mandag 16. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 16: Løvstakken (477 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 16: Løvstakken (477 moh) i Bergen


I dag drar eg fram ein dagsfersk tur -
eller rettare sagt den vart gått i går den. 15. desember.
Vi har vore i Bergen i helga og mellom anna feira ein 50-års dag.
Etter shopping og festivitas, gjorde det susen å avslutte helgeopphaldet med ein fjelltur.

Turen gjekk til Løvstakken
- eitt av Bergen sine 7 byfjell.



Turen gjekk i noko vekslande vèr frå regn og sludd til gløtt av sol.
Litt isete siste del av turen, men elles fint å gå.
Det er mange ruter til toppen - vi gjekk turen frå Danmarksplass.
Turskildring for den turen finn du på ut.no med å klikke her.




Eit naturleg hjarte - til minne om mammaen min som skulle fylt 78 år i dag. 




Løvstien på kveldstid - fullmåne og utsikt mot Ulriken. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!