søndag 8. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 8: Kjeragbolten

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 8: Kjeragbolten - majesteten i Lysefjorden

Lysefjorden byr på mange naturperler - Kjeragbolten er ein av dei mest kjende. 

Kjeragplatået og Kjeragbolten treng vel knapt nok noko nærare presentasjon. 

Ein av fleire turistattraktsjonar i Lysefjorden - ein noko meir krevjande tur enn Preikestolen, men ikkje meir enn at tusenvis av turistar tar turen dit kvart år.

Og turistane verka ikkje lettskremte -
Vi hadde "følgje" med ein gjeng blide japanesarar undervegs på vår tur.
Dei såg ikkje særleg fjellvante ut, men hadde kledd seg etter beste evne.

Ei dame gjekk i ein altfor stor parkas og eg mistenkte ho for å ha tatt mine kvite vintersko....
men kven andre enn ho kom fram til platået og hoppa opp på sjølve bolten som ho ikkje hadde gjort noko anna i heile sitt liv.....

høgdeskrekk eksisterer tydelegvis ikkje i hennar verd i alle fall! 

Turomtale finn du også her på ut.no


Flott utsikt ned til Lysebotn undervesg på turen til Kjeragbolten

Om lag midtvegs på turen er det sett opp ei naudbu. Turen går i krevjande terreng og skulle det kome regn og tett tåke, kan denne kome godt til nytte!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!