fredag 6. desember 2019

Fjelluft sin julekalendar - luke 6: Vesle Nup (1510 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 6: Vesle Nup (1510 moh) på Haukeliseter

Vesle Nup er lett gjenkjenneleg med den spisse toppen.

Vesle Nup er lett gjenkjenneleg med sin spisse topp som rager over høgfjellsplatået heilt sør på Hardangervidda. Turen er ein av dei mest populære dagsturane frå Haukeliseter fjellstue både sommar og vinter. Ca. to timars gange ein veg.

Frå toppen - i nordleg retning - ser du dei tre høgaste toppane på Hardangervidda: Sandfloeggi, Store Nup og Hårteigen. Mot nordaust buktar sjølve vidda seg - og dersom du er heldig med været kan du langt ute i horisonten skimte Gaustadtoppen. Mot sør ser du dei tre høgaste toppane i Rogaland: Vassdalseggen, Kistenuten og Trollaskeinuten.

Turskildring finn du på ut.no.




Vesle Nup er ein av turane vi tok i løpet av bubilferien vår sommaren 2019. 
Steffen var også så heldig at han vann 3-retters middag for 2 personar for eitt av instagrambileta sine, så då må vi nok tilbake til Haukeliseter også neste sommar ;)


Haukeliseter fjellstue - eit utgangspunkt for mange flotte turmål

2 kommentarer:

  1. Så artig å se! Må nok innom de andre lukene med det samme. Gratulerer med vinner-bilde! Du/dere har veldig mange fine bilder her så det forundrer meg ikke.

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det og takk for trufaste kommentarar! Gler meg til å plukke ut turar til resten av julekalenderen:). God førjulstid til deg og dine!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!