torsdag 19. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 19: Dagsturhytta Naustdalskamben

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 19: Naustdalskamben

Det har blitt ein del dagsturhytter i løpet av 2019
- totalt har vi vore på 16 av 26 og nokre er besøkt fleire gonger.
Det er fleire som har gått til alle 26 hyttene.
Det er ikkje nødvendigvis vårt mål,
men vi får sjå kor mange det blir til slutt.
No blir det også dagsturhytter i Hordaland
- eller rettare sagt i heile Vestland fylke som vi jo blir frå 01.01.20.



Dagsturhytta Naustdalskamben er Eid kommune si hytte,
og nok ein av favorittane våre så langt.
Utsikta på toppen er berre fabolous!
Det er fleire turalternativ til toppen - turskildring finn du her.
Vi gjekk turen frå Reset i Hjelmelandsdalen.

Vår tur gjekk i starten av haustferien i nydeleg haustsol.





Utsikt inn til Eid sentrum



Utsikta utover Nordfjorden


Livet ER best ute!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!