lørdag 14. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 14: Dagsturhytta Synken

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 


Vi åpnar dagens luke: 

Luke 14: Dagsturhytta Synken i Høyanger

I denne luka vil eg trekk fram ei dagsturhytte som eignar seg godt som skitur.
Rett nok har det stort sett regna og blåst på Vestlandet dei siste dagane,
men vi håpar vel framleis på litt kvitt til jul, vel?

Då er ein tur på Synken-hytta ein fin romjulstur på ski.

Om sommaren kan du faktisk køyre heilt fram til hytta,
så dette er ein av dei dagsturhyttene som er mest tilgjengeleg for alle.
På vinteren ventar det deg derimot ein 6-7 km lang skitur for å kome fram.

Eg har tidlegare skrive om dagsturhytta Synken i dette innlegget.

Håpar du vert freista til ein skitur når du ser desse bileta:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!