torsdag 12. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 12: DNT-hytta Fuglesteg

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 


Vi åpnar dagens luke: 


Luke 12: DNT-hytta Fuglesteg i Luster

Frå luftige toppar i dei siste lukene, tar vi i dag eit meir idyllisk turmål 
- nemleg Fuglesteg i Luster. 

Turskildring finn de her.

Fuglesteg er ein gamal fjellgard som ligg høgt oppe i dalsida over Fortun. Garden frå rundt 1650 husa først ein, og seinare to familiar i tre hundre år. I 1946 var det eine bruket fråflytta, i 1968 det andre. Luster Turlag har restaurert Fuglesteg som no er en ubetent turisthytte.

Heilt ubetent er hytta rett nok ikkje - på sommarstid og einskilde helgar er det hyttevertskap der, og du kan få kjøpt både drikke og nysteikte sveler. Skikkeleg luksus når du kjem til fjells! 

Vi har vore på Fuglesteg mange gonger, og har gått den mest vanlege ruta frå Fortun og opp til hytta. I sommar fekk eg og ungane høve til å gå vegen frå Berdalen (ved Tindefjellsvegen frå Turtagrø) og ned til Fuglesteg. Det var same ruta som gjengen frå 71 grader nord gjekk for eit par år sidan. Det er ein litt lenger tur - og vi brukte eit par timar nedover. Stien går først i høgfjellsterreng - og seinare i urskog. Og det vart bokstaveleg talt mykje skog - stien verka ikkje å vere mykje brukt og det var ikkje mykje utsikt gjennom skogen undervegs. Bendik Matias drukna nesten i det høge graset vi måtte trakke oss gjennom....:



Fuglesteg er eit populært turmål - og har fleire tusen besøkande kvart år. Dette er ein tur dei fleste vil klare om ein tar tida til hjelp. Hytta blir også brukt til konsertar og liknande. Vi har ofte tenkt vi skulle ha ei overnatting der, men førebels har det berre blitt med dagsbesøk. Men kanskje ein gong...

Her er nokre bileteglimt frå turen frå Berdalen og ned:
Vi starta ved stølane i Berdalen


Nesten nede ved Fuglesteg og vi ser ned til Skjolden. Garden Furåsen til venstre. 
Siste bakken opp til hytta


Dette er eitt av dei klassiske bileta som blir tatt når folk besøkjer Fuglesteg!



1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!