onsdag 14. august 2019

Solnedgang og -oppgang på Skåla (1843 moh)

Å vandre inn i solnedgangen med dei kjæraste du har - er ei oppleving du aldri gløymer! 

"Mamma, kan ikkje vi reise på Skåla og overnatte?" 
var spørsmålet frå dei to minste i fjor sommar. 

"Jo, klart vi kan!"
var svaret frå oss foreldre. 
Ungar som har lyst på tur, seier vi ikkje nei til! 

At det er Norges lengste motbakke, trur eg ikkje dei hadde reflektert så mykje over då. 


Men så var dette med litt kresne foreldre då.....
Visst kan vi reise på Skåla og overnatte på nye Skålabu, 
men då må det klaffe med: 

2 dagar til rådvelde
Aller helst fint vèr begge dagane
At vi får bestilt rom på førehand slik at vi er sikker på at vi får ein OK plass å sove

Det er ein kurant sak, sa du? 
Ikkje heilt.....

For med mange turar på ynskjelista, er det heile tida ei avveging mot kva som skal prioriterast. 
På 2 dagar kan vi faktisk få gått 2 andre turar i staden for berre èin!
Sol og tåkefritt er heller ingen sjølvfølge å få to dagar på rad. 

Og til sist: 
Skålabu er ein svært populær overnattingsstad og romma er som regel booka i god tid på førehand. 

Seinsommaren og hausten 2018 kom med mykje dårleg vèr, 
og Skålatur vart sett på vent til 2019. 

Men etter sommarferien 2019 der vi hadde fått gjort mykje av det vi hadde planlagt,
oppsummerte vi kva vi framleis hadde på lista over ting vi hadde lyst å gjere i 2019. 
Overnatting på Skålabu var ein av dei. 

Eg går inn og sjekkar kapasiteten på Skålabu på bookingen - 
og jammen - ei veke fram i tid var det mogeleg å booke eit ledig rom. 
Har vi tid og anledning? Ja, det hadde vi! 

Neste steg var å sjekke vèret - jo, det såg faktisk rimeleg bra ut også! 

Men ei veke er langt fram når det gjeld vèr - kan vi stole på at det held? 
Dei siste vekene hadde derimot vist at det hadde vore ganske stabilt vèrmessig, 
og vèrmeldingane hadde stort sett gått inn. 

Og det var noko i oss som sa at dette var sjansen vi venta på! 
Derfor var vegen frå vurdering til avgjerd ganske kort: 
Vi reserverte rom på Skålabu!
Ungane var veldig nøgde då vi informerte om dette neste morgon.

Og på turen klaffa alt 100 %:
Den vart alt det vi håpa på og litt til!!!

Om vi skal klage på noko, så må det vere at det nesten var litt for varmt...
å bære tunge ryggsekkar opp 1800 høgdemeter i sol.....
ja, det merkast for å seie det sånn! 

For det er ingen spasertur å gå Norges lengste motbakke!

Men i eit dikt heiter det:
"...om sekken er tung, 
og bakken er drøy,
fjelluften gjør deg da evig høy!...."

Og høg på fjelluft, så sleit vi oss til topps på Skåla (1843 moh).
Vel framme, kunne vi setje oss ute på Skålabu og nyte sola 
- og det gjorde vi, heilt til den gjekk ned litt over kl 22. 
Ei unik oppleving!





Det var det også å stå opp kl 05.00 for å få med seg soloppgangen! 
Du er nesten på ditt eige univers der du står  saman med 20-30 andre - 
sola kjem smygande opp i horisonten og nede i bygda ligg tåka. 
Kor gjerne ein skulle ynskt at slike augneblink varte endå litt lenger! 




Dei første solstrålane treff Skålatårnet



Og medan andre gjerne skunda seg ned att til bygda etter frukost, 
hadde vi all verdens med tid. 
Sol og kaffi i hytteveggen på Skålabu
medan vi såg på dei aller første morgonfuglane som tok seg opp til toppen.
Ei lita vandring bortover platået i retning Stryneskåla. 
Men litt vemodige måtte vi etterkvart innsjå at det også for oss var tid for å pakke sekken,
gje slepp på den vakre augneblinken
og ta fatt på den lange turen ned att.




Men med oss i sekken hadde vi eit døgn full av opplevingar, 
og som vil stå fram som eitt (av mange) høgdepunkt i 2019!

Dagstur til Skåla er fint, det - 
men overnattingstur med solnedgang og - oppgang er 1000 gongar finare! 
Prøv det neste gong!

Og hugseliste til oss sjølv (og andre) til neste gong: 
Skålabu er sjølvbetjent, så du treng ikkje bere med deg ALL mat opp til toppen. Hytta hadde eit rikhaldig proviantlager. 
Vatn må berast frå ca. 1400 meter, men reflekter litt over kor MYKJE du treng ;) 

Litt turfakta: 
Turen til Skåla og Skålabu er grundig omtala fleire stader (klikk på link), 
så den går eg ikkje nærare inn på. 
Startpunkt: Tjugen, 2 km frå Loen sentrum i Nordfjord 
Lengd: 16 km t/r
Høgdeskildnad: ca. 1800 m

Førstkomande laurdag går også det årlege arrangementet Skåla opp

Tidlegare blogginnlegg frå Skålatur: 
Ein dag - to toppar: Skåla (1840 moh) og Eggenipa (1338 moh)




Med utsikt mot Stryneskåla


Stor slitasje på Skålastien, så følg stien og gå i trappene!


Delar av stien er bygd av sherpatrapper - om lag 1000 trinn til saman! 
Skålabu sett frå innsida: 

Nede i første etasje er det 3 rom med køyesenger (det eine har køyer i 3 etasjer), medan det på hemsen er soveplassar i fellesrom:

Men her kan du reise seg opp og nyte utsikta ein siste gong før søvnen tar deg! 

Og til sist: utsikta frå innsida av Skålatårnet