tirsdag 10. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 11: Nordre Skagastølstind (2167 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 11: Nordre Skagastølstind (2167 moh)
Bendik Matias sin turdraum blir røyndom: Nordre Skagastølstind - den venstre av toppane i himmelsjå

Då Bendik Matias skulle ynskje seg turmål for julekalendaren kom - ikkje uventa - følgjande svar:

Nordre Skagastølstind!

For dette er eit turmål han har drøymt om.
Aller helst skulle han gått på sjølvast Storen, men der lyt han nok vente nokre år.

Så på ein av sommarens varmaste dagar la vi i veg på den relativt krevjande turen.
For det er mykje stein.... veldig mykje stein.....
Heile vegen opp frå Tindeklubbhytta er ei einaste lang steinur.

Temperaturen viste over 30 grader ved sjøen i Skjolden,
på Turtagrø - 900 meter høgare oppe - var det framleis omtrent like varmt.
Men vi trudde jo at når vi nærma oss 2000 meter ville temperaturen vere noko lågare.
Der tok vi feil..... veldig feil.....
Det vart ein varm......veldig varm tur!
Vi målte temperaturen med mobilen på toppen, og den viste 28 C på 2167 meter over havet
- og heilt vindstille!

Då følte vi oss rimeleg heldige der vi sat på toppen
- med 360 graders utsikt rundt oss:
Vi kunne skode på dei som dreiv og klatra Skagastølstraversen,
vi kunne sjå folk rette henda i vèret då dei sto på toppen av Storen,
og vi kunne kikke bort på Fanaråken og minnast eit flott overnattingsdøgn der i fjor sommar.

Og Bendik sin draum om Storen blei ikkje mindre etter denne turen! 

Turskildring for Nordre Skagastølstind finn du her. 

Mange teltarar og turglade folk ved Tindeklubbhytta

Skagastølstindane er eit vakkert skue frå Tindeklubbhytta

Dyrhaugstindane midt i mot

Hei Storen - vi snakkast om nokre år når eg blir litt større! Torer mamma og/eller pappa vere med skal tru???

Vi skodar bort på Fanaråken og mimrar tilbake til overnattinga vi hadde der i fjor sommar - i like fint vèr og med magisk solnedgang og -oppgang.

1 kommentar:

  1. Ja, her går det an å drømme seg bort! Flott natur og fine bilder som vanlig!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!