lørdag 7. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 7: Gaustatoppen (1883 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 7: Gaustatoppen (1883 moh) - toppen av Telemark



Gaustatoppen rager majestetisk over Rjukan, og er av mange omtalt som Norges vakraste fjell. Frå toppen kan du i klarvær sjå 1/6 av Noreg.

Det er mange turalternativ til toppen, og den lettaste er å ta bana i fjellet heilt til topps. Men det har definitivt sin sjarm å gå, så det anbefalast. Alternativet er også å ta bana ein veg og så gå ned att (eller opp).

Dei ulike turalternativa kan du lese om på ut.no.

Vi gjekk sjølvsagt t/r og starta frå Stavsro der det er ein stor tilrettelagt parkeringsplass.
Det var sol frå skyfri himmel, men svært sterk vind, så vi starta med både stillongs, anorakk, hue og vottar. Heldigvis løya vinden ein del då vi kom mot toppen.





Turisthytta på toppen - som for øvrig er DNT-hytte - er betjent og her er det mogeleg å få kjøpe seg både pølser og vaflar. Og for dei som treng det, er det også mogeleg å få vaflane glutenfrie. Tommel opp for det!

Dersom du toler at det er luftig, bør du definitivt gå bortover egga forbi masta på toppen.


Litt klyving må til for å kome seg bortetter egga. 


3 kommentarer:

  1. Jeg har faktisk ikke vært på Gaustatoppen enda så nær oss det er. Må bli sommerens utfordring. Den er veldig fin fra andre topper i nærheten også, men denne utsikta går vi glipp av. Jeg er straks klar for Uvdalsstugu. Vi har fortsatt en del varer igjen etter julemarkedet sist lørdag.

    God lørdag fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Nå jeg fant julekalenderen din... så herlig. God idee :-)))
    Jeg elsker... og jeg komme igjen. Jeg må se alt :-)))
    Tusen takk.
    God advent.
    Klem fra Viola

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!