige personar om tips til aktivitetar i påska. 

Dette er ikkje påska for dei store langturane eller hytte-til-hytte-turane. Dei kan du ta igjen seinare!

Senk turambisjonane! #lågterskeltur
For meg - som for mange andre - er påska synonymt med tur og turopplevingar. Vi vil gjerne gå lange turar, toppturar, nye turar eller hytte-til-hytte-turar. Denne påska er ikkje den påska du skal realisere dine store turdraumar. Først og fremst fordi det truleg medfører at du må reise litt. I tillegg kan det også vere at du utset deg for større risiko for skade. For å unngå å belaste helsetenesta unødvendig i desse dagar, vert vil tilrådd å ta mindre turar med liten risiko. 

Dette er den påska vi skal seinke ambisjonane - ta det med ro på tur  - trekke pusten - og først og fremst vere takknemleg for at vi kjem oss på tur! 

Gå turar i nærområdet ditt - ein treng ikkje alltid gå langt for å få utsikt!
#nærtur

Gå tur der du bur #nærtur
Sidan vi helst skal reise minst mogeleg, er dette påska for å bruke og utforske nærturane våre. Mange er så heldig å ha både ein og to og tre stiar eller skogsvegar rett utanfor huset sitt - bruk desse! Kanskje vert du overraska over kor fint det faktisk er? 

Tenk lokalt! må vere årets motto for påsketurane!

Legg turen til andre tider enn midt på dagen #åleinetur
Dei fleste av oss legg gjerne turen vår til midt på dagen. Vi et frukost, pakkar sekken og drar på tur. Er det sol, vil dei aller fleste av oss nyte denne og det er naturleg å ta turen midt på dagen. Men det er jo veldig vakkert å skode både soloppgangen og solnedgangen, så kan vi heller nyte resten av sola i husveggen heime! 

Soloppgangen er like vakker i Norge som i sydlegare strøk
- så ta gjerne ein tidleg morgontur!

Men er det overskya eller for den saks skuld regn, kan vi tenke annleis: For å unngå for mykje folk på same stad til same tid, kan det vere lurt at nokre av oss tar turen på andre tidspunkt. Kva med å ta frukosten med på tur, så er du ferdig med turen før andre har starta? Kva med å ta ein sein kveldstur - gjerne med hodelykt? Når eg er ute og joggar seint på kveld, slår det meg ofte kor deilig det faktisk er - heile byen/bygda er i ferd med å gå i ro, og du får ein heilt anna fred over heile turen. 

Så vakkert og fredfullt kan det vere å gå tur seint på kvelden #åleinetur


Oppsøk nye stader og mindre brukte stiar #giturenvidere
Eg vert ofte overraska over kor lite kjende folk er i eige nærområde/eigen kommune. Kva med å bruke denne påska til å utforske nye turmål? Vi har lett for å gå på dei turane vi kjenner, dei turane som er merka eller dei turane vi veit mange andre går.  Eit godt prinsipp er å halde seg til turar i eigen kommune (evt. nærkommunar), så avgrensar du også reiseaktiviteten.

Ta heller fram kartet og sjå om du finn nokon "uoppdaga" stiar. Stølsturar er fine turar og dei har vi mange av. Om dei ikkje er merka, så er det mange av desse som har gode og tydelege stiar som gjer det enkelt å finne fram likevel. Det er heller ikkje så dumt å få litt trening i å meistre kart (og evt. kompass) på eige hand også! Eller du kan ta fram dei lokale turbøkene og nettsida ut.no for å finne nye turmål. 

DNT oppmodar oss også om å utforske nye turar og fortelje om turen til andre. Bruk #giturenvidere om du legg ut bilete på Instagram eller andre sosiale medie. 

Russenes friluftsområde ved Førdefjorden har plass til mange fleire enn dei som oppsøkjer området. Fin stad for småbarnsfamiliar der ein kan utforske naturen, fiske, brenne bål og gå mindre turar. #giturenvidere

Ta fram trugene eller skia og trakk dine eigne spor #lagegnespor
Vi har mange flotte skianlegg som framleis har ope og med god plass.
Ikkje noko problem å halde avstand til andre - vis omsyn!
I Sunnfjord er vi så heldig å ha mange flotte langrennsanlegg som ikkje er stengt. Utfordringa er likevel at det er lett for at det samlar seg mykje folk ved parkeringa/startområda og vi "gløymer" reglane om å halde avstand. Ta gjerne ein tur i skianlegget, men kom deg ut i løypa og hald deg til dei få personane du går på tur i lag med!

Det er lettvint å gå i ferdigpreppa langrennsløyper, men kva med å trakke dine eigne spor? Køyr opp på fjellet og gå innover, eller gå gjennom skogen og opp til stølen din! Då eg var liten, kunne påsketurane like gjerne gå på ski opp til stølen vår som i ferdigtrakka løyper. Vi måtte gjerne bære skia eit stykke gjennom skogen, men det var veldig fint når vi først kom oss opp i høgda og kunne ta skia på. Og du slapp unna både parkeringskaos og store forsamlingar av folk. 

Påskeeggjakt på tur er alltid populært

Ta med påskeegget på turen #påskeeggjakt
Vi har i mange år praktisert påskeeggjakt på påsketurane våre. Det er alltid eit lite høgdepunkt for ungane å gå på jakt etter påskeegget når vi er på tur. Det er ikkje det ordinære påskeegget som dei får, men eit påskeegg med den godisen vi uansett ville ha tatt med oss på turen. Derfor har vi alltid med påskeegg på påsketur!

Utfordringa er jo sjølvsagt å gøyme egget utan at ungane ser det...

Du bestemmer sjølv korleis turen din blir! #kosdegderduer

Kos deg der du er! #kosdegderduer
Sjølvsagt skulle vi ynskje at ting var annleis. Mange av oss skulle gjerne vore på hytta eller på besøk hos nær familie. Mange skulle gjerne vore i alpinbakken. Slik er det ikkje nett no. 

Nett no handlar det om å gjere det beste ut av den situasjonen vi er i, bidra til den felles dugnaden for å redusere smittespreiing!

Derfor: 

Kos deg med den turen du får - nyt augneblinken - og ta inn over deg kor heldige vi faktisk er som kan vere ute i frisk natur! 

Så går dette over! #altblirbra #dugnadmotsmitte

Nok ein gong: Tenk lokalt! Tenk nært!
Ta med deg kaffimaten og gå opp på ein haug i nærleiken av huset ditt (om du har det)!
Nyt utsikta og slapp av!
Og berre for å ha sagt det heilt til slutt: 
Treng du tips til turar (primært i Sunnfjord), så ta ein titt på innlegga i denne bloggen! :)