tirsdag 3. september 2019

Det e'kje så bale å gå til Balabu! - dagsturhytta i Balestrand


Balabu - Balestrand si dagsturhytte på Balestølen

Årets bursdagstur gjekk til flotte Raudmelen (972 moh) i Balestrand. Den turen har vi gått eit par gongar før og blogga om, så den kan du ta ein kikk på i dette innlegget:


Men det som var nytt på denne turen, var at vi også kunne gå kunne passere den nye dagsturhytta i Balestrand 
- Balabu. 

Balabu på Balestølen i Balestrand - nesten så det går i ball når ein skal seie det ;) 

Hytta kom på plass i juni og vert offisielt opna i samband med Balestrand Opp 14.09.19. 

Karutsnitt - Balabu er den blå firkanten i biletet

Balabu er plassert på Balestølen (ca. 400 moh) - om lag 2,5 km gange frå Belehalli - idrettshallen i Balestrand. Fin og god sti med god merking, gjer at du kjem raskt fram til hytta 
- så det slett ikkje så bale å gå dit! 




Frå hytta er det god utsikt over Sognefjorden - og etterkvart - når dei får rydda litt fleire trær, også utsikt over delar av Balestrand sentrum. 



Vårt besøk på Balabu var dagsturhyttebesøk nr. 12. 

Mange stiar og turmål å velje mellom!

Har du tid, vil eg absolutt anbefale turen vidare til Raudmelen. Turen til Balebu og Balestølen er ein liten avstikkar frå stien til Raudmelen, men det er ikkje mange minutt ekstra du brukar på den avstikkaren!  

I staden for å gå same veg ned att, gjekk vi ned via Kalbakk og til Skåsheimdalen og attende til Kreklingen. Det er laga til eit eldorado av stinett i skogen/fjellet over Balestrand sentrum, så her kan du gå på kryss og tvers alt etter kva du ynskjer! 

På veg opp mot Raudmelen

Raudmelen (972 moh)

På Raudmelen står det også ei hytte
- eit prosjekt utført av nokre arkitektstundentar


Stølen Kalbakk (655 moh)


Og kvar gong eg er i Balestrand, så blir eg reint misunneleg på alle dei flotte fjellturane dei har i nærområdet!

Vi har gått nokre, og eitt par har vi også skrive blogginnlegg om:  

Men det er så uendeleg mange fleire turar å velje mellom.......Sukk!!!!