tirsdag 10. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 10: Steinkorsen (762 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 10: Steinkorshytta og Steinkorsen (762 moh)
Steinkorshytta i Naustdal

I dagens luke trekk eg fram ein av favoritturane mine,
og er eit turmål eg alltid blir fornøgd med, nemleg:

Steinkorsen i Naustdal

No er det også kome dagsturhytte rett før toppen,
noko som gjer at turmålet har større popularitet enn nokon gong.

Turen har eg tidlegare skildra i omtalen av dagsturhytta i dette innlegget (klikk på teksten for link):


Naustdal si dagsturhytte - Steinkorshytta - fint plassert på eitt av favorittfjella!



For vår del har denne turen vore ein kvardagsfavoritt i 15-20 år,
og grunnane er mange:

  • turen er litt bratt i starten, men det er ein relativt lettgått tur  - samstundes som den likevel er krevjande nok til at du kan ta deg litt ut (om det er eit mål)
  • dei fleste når toppen på 45 min - 1,5 time, så det er ein fin kvardagstur
  • du startar på 300 meter og kjem derfor raskt over skoggrensa og får flott utsikt over Førdefjorden
  • du passerer 2 stølar undervegs, i tillegg til ei dagsturhytte
  • det er ein solrik tur uansett kor tid på året du går
  • det er ein tur som kan gåast heile året - til fots, på truger eller på ski
Dette er ein av dei få toppane vi besøker kvart år, og gjerne fleire gonger for året. Om vi er litt i tvil om kva turmål vi skal velje, så veit vi at vi alltid blir fornøgd med ein tur på Steinkorsen. I 2019 har vi vore på Steinkorsen fleire gonger, men bileta eg viser her, er frå vår siste tur i november. Og eg kan ikkje seie anna enn: 

"Fy søren, så flott denne turen er!"

November og sol - og nesten vårleg grønt i graset. Men dette var på starten av turen....
Vi skulle ikkje mange høgdemeterane opp før det vart meir vintersleg. Den verste bratta er unnagjort og vi er komne til Kringlestølen. Utsikta over Førdefjorden er det ingenting å seie på!


Ankomst dagsturhytta

Påskestemning i november. Kan ikkje klage då! 

Etter ein lengre rast i sola på Steinkorshytta, måtte vi sjølvsagt ein tur opp på hovudtoppen - Steinkorsen: 

Det er korte soldagar i november, så allereie på returen i 15-tida var det byrja å nærme seg solnedgang ved dagsturhytta. 

1 kommentar:

  1. Koselig å se i en pause i juleforberedelsene!
    Fortsatt god adventstid!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!