I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019.
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått.
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt.
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020!
Vi åpnar dagens luke:
Luke 17: 52 turar i Sunnfjord kommune i 2019
Så glad blir eg når eg har fullført 52 turar-prosjektet mitt! Laukelandshesten leverer! |
I dag byr eg ikkje berre på eitt turmål, men heile 52 turar!
Ved starten av 2019 starta eg prosjektet 52 turar i Sunnfjord kommune i 2019.
Meir om dette kan du lese i dette innlegget (link)
Men kort fortalt handla prosjektet om å gå 52 ULIKE turar i Sunnfjord kommune i 2019.
Lengd og turmål var opp til ein sjølv, men det var eit vilkår om at det måtte vere minst èin tur i kvar av dei 4 kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal -
som frå 01.01.2020 blir:
For min del vart det, ikkje uventa, flest turar i Førde og Gaular, og minst i Jølster.
Dei aller fleste turane var kjende for meg frå før,
men eg kunne likevel krysse av for 9 nye turruter/-mål.
Og høgdepunkta? Det må nok blir desse:
- 7-fjellsturen i Førde som eg gjennomførte for første gong
- Turen til Blegja i Førdefjorden med heile familien - ein av Bendik sine store turdraumar
- Skredfjellet - grensefjell mellom Gaular og Fjaler og høgaste toppen i Fjaler kommune. Nytt turmål.
- Åleinetur i Lundeskaret og opp på Tverrfjellet. 13 år sidan sist eg gjekk Lundeskaret og på Tverrfjellet var eg for første gong.
- Laukelandshesten - tur nr 52 måtte vere ein skikkeleg utsiktstur. Det er få toppar i Sunnfjord som du kan nå på under 1 time som slår denne toppen når det gjeld formidabel utsikt!
Her er oversikt over mine 52 turar så langt i 2019
(året er ikkje ferdig endå, så kan det kanskje bli nokre fleire):
Og her er nokre bileteglimt frå året som har gått:
Dagsturhytta Gytta var årets første tur på 1. nyttårsdag i noko ruskete vèr! |
Godt å søke ly inne. |
Eikelandstølen i tåkedis |
Dagsturhyttene har vore populære turmål og vi har gått til dei fleire gonger. Her er vårt første besøk til Steinkorshytta. |
Vintervakkert! |
Skaraly i vinterferien i lett vinterprakt (men lite snø til å vere feburar) |
Skaraly i sommarprakt! |
Hornnesstølen er det turmålet som ligg nærast heimen og det blir nokre turar hit i løpet av året. |
7-fjellstur var ein einaste lang og flott oppleving! |
Det har blitt kveld og topp 7 av 7 er endeleg nådd - Førdenipa. |
Dagsturhyttene vert også nytta til kulturelle føremål. |
Ein av årets nye stølsbesøk - Årteigstølen ved Viksdalsvatnet |
Ettertenksam og glad - eit prosjekt er fullført og eg konstanterer kor heldig eg er! Tenk å få så mange flotte turopplevingar! |
Imponerende, rett og slett!
SvarSlett