onsdag 18. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 18: Laukelandshesten

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 18: Laukelandshesten (678 moh)

I denne luka måtte eg ta ein av dei turane som seglar opp som ein av favorittane i Sunnfjord kommune, nemleg

Laukelandshesten i Dalsfjorden 

Det er nokre år sidan vi gjekk turen første gong,
men det er først dei siste par åra at den har byrja å bli kjent for folk flest i Sunnfjord.
Omtalen i Opptur Indre Sunnfjord og at toppen var ein av titurane til Indre Sunnfjord Turlag har bidratt til at dette turmålet har fått den merksemda den fortener!

For få plassar kan du gå så relativt kort - ca. 1 time - og få ei så fantastisk utsikt!
Utsikta mot Dalsfjorden og Fløyen er noko av det vakraste som finst i Sunnfjord (kommune)!

For min del var også årets tur den som gjorde at eg fullførte 52 turar i Sunnfjord kommune - prosjektet mitt som eg skreiv om i luke 17.

Eg har tidlegare skrive 2 ulike turomtalar for denne turen - dei finn du her:
Laukelandshesten frå baksida
Laukelandshesten frå framsida

Har du ikkje gått denne turen, så bør den vere eit mål i 2020!



Flott utsikt også innover Dalsfjorden mot Bygstad






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!