søndag 26. januar 2020

Korleis glede ein regnvåt vestlending?

Dette er søndagslukke for ein regnvåt vestlending i januar: opplett og skiføre!

Etter ein januar som har vore våtare enn våtast, 
og vinteren definitivt let vente på seg, 
så skal det ikkje så mykje til for å glede gjennomvåte vestlendingar: 

Gje oss ein dag med 80 % opplett, 
og skiføre innanfor 40 minuttars reisetid! 

Då kjem smila fram og dagen vert god! 

Ein god dag! 

Slik vart det for oss i dag - 
vèrmeldingane viste så og seie opphaldsvèr, 
og via facebook fekk vi vite at Gaularfjellet kunne by på fint skiføre. 
Då var vi ikkje i tvil om korleis dagen skulle nyttast. 

Gaularfjellet er godt kjent for gaulværingar - 
rett nok er Gaular kommune historie, men gaulværingar vil vi alltid vere! 
Men eg vil påstå at det framleis er mange sunnfjordingar som ikkje har skjønt for eit fjelleldorado dette er - både sommar som vinter! 
Her kan du boltre deg både på langrennski og randonnè med ulik vanskegrad, 
om sommaren kan du gå til fots på høge toppar eller på tvers gjennom gamle ferdselsvegar - 
eller vandre langs den fantastiske Fossestien (klikk for å lese blogginnlegg). 
Og dette er berre eit lite utval av turar du kan ta! 



På vinterstid er nok turen til Johannesberget den mest kjente. 
Då eg var liten gjekk vi alltid til Sværeskaret på ski. 
Vinteren opnar ikkje for slike turar endå i alle fall, 
men det var no mogeleg å kose seg på ski. 
Vegen var brøyta fram til Langestølen, 
og derifrå var det skispor langs vegen innover fjellet.



Vi gjekk innover og fann ut at vi i alle fall skulle passere kommunegrensa. 
No er det jo nye kommunar på begge sider - 
det heiter ikkje Gaular og Balestrand kommune lenger, 
men Sunnfjord og Sogndal. 
Var nye skilt komt opp? 

Vel framme konstanterte vi at Sunnfjord kommune skiltet var på plass, 
men ikkje "avduka" endå, 
og på andre sida sto det framleis Balestrand kommune. 
Rett nok eit temmeleg nedslite skilt og knapt råd å lese, 
men no skal det jo snart byttast ut uansett. 
Det har jo vore svært populært å stjele desse gamle kommuneskilta, 
men dette har kanskje nettopp fått stå i fred grunna slitasjen? 



Og vi var ikkje dei einaste som var glade for ein dag nesten utan regn - 
mykje folk hadde tatt turen ut og smila sat laust på alle vi møtte! 
Vi såg jo faktisk gløtt av blå himmel og skimta sollyset! 
Det er ikkje kvardagskost for tida!


Hytta i bakgrunnen er Holmevasshytta som er eigd av Norges KFUK/KFUM og kan leigast om du ynskjer det. Meir informasjon om det finn du her. 

Heldigvis ikkje så mange levande slike bjørnar å sjå....