søndag 20. oktober 2019

Eitt døgn på DNT-hytte - vår historie: Gullhorgabu - Høgabu

DNT-hytta Gullhorgabu ligg vakkert til i Kvamsfjella - og tilhøyrer Bergen og Hordaland turlag

I siste nummer av Fjell og Vidde har dei utfordra 10 personar til å overnatte i ei DNT-hytte og skrive si historie frå dette. Nokre opplevde å vere heilt åleine på hytta, andre besøkte meir folksame hytter.

Tidleg i september hadde vi helgetur med overnatting på DNT-hytte. Ikkje første gongen vi gjer det, og kvar gong sit vi igjen med unike opplevingar som vi tar med oss i minneboka over livet vårt. Alle turane har sine særeigne opplevingar og nokre av overnattingane har eg tidlegare blogga om:


Turen eg skriv om no - til Gullhorgabu - vart også ei "minneforlivet"-oppleving! Mange inntrykk - av ulike slag - gjer at vi ikkje gløymer denne turen så lett!

Turen til Gullhorgabu og Høgabu går gjennom nydeleg landskap i Kvamsfjella og Bergsdalen - eitt for oss nokså ukjent fjellområde - men som definitivt ga meirsmak til å kome tilbake til! Kartet og hyttenettet er allereie saumfart for aktuelle nye ruter og turalternativ! Men turen denne helga gjekk som følgjer:

Småbrekke - Gullhorgabu - Høgabu - Lid

2 DNT-hytter, men berre overnatting på ei av dei.

Etter nokre regnvåte helgar, var det endeleg duka for ei helg som skulle openberre seg med solskin. Og det var fleire som var tenkt seg på tur - alle sengeplassane som kunne bestillast på førehand var booka allereie tidleg i veka.


Vi hadde i utgangspunktet tenkt å gå turen motsett veg: Lid - Høgabu - Gullhorgabu med overnatting - Småbrekke. Turen frå Lid til Høgabu er rekna til 2,5 timar og derifrå  nye 2,5-3 timar vidare til Gullhorgabu. Frå Gullhorgabu til Småbrekke reknar dei 3 timar. 

Men sidan vi ikkje fekk førehandsbooka senger, måtte vi leggje ein ny slagplan: Det ville vere ein føremon å kome tidleg fram laurdag for å sikre oss ledige senger. Derfor valte vi å kome oss i posisjon ved startpunktet kvelden før (det er då det er veldig greitt med bubil!), og så gå den kortaste ruta på laurdagen - nemleg Småbrekke - Gullhorgabu. 

Vi starta laurdagen med ein roleg frukost i bubilen, men var likevel i gang å gå i 10-tida. Allereie då var det kome fleire bilar på parkeringsplassen, så det var ein god peikepinn på at det kunne bli folksamt utover dagen.

På veg til Gullhorgabu ein tidleg laurdag morgon.

Turen frå Småbrekko til Gullhorgabu går langs ein gamal militærveg som tidlegare var brukt som transportveg mellom Voss og Samnanger på slutten av 1920-åra. I dag har den først og fremst funksjon som tursti. Terrenget er småkupert og relativt lettgått, og det er 8 km fram til hytta.

På turen sitt høgaste punkt Høgdi (900 moh) passerer du ein stor runestein, til minne om slaget ved Gullhorgatjørna for ca. 1000 år sidan. Vossakongen og Samningskongen møttes her til kamp. Samningane vart jaga på flukt:
"Men før kongen og hans menn forsvann, skal han ha kasta eit gullbord i Gullhorgatjørna, som har fått namn etter sagnet. Ved dette vatnet har Bergen og Hordaland turlag bygd hytta Gullhorgabu, som i si utforming har fått litt av eventyret i seg, og skal inspirera til leik og oppleving i området rundt hytta." 
Sanna Oliva les på skiltet bak runesteinen


På Høgdi er det laga til ein rasteplass, så her er det fint å ta ein pause før ein går vidare nedover til Gullhorgabu.  Gullhorgabu er ei moderne DNT-hytte som opna i 2014 med totalt 34 sengeplassar inkl. anneks.

Den gamle militærvegen er fin å gå på og gjer at du tar deg raskt fram. 
Vi er nesten framme ved Gullhorgabu

Vi var framme ved Gullhorgabu etter 2,5 time og då var klokka framleis berre rundt kl 12.30. Det var berre 8-10 personar på hytta - nokre var dagsturistar - og dermed kunne vi raskt finne oss eit ledig rom med 3 sengeplassar og ei madrass på golvet.

Ankomst Gullhorgabu

Inne i annekset



Resten av dagen kunne nytast til å utforske området rundt hytta, slappe av, lese, spele spel og berre ta livet med ro. Utan dekning av nokon slag - vart det også automatisk fristund frå sosiale medie.  Ut over ettermiddagen vart vi rett nok litt rastlause og vi gjekk opp på ein fjellknaus i nærleiken på 1020 moh. Derifrå kunne vi sjå rett ned på Gullhorgabu, og vi hadde oversikt over alle innfartsårene til hytta. Allereie før vi gjekk, hadde det kome 10-15 overnattingsgjestar til hytta og sengeplassane var i ferd med å fyllast opp.




Oppe på utsiktspunktet, såg vi det kom stadig fleire gåande - 6-7 personar frå Høgabu, 5-6 personar frå ruta frå Småbrekke og brått oppdaga vi eit større følgje som gåande frå Vending. Vi talte ein 10-12 stykker. "Oj - her blir det fullt på hytta i natt! Jammen bra vi har fått oss sengeplassar!". Klokka var berre i 15-16 tida på ettermiddagen og det er framleis tidleg når det gjeld ankomst av gjester til DNT-hytter. Erfaringsvis kan det gjerne kome folk ruslande heilt fram til det blir mørkt. Og denne helga var det inga hyttevakt - noko som det gjerne brukar å vere. Korleis skulle dette gå?

Her oppe hadde vi full oversikt over alle gjestane som var på veg mot hytta. 

Vel nede på hytta, såg vi antydning til at kaoset var i ferd med å ta overhand, og vi fann ut at det berre var å hive seg rundt med middagslaging før det vart kø på kjøkkenet.

Og kø vart det - og endå fleire folk vart det! For oss som var tidleg ute, hadde etablert oss med sengeplassar og hadde gjort unna all matlaging - var det berre å sitje og slappe av i kaoset......




Fristen for å få dei førehandsbooka sengeplassane er kl 19. Kjem du etter det, kan du ikkje forvente å få senga di. Eit par av dei førehandsbooka sengene var framleis ledig då klokka var 18.55 og det sat nokre med store forhåpningar om at dei kunne få seg ei seng likevel. Men 2 minutt på 19 storma det inn ei dame som kunne fortelje at dei hadde booka 3 senger som dei skulle ha. Snakk om nedtur! Alternativet for dei forhåpningsfulle vart madrass på vaskerommet og i gangen...... Alle madrasser vart etterkvart tatt i bruk. Heldigvis var det fleire som hadde tatt med seg liggjeunderlag.

Endå seinare dukka det opp fleire åleineforeldre med barn - kor skulle desse sove? Medan eg var oppe på rommet vårt, kom det ei mor, lett desperat, stormande og lurte på om vi hadde plass. "Eeeehh, nei", sa eg og såg meg rundt på rommet, "vi har allereie ei madrass på golvet og det er ikkje plass til fleire der"  Ja, om vi ikkje kunne sove på tvers i senga...... Eg snudde meg og såg på køysenga og konstanterte: "Det blir vel ikkje akkurat noko greitt det då...." Fullt klar over at alle må vere fleksible på DNT-hytter og at ein gjer alt ein kan for at alle skal få plass, så får ein jo også litt dårleg samvit. Barnefamiliar skal prioriterast - men det var jo vi like mykje som dei. Og ikkje minst - vi hadde tatt konsekvensen av at det kunne bli fullt på hytta - og planla ein tidleg ankomst deretter. Denne mora var også klar over at det var fullbooka på førehand, men kom likevel dinglande med dotter si klokka 20 om kvelden. Kva kan ein forvente då og kva rettar har dei til å skubbe vekk andre som har vore tidleg ute? Ho gjekk temmeleg langt i å ville ta frå oss den ekstra madrassa vi hadde - og eg byrja å bli litt irritert. Heldigvis kom eg på at det truleg framleis var ledig i sofaen i opphaldsrommet og eg ba ho sjekke dette.

Andre som kom seint, innsåg raskt at her var det berre å finne seg ein plass på golvet når folk hadde gått til ro. Truleg var det nærare 70 overnattingsgjestar på hytta - og tru det eller ei: alle hadde ein eller annan plass å sove. Om det var komfortabelt? Nei, truleg ikkje, men alt går for ei natt! Og det skal seiast - det var lite sure miner å spore. Vi sat tett i tett i opphaldsrommet, kosa oss med spel, bøker og laurdagsgodt. I tillegg til gjestene i hytta, var det også 3-4 telt utanfor.



Neste morgon var det sjølvsagt tidleg aktivitet i hytta, og med mykje folk og lite kjøkken, så vi slo raskt frå oss å koke vatn til kaffe. Så etter ein rask frukost i hyttevegen, var det berre å starte på dagens turmål:

Gullhorgabu - Høgabu - Lid

På tide å ta farvel med Gullhorgabu. Litt vemodig - nok ein draum er oppfylt, men ville samstundes holdt på den litt til....

Turen frå Gullhorgabu til Høgabu startar med litt bratt stigning. Derettet flatar det meir ut, men det er småkupert med mykje opp og ned, før du startar på siste stigninga ned til hytta. Fint bergterreng å gå i, og sjølvsagt vakker natur. Det er 5 km mellom hyttene og etter 2,5 timar var vi framme.

Klar for siste nedstigning til Høgabu. Hytta ligg bak til høgre nede ved vatnet. 


Høgabu i Bergsdalen - også den tilhøyrer Bergn og Hordaland turlag

På Høgabu var det atskilleg rolegare atmosfære enn på Gullhorgabu. Det var ein 7-8 stykker som hadde overnatta, men det var framleis god plass der. Dei siste gjestene var i ferd med å vaske seg ut av hytta då vi kom. Vi kokte oss etterlengta kaffivatn og fann ut at vi like gjerne kunne lage oss litt varm lunsj samtidig. Då var vi gode og mette, og hadde rikeleg med energi til siste etappe.

Høgabu er ei eldre hytte enn Gullhorgabu - og har ei meir typisk DNT-hytte atmosfære. 

Frå Høgabu til Lid er det stort sett slakt nedover det meste av vegen, så det gjekk lett å gå. Etter 2 timars gange var vi nede ved vegen, og vi kunne gratulere oss sjølve med vel blåst hyttehelg!

Sjølv om det ikkje vart særleg fredfullt, så var det artig å observere korleis livet og atmosfæren på DNT-hyttene er når det er meir enn fullt. Vi høyrer jo mange historier om dette - spesielt på nokre av dei betjente DNT-hytte - skilnaden her var jo at det var ingen til å organisere kaoset. Men det gjekk utruleg fint - og trur ikkje nokon tok heilt skrekken! Likevel var i alle fall vi einige om at vi trivast best når det er sånn passe med folk, og får vi hyttene heilt for oss sjølv, så er det heller ikkje noko minus :)

Elles så må vi igjen skryte av turområdet Bergsdalen - Kvamsfjella. Som nemnt, var dette første turen vår dit - men her kjem vi garantert tilbake. Truleg allereie neste år om ting går som vi har planlagt!

Takk for no Kvamsfjella og Bergsdalen - vi kjem att!
Og har du ikkje overnatta på DNT-hytter før, så er det absolutt noko du bør prøve! 

1 kommentar:

  1. Så artig å lese! De fleste har vel noen historier om overfylte turisthytter, og en venn av oss skrev seg inn i hytteboka som "flatseng-konsulent" en gang. Men kaos blir det gjerne, spesielt på ubetjente hytter. Så blir vi kjent med hverandre når vi løser utfordringene.
    Takk for fine bilder og interessant tekst!

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!