fredag 20. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 20: 3-fjellstur i Måløy

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 20: Veten (613 moh) - Brurahornet (604 moh)  - Gottrøysa
Bendik Matias nyt utsikta frå dagsturhytta på Kletten og anar lite om at vi hamnar på dei to toppane i himmelsjå neste dag. 

Rett bak Måløy sentrum ligg det nokre fine fjelltoppar som kan kombinerast som ein fin 3- fjellstur. Totalt ca 9 km i lengde, så det er nokså overkommeleg sjølv om det er 3 toppar.

Den eine av desse - Veten (613 moh) - er øya Vågsøy sitt høgaste punkt, og den ruver majestetisk over landskapet og er eit verkeleg flott skue. Turen er ein populær topptur og den har også sitt eige motbakkeløp. Enklaste startpunkt er ved Måløy stadion, og derifrå er det godt skilta og merka til dei ulike turmåla. Nærare turskildring finn du ved å klikke her: Veten, Måløy. Om du ikkje vil gå alle 3 toppane samstundes, er ein tur på Veten å anbefale for ein lettare variant.

På dagsturhytta Kletten låg denne boka. Den las vi høgt og den handla nettopp om dei 3 toppane som vi enda opp med å ta turen til neste dag. 

På veg opp til Veten



Utsikt mot vindmøllene på Mehuken



Brurahornet (604 moh)




Gottrøysa som siste topp

Frå Gottrøysa ser ein fint over Måløy sentrum

Og så var det å ta fatt på vegen "heim". 


Dagen blir fullendt når ein får slik solnedgangar! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!