søndag 15. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 15: Viglesdalen

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 15: Viglesdalen - DNT-hytte i Ryfylkeheiane
Viglesdalen DNT-hytte i Ryfylkeheiane

Kva er oddsen for at sunnfjordingar på tur langt inn i villaste Ryfylkeheiene treff på kjentfolk frå nabolaget heimefrå - og endåtil nokon vi kjenner ganske godt? 
Ikkje så veldig stor, men det kan faktisk skje.......

Les kva som skjer: 

Dersom du ynskjer ei mektig naturoppleving utan altfor mange bratte bakkar, 
så skal du ta turen til Viglesdalen i Ryfylkeheiane. 
Her vandrar du på ein gamal drifteveg mellom ville og bratte fjellsider. 
Stien blei bygd av svenske rallarar i byrjinga av 1900-talet, 
og følgjer elva der du passerar mange fossar og flotte badekulpar. 
Vel inne i Viglesdalen, kjem du til ei ny og moderne DNT-hytte. 

For oss vart denne turen ein av dei mest minnerike turane sommaren 2019. 
Både fordi det var ein flott dag og fantastisk naturoppleving, 
men ikkje minst fordi det venta oss ei overrasking då vi kom inn til DNT-hytta: 

Hytta hadde eigen hyttevert som vi raskt kom i prat med, 
og han hadde med seg 2 gutar på hytta. 
Då vi fortalte at vi kom frå Førde, 
kunne han fortelje at den eine guten han hadde med seg også budde i Førde. 
Og kven det var? 
Jo, det var ein av Bendik Matias sine beste klassekompisar! 

Det var eit stort smil om munnen på 2 gutar den dagen! 
Og då angra vi litt på at vi ikkje hadde tatt med utstyr slik at vi kunne overnatte....


Sidan det er ein gamal drifteveg, er det også mykje historie kring denne vegen og det er fleire informasjonsskilt undervegs. Fleire tragiske hendingar har skjedd langs med elva og vatnet, og her er ei av historiene:
Hiafossen

Hiafossen - ved den nedlagde fjellgarden Hia - gøymer på mange tragiske ulykker. I mai i 1833 skulle tre gutar på 10,12 og 15 år ro over Hiahølen ovanfor fossen. På veg over hølen brakk den eine åra og gutane vart dregne utfor fossen. Den eine guten greidde ei kort tid å klamre seg fast til ein fjellknaus før stupet, før også han vart teken av elva. Alle omkom, og berre ein av dei vart funnen att. Kyrkjebøkene fortel at totalt seks personar er teken av fossen gjennom tidene - to lærarar og 4 born.


Turskildring for turen frå Nes - Viglesdalen finn du på ut.no ved å klikke her. 

Om du googlar Viglesdalen, vil du finne mange bilete med denne gamle steinbrua! 

Tydeleg drifteveg å gå langs
I tillegg til den nye hytta i Viglesdalen (heilt bakerst) er det 2 gamle DNT-hytter. Den næraste og eldste er noko forfallen, men den andre til venstre i biletet kan også framleis nyttast til overnatting. 

Snart framme - mykje folk på trammen på hytta! 



Eit bilete frå innsida - plass til mange her! 


På retur etter ein flott dag! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!