fredag 13. desember 2019

Fjelluft sin julekalender luke 13 - Husmannsplassen Rui

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 13: Husmannsplassen Rui - Dalen, Vest Telemark
Husmannsplassen Rui

Mange turar er godt planlagte - gjerne over fleire år - og turmål vi har drøymt om lenge. Andre turar blir til ved at vi tilfeldig oppdagar dei når vi er ute på reise - og som vi ikkje ante noko om. Men desto kjekkare er overraskinga når det viser seg å vere eit fint turmål.

Husmannsplassen Rui er eit turmål vi ikkje var kjende med - og som vi tilfeldigvis oppdaga på vår ferd. Dette er eit turmål med ei spanande historie:

Garden er kjent på grunn av to søstre som budde der - Ingerine og Gurine Schwenius - som budde der frå dei blei fødd til dei blei så gamle at dei måtte flytte på helseheimen på Dalen. Dei var ikkje meir enn 120 cm høge.

Dei levde eit enkelt liv utan moderne hjelpemiddel trass i utviklinga i samfunnet elles. Det var dette som gjorde dei godt kjente, og som førte til at turistar i tillegg til bygdefolket byrja å ta turen til Rui-plassen. Her kunne man slå av ein prat med damene, og bli spådd i kaffegrut. Men ingen blei nokonsinne spådd noko anna enn ei god framtid!

Søstrene blei etterkvart så kjente at det blei invitert av sjølvaste kongen på besøkt til slotten. Knut Eidem har skrive bok om dette besøket: "Rui-jentene som kom til kongen". Ein sjarmerande detalj i boka er at søstrene før besøket, bytta ut alle knappane i kåpene med sikkerheitsnåler - fordi dei syntes det var mykje penare!


Turen opp til Rui-garden er ikkje så lang - ca. 1 km - men bratt. Du skal opp ca. 200 høgdemeter. Derfor er det bygd sherpatrapper på store deler av turen - vi talte til om lag 800 trappetrinn!

Turskildring finn du på ut.no ved å klikke her! 

Mange trappetrinn! 




Inne i eitt av husa på Rui sat det ein lokal malar og jobba. Han hadde også salsutstilling der. Han brukte å vere der nesten kvar dag gjennom sommaren. 

Her er link til ein liten film om RUI-jentene:


Når du først er i Dalen, så må du sjølvsagt ta ein kikk på Dalen Hotell og ta eit forfriskande bad i Bandak for så å få varmen igjen i Soria Moria Sauna:
Dalen hotell

Soria Moria Sauna

1 kommentar:

  1. Interessant! Husker den boka. Strevsomt, men sikkert et godt liv og det livet de kjente til.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!