mandag 9. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 9: Hornelen (860 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 9: Hornelen - Europas høgaste sjøklippe

Det er all grunn til å heise flagget når du står på Europast høgaste sjøklippe midt i september med sommartemperatur og heilt vindstille! 860 meter rett ned i sjøen.....

Eg spurte ungane kva turmål vi skulle legge ut på julekalendaren.
Sanna Oliva sitt svar var:  Hornelen
- og la til:

"Og så må du skrive at turen er litt skummel og LIVSFARLIG!
- så der bør dei ikkje gå!" 

Det høyrest kanskje ut som vi tok ungane med på ein krevjande og farleg tur,
men det er ikkje heilt sanninga.

Ja, det er litt skummelt  - for går du heilt ut på kanten, ser du 860 meter rett ned i sjøen.
Og det kan vere farleg - då det er ein lang og djup sprekk på tvers oppe på sjølve toppen.
Sprekken er brei nok til at du kan dette ned i den,.
Dessverre skjedde dei ei dødsulykke der i 2018.

Så dette er ein tur der ein bør vise varsemd,
men bortsett frå det, så er turen heilt greit altså.....

Turen er ein heil dagstur,
men det er definitivt verdt strevet!
Du må berre ta deg tid til å nyte utsikta - både undervegs og på toppen!
Eg var der ein gong i tåke - då såg eg ikkje så mykje.
Men då vi var der i haust - midt i september,
var det sol frå skyfri himmel og pikkande vindstilt.
Ei heilt unik oppleving!

Hornelen er definitivt ein av dei turane du bør ta i løpet av livet ditt! 
(sjølv om dottera vår frarår den på det sterkaste....)



Vi gjekk denne gongen frå Hunskår - ei litt bratt oppstigning, men god sti.
Det er lagt til rette med sherpatrapper i starten av turen.
Men det er ein dryg tur, og du må fort rekne 3-4 timar til toppen.
Om du ynskjer ei slakkare rute, kan den også gåast frå Berle.
Turen vert då noko lengre.

Turskildring for begge rutene finn du her. 


På toppen er det bygd ei lita steinbu som står opa. Den kan vere god å søkje ly i på vindfulle dagar. Her finn du også flagget som du kan ta med ut. 

Om det var litt skummelt på toppen,
så var det også to små som syntes det var veldig fint! 


Og vi vaksne var sjølvsagt veeeeldig nøgd med turen.
Team Bell Jonstad did it! 
Kvelden før vi var på Hornelen, kunne vi nyte ein flott solnedgang ved Grotlesanden etter å ha vore på Vetehytta som eg skreiv om i luke 5

1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!